Jump to content

Junell

Members
  • Posts

    284
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Posts posted by Junell

  1. Det veit eg ikkje, eg skyt egentleg ikkje MS. Men eg er heilt sikker på at du snart får eit godt og utfyllande svar frå den faste MS-gjengen her på kammeret. Dei veit heldigvis mykje meir om dette enn meg. :D

  2. Saksa rett frå Wikipedia. :wink:

    Uredigert og rotete, men du finn alltså kilden her.

     

    Silhouette sizes (full størrelse):

    Chicken Pig Turkey Ram

    Width 13 in (33 cm) 22 in (56 cm) 19 in (48 cm) 32 in (81 cm)

    Height 11 in (28 cm) 14 in (36 cm) 23 in (58 cm) 27 in (69 cm)

     

     

    Equipment Chicken Pig Turkey Ram Scale

    Large bore rifle 200 300 385 500 full

    Small bore rifle 40 60 77 100 1/5

    Air rifle 20 30 36 45 1/10

    Cowboy rifle 50 100 150 200 1/2

    Cowboy pistol 40 50 75 100 1/2

    Large bore pistol 50 100 150 200 Full

    Small bore pistol 25 50 75 100 3/8

    Field pistol 25 50 75 100 1/2

    Air pistol (yds. only) 10 12.5 15 18 1/10

  3. Litt OT dette men hva er det som gjør en dobbelt rifle så sykt dyr?

    Kortversjon: Det kreves som regel meir arbeid å sette sammen ei dobbeltrifle. Dette kombinert med at produksjonsantalet er lavare gjer at prislappen blir høgare.

     

     

     

    Enda meir OT:

    Bestiller du dobbelt rifle kan du fort ende opp med 2 stk. boltrifler vet du.

    Stem Nei! FAMFBAODR (Folkeaksjonen mot feil bruk av orddelingsregelen)

    Orddelingsfeil? Er du sikker? Eg ser ikkje ein einaste orddelingsfeil her. Men det hender seg jo at det rotes litt med sær skriving. ;)

  4. Eg har null praktisk erfaring med dette kaliberet sjølv, men eg har lest litt om det. Det som går igjen er at ein "rein" 375-06 eller 375 Whelen lett kan få problemer med patronspillet (headspacing). Men det finnes versjonar med skarp skulder og rettare kropp som visstnok skal kurere problema, altså ein 375 Whelen Al.

     

    I følge ladetabellen i Cartridges of the world opererar dei med følgende tal for ein 375 Whelen AI:

    200gr kule i 745m/s

    235gr kule i 755m/s

    270gr kule i 725m/s

    300gr kule i 645m/s

     

    Det ligg dessuten eit lite minne å skurrar i bakhodet mitt om at kanskje R.Hansen har bygd ei børse eller to dette i kaliberet. Men dette er eg altså svært usikker på.

     

    Dette var kanskje ikkje mykje til hjelp, men eg gledar meg til å følge med på kva som kjem fram i denne tråden. Eg har lenge fantasert om kaliberet sjølv, men so langt har det blitt med tanken. :)

  5. (...)Ring til Ragnar Hansen, han tar 815,- kroner for et laminatemne.(...)

    Ser man det. Eg har kjøpt slikt der før, for 8-10 år sidan, men eg meinar å hugse at prisen var minst like høg då. So eg rekna igrunn med at dei laminatemna hadde steget til over tusenlappen og dermed var langt utanfor budsjett.

    Men 815,- pluss frakt blir jo likevel over det eg må betale om eg bestiller frå junaiten.

     

    Eg har vurdert å lage laminaten sjølv, og vurderer fortsatt. Men det kjem an på pris på ferdig laminatemne og utvalget av kvistfri plank på heimgarden.

     

    Kryssfinér er eg litt usikker på. Eg har ein snikende følelse av at det lett er både kvist, fliser og mykje dårleg ved i kryssfinérplater?

  6. Eg vurderar å lage eit skjefte i løpet av hausten og vinteren, og då er eg på jakt etter emne i laminat. Men sidan eg for tida har lånekasseøkonomi er det viktig at det blir billig. Eg er derfor usikker på om eg bør bestille på nett, frå Boyds eller noko slikt, eller om det blir billigare om eg kjøper her til lands. Boyds skal ha $40 for ein plank, men med frakt passerar det $100. Veit nokon om det finnes billigare å få kjøpt her på bjerget, eventuell frakt inkludert?

  7. Skal du holde deg under 8000 med børsemakerarbeid og kikkertsikte, så er nok ombygging av ei enkeltløpet hagle eneste vei å gå.

     

    Dette er ein bra tanke. Ei enkeltløpa hagle med innstikksløp i f.eks. 30-30 med demper fyller vel dei satte krava, dog med overlydshastigheit på rådyret. Eg har sett eit par snertne slike "veslebørser" og vekta er ikkje so veldig langt unna 3kg. Om ein kapper hagleløpet ned mot 40cm kan ein la innstikkspipa stikke ut foran for gjenging av dempar.

  8. Som dei fleste andre her ville eg gått for .45 Win.mag. Det burde gå fint å variere ladningane frå harde sub.ladningar med tung kule, til relativt flattskytande overlydsladninger med ei lettare kule. (med trykk på relativt)

     

    Å bruke pistolmagasin høyres ut som ein god idè:

    AMT hadde jo autopistoler i dette kaliberet, men eg har på følelsen at det ikkje er lekende lett å finne magasiner til den. Men Numrich har i alle fall magasinedeler.

    Wildey finnes jo òg i det kaliberet, og jammen her dei ikkje heimeside med prisinfo òg. Dog, den ser gammel og lite oppdatert ut...

    Ellers kaaan det jo hende at .44 eller .50 magasinet til ørkenøgla lar seg modifisere til å mate bra med .45 win.mag.

     

    Sidan trådstartar er rimeleg sikker på kva løpsemne han har, so vi treng vel ikkje legge ut om kaliber eller misforståelsar om kaliber som brukar .458-kuler. :wink: Men som 20mm Cannon prøvar å få fram, so bør du være heilt sikker på løpsdiameteren før du sett brotsjen i stålet.

     

    Ps: Få ut fingeren, sett i gang og gje oss BILDER!! :D

  9. Har dere et kruttmål som gir så eksakte ladninger hver gang :?:

     

    Om ikkje målet er so nøyaktig so kan det fortsatt tenkas at krutdrypparen det. :wink:

     

    Edit: Når det først skal nevnes er eg skrekkeleg godt fornøgd med mi RCBS 5.0.5. Den er langt meir nøyaktig enn ei standard digital vekt med tidelsavlesing i alle fall. Med trening ser ein lett om ein ligg innanfor langt mindre enn dei +/-0.05 gr som brorparten av digitalvektene opererar med.

     

    Edit MkII: Kommafeil i første edit.

  10. (...) har planer om å kjøpe meg mitt eget våpen til våren slik at jeg får trent på lerduer med det over sommeren (...) skal bruke ca 10,000 kr på ett våpen. (har hørt man må ut med det får å få ett tillpasset våpen)

     

    Eg ville bare nevne eit synspunkt. Det er sjeldan vits å få tilpassa ei hagle om du ikkje har skote ein god del med hagle frå før. Som fersk skytter er det veldig sjeldan at ein kaster opp hagla dønn likt kvar einaste gang, og du vil ikkje ha maksimalt utbytte av eit våpen som er skreddersydd deg. Difor vil eg råde deg til å vente med å tilpasse hagla til du har fått ein god del skot og mykje tørtrening "i kroppen". Altså: Finn deg ei hagle som passar deg bra, men sett igjen litt pengar og vent med fintilpassinga.

    Lykke til med haglevalget kompis! :wink:

  11. Eg meiner då at fleire medlemmar i "den andre" pistolklubben i byen har fått innvilga søknad på magnumvåpen. Det ville forsovidt ikkje vore første gangen at trynefaktor gjer seg gjeldane i skranken hos lensmannen der i byen. :?

     

    Edit: Skrivefeil, og litt til...

  12. Liker forresten også Ladeboka fra Lee.

    Boka frå LEE er super. Den har ikkje alt av nordiske kuler og krut, men nok til at den er eit veldig godt tilskot i ladebiblioteket. Dessuten har den dimensjonsteikningar av dei patronane det er oppført ladedata til, noko som er veldig fint når ein sit å dagdrøymer om eit supersært våpen-/patronprosjektet som verden heldigvis ikkje er klar for enda. :lol:

     

    (...)Men en får aldri nok bøker (være seg ladebøker eller andre:-))

    Amen. :D

  13. Pass på at det heile tida er tilnærma like mykje krut i krutmålet. (AKA magasinet, røret, tanken, osv.) Det er òg ein god idè å kassere dei første posjonane med krut etter krutpåfylling, eg tømmer dei første fire, fem, seks rett attende i krutmålet for dei er som regel ujamne. Ellers går det meste på å gjere nøyaktig den samme bevegelsen med handa kvar einaste gang, altså god gammaldags fingerspitzgefühlen. :wink: Lugginga har eg ikkje funnet nokon god kur mot, men den òg likar eg å tru blir betre med erfaring.

     

    Du får forresten kjøpt ein "baffel" som lisom skal gjere krutmålet litt jamnare. Eg har ikkje erfaring med denne, men kunne gjerne tenkt meg ein for å teste. Altså, det kan jo ikkje bli meir lunefullt enn kva det allerede er. :)

     

    images?q=tbn:ANd9GcRopz3m5ou5yMy-zwvgcUmwujdY7pHH8T5DGojaQdfVgol6vV0&t=1&usg=__taBvmJ9x487-CNKKYpiQi-Pv_K0=

     

    Forså meg rett altså, eg er veldig fornøgd med krutmålet mitt, sjølv om det er litt humørsjukt. :wink:

  14. Wadcutters er døden, i alle fall for dei kuleuttrekkingshammarene eg har hatt. Eg har eit lite lager med hammere der mutteren har sprukket. Å banke ut mange 150gr wadcuttere frå ein .38 er nesten klin umulig, sjølv om dei ikkje er krympa.

     

    Eg har vurdert å lage ein über-super-heavy-duty-mean-machine-hammer i stål, slik at eg slepp å ha plasthammere på toboks. :?

  15. For å ta børemakernes side: Eg veit at mangre brukar å vente med enkelte "drittjobbar" til dei har fått nok våpen i hus til å kunne gjøre det effektivt. Altså at dei ikkje beddar/monterar lyddempar/borrar og gjengar for kikkert/osv. ei enkelt børse, men ventar til dei har fått fleire slik at dei sparar tid på opprigging og andre dikkedarier. Dette gjer det litt vanskeleg å forutsjå når ein kjem til å gjere jobben, sidan dei ikkje kan spå kor mange like jobbar som dukkar opp den neste tida. Om vi hadde betalt nok til at dei kunne tjent greit med pengar på å gjere ein enkelt jobb, so ville kanskje meir av arbeidet vore gjort til avtalt tid?

     

    Her er eg heilt enig med Shadob, kven av oss har ikkje betalt ein bilverkstad 6-8000,- utan å blunke, men samtidig rynket på nasen når børsemakaren har krevd ein liten tusenlapp?

  16. (...)18 grain med N110 og 180 grains TMJ kule. Munningsenergien er da 1500 joule. Hastigheten 460 meter per sekund. Kula faller bortimot 3 cm på 100 meter så den er rimelig flattskytende. (...)

     

    Er du sikker på dette? Eg synest det høyres litt vel flatt ut. I følge PCB er kulefallet på ca. 18 cm på 100m. Då med ein BC på 0.3

×
×
  • Create New...