Jump to content

Junell

Members
  • Posts

    284
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Posts posted by Junell

  1. Det kan jo være at stanga på utstøteren har begynt å skru seg ut. I so fall skal det gå greit å opne den om du bruker noko for å trekke låsinga ut av inngrep. Du veit, den lille fjærbelasta pinnen som låser mellom løpet og framkant av utstøterstanga.

    Dette er kun vill gjetting, det er vanskeleg å gjere anna utan å sjå på våpenet sjølv. :wink: Lykke til uansett.

  2. Junell- joda løpet er på plass i skapet det :)

     

    Skal nok greie å bomme på denna h#**** fryseteipen i år..

     

    Toppers! Eg hadde litt dårleg samvittigheit for at eg ikkje sendte melding når eg nærmast hadde insistert på å gjøre det.

     

    Bommme på frysetapen? Er det EIN ting ein er garantert å treffe so er det den forb#&%¤ frysetapen som går på kryss og tvers over alle blinkane. :lol:

  3. Sunnmøringer og frysetape? Nei takk, eg foretrekker* heller studieinnspurt i Bartebyen framfor tur til heimtraktene med tilhørende nederlag i feltløypa.

     

    @.30 Herrett: Fekk du løpet? Eg gløymde sjølvsagt å sende melding, det einaste eg greide å tenke på var burgeren som venta på Grillkroa på Oppdal.

     

    *Foretrekker er kanskje å ta i. Om eg hadde hatt tid til ein studiepause og råd til bensin på bilen hadde eg tatt turen tvert.

  4. Har dårleg trua på at du finn gode luftpistolar i butikkhyller i Molde i alle fall. Reknar med det er pistol du er ute etter sidan du nevner Gamo Compact. I Ålesund er ikkje lokalkunnskapen min god nok til at eg kan hjelpe deg med eit godt svar.

    Hald auge med finn.no, det dukkar av og til opp gode kjøp der. Ellers kan det kanskje være ein idè å sjekke nettbutikkar. Denne er kanskje litt over budsjettet, men det ryktas et det er eit veldig godt kjøp.

  5. Det einaste som manglar for å få ein lykkeleg feltsesong i M&R er at nokon gjer det samme med frysetaperullen til Vestnes PK. Men eg er for so vidt glad for at dei ikkje har kommet på å bruke tapetkniv i tilegg, då hadde vi vel fått utskjærte innersonar som var oppdelt i fjorten med BREI frysetape. :D

     

    Dette ble veldig OT, sorry for den!

  6. Jakter selv på averøy,er ikke så veldig lett å få jakta rådyr på averøya for "utabygds"da nesten hele øya er indelt i 2 storvald.Men hvis du har bekjentskaper innen jaktlaga så lar det seg vel fixe.....

    Veit du korleis avskytinga er på rådyr der? Eg veit om jaktlag andre plassar som ikkje bryr seg særleg om rådyra, og jaktar nesten utelukkande på hjort. Det kunne kanskje gått an å sneket seg inn på eit jaktlag for jakte rådyr, utan å blande seg inn i hjortehaustinga?

  7. Enkelte plasser er det vel so stor rådyrstamme at det vil være meir enn nok av dei, sjølv etter ein hard vinter. Både Averøya og Gossen er jo kjente rådyrparadis. Eg er ikkje kjent med om det er lett å få jakt der, men det skulle ikkje forundre meg at det let seg gjere.

  8. Eg trur ikkje det vil utgjere mykje å forandre på lovverket - på både godt og vondt.

    Eg har satt eit par (les:2) feltløyper i mi korte karriere som feltskytter, og har innsett at det alldeles ikkje er enkelt å sette ei løype som både underheld rekreasjonsskyttere og utfordrar dei meir seriøse. Men sjølv med dagens system er det ikkje umulig.

    Å opne for ekstra poeng for innertreff vil ikkje gjere det lettare å sette ei god løype, men det vil kanskje gjere det lettare for enkelte å finne "sin" måte å lage ei god og underhaldane feltløype, altså større valgfriheit. Eg ser ingen potensielle problem med regelverket om ein velger å opne for dette, men eg ser heller ikkje problemer med dagens system.

    Når det er nevnt, er eg heilt enig i at det er uforholdsmessig mange A-skyttere. Eg har rota meg opp i den klassen sjølv i enkelte greiner, og er fortsatt lettere sjokkert. Eg er fortsatt av den opfattinga at det går bra å skille gode og veldig gode skyttere med dagens regler utan å måtte ty til rangering, og vi bør kanskje anstrenge oss litt hardare for å greie nettopp dette. Men om det blir lettere for noen å sette gode løyper ved å opne for poeng ved innertreff so ser eg alldeles ikkje nokon grunn til å nekte for ei lita regelendring.

  9. Enig med Kjell Olav - Mitutoyo fungerar alltid. Sjølv har eit eit gammalt tysk (hugsar ikkje fabrikat) til privat bruk, men brukar stort sett Mitutoyo i arbeidstiden. :)

    Analoge mikrometer står ikkje tilbake for digitale, men avlesing kan være litt ekkelt dersom du ikkje er vant til det.

  10. Eg har ein mistanke om at eg bannar i kirka no, men la gå. Tenkte eg skulle lage bacalao i morgon og har allerede invitert folk på lag. Men eg har desverre ikkje hatt tid til å komme meg ut for å kjøpe klippfisk, ergo får eg ikkje tid til å vatne den ut. Veit dykk om det er mogleg å få tak i ferdig utvatna klippfisk i Trondheim? I så fall ha det vore ei fin nødløysing, om ikkje må nok gjestane nøye seg med noko anna.

  11. Låner denne tråden litt eg!

     

    Korleis er handvåpenutvalget, brukt og nytt, i desse butikkane?

    Er i Bærum i ein konfirmasjon, og får nokre ledige dagar tidleg i veka eg tenkte eg skulle nytte til shopping. :D

     

    (Pakka våpensøknad og spes.pistolkasse i sekken, tenkte å sjå meg rundt etter noko som kunne passe!)

  12. Bare so det er nevnt: Ingen av dei eg har er so store at det byr på problemer ved vanleg lading. Har aldri slitt av randa på .223 hylsene mine, sjølv når eg har slurva litt med smøring..

    Eg reknar med at begge mine ligg innanfor produksjonstoleransen, men det er jo ikkje dermed sikkert at din er a-okay for det... :wink:

  13. Har ikkje hatt det samme problemet, men eg har to hylseholdere fra LEE til .223 og den eine er litt romslegare enn den andre, både i "høgde" og "bredde".

    Mini-14en min er ikkje heilt snill med hylsene og lager ein "bulk" der utstøteren treff hylsebotnen - og ved omlading av hylsene er den eine av hylseholdarane klart meir tilgivelig for hylser som har fått juling.

     

    Edit: Typo

  14. Om dei har ei 20 meters bane so har dei jo ei bane som er meir enn bra nok til å trene på feltskyting. Kanskje det er moglegheit til å skyte på 10 meter der òg? :wink:

    NSF har jo faktisk program som ikkje krever 25 meters bane.

     

    Men eg ser kva som er tanken til trådstarter - Og tanken til "opposisjonen" her.

    På mange måtar har alle litt rett... :)

  15. Sjå der ja... No antek eg at eg ikkje treng å legge ut dei eg har teikna lengre? :wink:

    Nokre av dei du har her liknar jo faktisk fælt på dei eg har teikna. Men eg lagde òg nokre enkle slik at dei blir litt større, slik at eg kan variere avstandane. Fant ut at to stk på eit A4-ark vart i minste laget dersom man ville ha litt avstand. :)

     

    Edit: Typo..

  16. Eg har sovidt begynt å bruke kombinasjonen Paint, skriveren på jobb, 3M-lim på sprayboks og grandisemballasje til feltblinkar for trening.

    Tegnar altså ein passeleg blink og printar den ut på vanleg papir, limar den so på papp for at den skal bli litt stivare slik at den ikkje blir revet i stykker av kulene.

    Funkar fint som fy! Ganske lettvint, og veldig billig! :D

  17. Si du har 12 øvelser totalt (4 pistol, 4 rifle, 4 hagle). Den enkelte må da velge 6 øvelser og det er totalsummen som avgjør.

     

    Dette synest eg høyres ut som ein fin måte å gjere det på. Då blir det i alle fall eit stevne for "alle"! :)

     

    Einaste problemet er at det blir veldig vanskeleg å sette rett vanskelegheitsgrad på dei forskjellige øvelsane. Dersom pistoløvelsane er litt for enkle vil jo det favorisere pistolskyttere..? (Pistol som eksempel, det samme gjeld sjølvsagt for rifle og hagle òg.)

    Ikkje sikkert det blir noko problem, men ein konkurranse kan oppfattes som litt urettferdig dersom ikkje alle skyt dei samme øvelsane.. :wink:

     

    Men for MIN del ser eg gjerne at pistoløvelsane er tåpeleg lette! Skulle vurdert å stille dersom eg hadde sjans til å treffe eit eller anna, men med rifla eller hagla gjer eg alt anna enn nettopp det! :lol:

×
×
  • Create New...