Jump to content

Junell

Members
  • Posts

    284
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Posts posted by Junell

  1. Ein smule "håfftåppikk", men pytt sann:

    Er det noko vektbegrensning på frontrester?

     

    Har eit eg lagde for ti år sidan, og det veg like mykje som ein liten bil. Men eg har aldri skutt BR, bare brukt den til ammotesting i jaktrifler. Og det funkar den fint til, men eg tenkte ikkje so langt at eg la inn hurtigjustering for høgda. Og eg hadde ståltrua på at fingjenger, altså FINgjenger, var tingen for justeringsskuen - so eg må nesten ta meg ein liten kvil etter at eg har stillt inn høgda, slik at pulsen får roa seg igjen! :lol:

  2. Har fått og lest denne:

    The Classic British Rook and Rabbit Rifle

     

    9781861268808_m_f.jpg

     

    Ei veldig bra bok! Den tek for seg "Rook rifler" (Småkalibra enkeltskuddsvåpen som var beregna til småviltjakt.) Boka er rik på informasjon om dei forskjellige konstruksjonane som vart brukt, og har fleire bilder som viser korleis mekanismane er oppbygd.

    Anbefales!

     

     

     

     

    I samme pakka kom òg:

    Cartridges of the World

     

    511d6b3iWFL._SL500_.jpg

     

    Som er ei super oppslagsbok for forskjellige patroner.

     

     

     

     

    Standard Catalog of Smith & Wesson

     

    51T4K6okn4L._SL500_.jpg

     

    Fin for S&W-entusiasten! Opplisting av alle(?) Smith-modellar og variantar som har blitt produsert opigjennom tida. Kjekk å ha dersom man vil finne alder på ein S&W revolver.

     

     

     

     

    Dangerous-Game Rifles

     

    51kS1jUZlWL._BO2,204,203,200_PIsitb-sticker-arrow-click,TopRight,35,-76_AA240_SH20_OU01_.jpg

     

    Likte ikkje denne. Sterkt farga av forfattarens meiningar - det står altså mykje om koleis forfattaren vil at slike våpen skal være, og lite fakta og teknisk info om våpena.

    Sikkert super om man les den med ei anna forventning enn det eg hadde.. Ei grei nok jaktbok, ikkje ei våpenbok!

    (Lite bilder var det òg! Hummph.. )

  3. Sjølv når man sit på eit middels overdådig gullhotell i Qatar bør man unne seg den luksusen det er å lese om feltskyting på Vestnes! :wink:

    Dessuten har vel slike nyrike aluminiumssjeiker som deg råd til å betale såpass for gleda? Tenk på oss fattige C-skyttere her heime, vi må snylte på nettet til naboen for å få råd til ammunisjon! :D

  4. Ja, det burde vel gå an å finne ei "attlege" der man kan trekke holdet ut til 600-800 meter i alle fall..?

     

    Ein anna måte å gjere dette på er jo å sette ut gongar på skjær og småholmar. Vi har vel haugevis med plassar ute langs kysten som er skjerma frå folk flest, og både folk og gongar kan jo alltids skyssas ut med båt.

     

    Eg har ikkje erfaring med langholdsskyting frå før, men kunne gjerne tenkt meg å bli med dersom nokon fekk til ei lita samling.. :D

  5. Øhhmmm.. Dumt spørsmål: Må man avklare kva klasse man skal skyte i på forhånd eller kan man henge seg på i nye klasser etter kvart?

    Kan eg stille i fleire klasser med det samme våpenet? F.eks både jeger- og sporterklasse med den eine rifla mi?

  6. Bare so det er nevnt, eg tok det OlavM skreiv som ein vennleg spøk og svara deretter. :D

     

    Har eg sett lyset? NEI

    Er det noko eg ikkje har skjønt? JA

    Er det noko eg HAR skjønt? Egentlig ikke.

     

    Det er hyggeleg at erfarne skyttere er so rause med råd og tips! :lol:

     

    Ja hvor ofte har du to rekker med blinker rett over hverandre da?

     

    Det er jo ikkje ofte dei står heilt rett over kvarandre. Og det må jo alltid tilpasses litt, det var grunntanken eg ville fram til.

    Eg kan nevne eit eksempel: På ein standplass var det fire figurar so sto i "diamantformasjon" på den samme bakplata. Den øverste var markant større enn resten av dei. Vanlegvis ville eg begynt i den store blinken og skote tre ganger før eg flytta til neste blink, deretter satt eit skot i kvar av dei andre enten med eller mot klokka. No begynte eg nederst og skaut nede-høgre-oppe, so flytta eg ned igjen og skaut nede-venstre-oppe.

    Muleg at måten eg har gjort det på før har vore dårleg, men då var tanken: "Start i ein stor" og "flest skot i dei store". No var den "Skyt oppover".

     

     

     

    Men kjekt uansett å skyte fullt - det er vel på sin plass å gratulere siden det er første gangen. :D

     

    Takker! Eg synest i alle fall det var veldig kjekt å endeleg fylle! :D

  7. Heisann!

    Eg var på eit feltstevne i dag, og hadde ein liten ahaopplevelse.

    Vanlegvis har eg brukt å starte med den største blinken, for å kunne ha eit kjapt førsteskudd. Det er for at eg ofte brukar alt for lang tid dersom eg må finsikte på ein liten blink på det første skotet. Føler at det er enklare å treffe små blinkar når eg først har "kommet i gang".

    Deretter har eg brukt å skyte nedanfrå og oppover, og frå høgre til venstre. Altså i "rekylretninga" til våpenet. Blinkar som skal ha fleire enn eit skot i seg (dei store) skyt eg ferdig før eg flyttar til neste blink.

    Fallfigurar har eg brukt å sette igjen til slutt, slik at eg ikkje øydelegg fokuset mitt totalt dersom eg bommar.

     

    På eit feltstevne i påska prata eg sovidt med ein dyktig trønder om rekkefølga på blinkane. Han sa at han alltid skaut nedanfrå og oppover, utan å stoppe på dei blinkane som skulle beskytas med fleire enn eit skot. Når han nådde toppen flytta han ned igjen for å skyte ei ny rekke oppover. Slik fekk han stort sett kun ei forflytning mot rekylretninga, i motsetning til meg som beskyt den samme blinken fleire ganger før eg flyttar videre.

     

    Eg har jo sjølvsagt tenkt og grubla på dette. Kanskje dette er det som endeleg skal gjere meg til ein god feltskyttar?? :lol:

    So i dag tenkte eg at eg skulle prøve.. Eg gjorde som han hadde anbefalt - starta konsekvent på den nederste blinken og skaut meg oppover, når eg nådde toppen flytta eg meg ned igjen eit stykke for å skyte ei ny rekke. So i dag har eg gjort stikk motsatt av det eg har brukt å gjere: Eg har starta på fallfigurar og små blinkar der desse sto nederst. Eg har ikkje brydd meg med å skyte flest skot i dei store blinkane, eg har kun skutt meg "oppover" utan å returnere til den samme blinken eg nettopp har skutt på, samme om blinkane har vore store eller små...

     

    Og i dag fyllte eg jammen ei feltløype for første gang i mitt liv! :shock:

     

    Dermed har den taktikken eg har brukt ei god stund rakna heilt, og no veit eg jammen ikkje kva eg skal tru på. :?

    Har eg gjort det på ein dårleg måte før?

    Var det bare flaks? (Sjølvsagt, sammen med ei ganske enkel løype.. Men likevel då!)

    Har eg sett lyset?

    Er det noko eg ikkje har skjønt?

    Er det noko eg HAR skjønt?

     

    Sukk...

  8. Er det vanleg at røyer blir slik? Hugsar då eg var gutungen, då var det ei som kom ned til heimgarden to-tre år på rad. Den var heilt umuleg å jage vekk. Kunne til og med klappe den utan at ho brydde seg nevneverdig.

     

    Artig opplevelse! :D

  9. Greier ned mot +/- 0.1-0.2 med RCBS sitt Uniflow. Men det er avhenhig av at man har tilnærma lik krutmengde i det heile tida, og at man ser vekk frå dei første 3-4 krutdosane etter at man har helt på meir krutt. Skjønt, eg har ikkje "baffel" i krutmålet mitt. Har tenkt lenge på å kjøpe, men det har liksom aldri blitt.. Spent på å sjå korleis ein slik virkar på repetisjonsnøyaktigheita..

    Det er altså meir enn nøyaktig nok til "vanleg" bruk dersom man ikkje har det travelt.

  10. Eg har akkurat kommet fram til at det er på tide at eg oppdaterar bokhylla mi. Det er våpenbøker som er tingen, og gjerne bøker som går litt mer i dybda enn dei som tar oss frå flintøks til flintlås til supersniperrifle og atombombe på kun hundre og tjue sider! :?

    Helst bøker der man kan sjå dei forskjellige stilartane, forskjellige mekanismer og låsekasser, studere ymse siktevariantar og kvartskinner som man kan drøyme om å ha på den neste custombørsa eller revolveren(!)..

    Eg finn jo forskjellige bøker på forskjellige nettbokhandelar, men det er so vanskeleg å vite kva som er bra og kva som er bare piss.

     

    Har søkt her på kammeret, men eg kan ikkje finne nokon trådar med anbefalingar om våpenbøker, so no er det kanskje på tide at det dukkar opp ein?

     

    For min egen del er det bøker som omhandlar "klassiske" våpen som er mest intressant, altså svart stål og treverk. Når det gjeld våpentypar er eg veldig liberal - Eg finn hagler, handvåpen og rifler akkurat like fasinerende.

    Og tek meg sjølv i å tenke varmt om både boltrifler, brekkvåpen, enkeltspennere, fallblokker, autopistoler og rulleblokker med lik frekvens! :D

     

    Har akkurat bestillt The Classic British Rook and Rabbit Rifle

    Om den var verdt pengane skal eg komme attende til når den dumpar ned i postkassa!

     

    So om du har ei våpenbok du vil anbefale, kom gjerne med det her! Og det skadar heller ikkje med ei setning eller to om kva den omhandlar eller kvifor du vil anbefale den.. :wink:

  11. Dato, Mrk., Arrangør, Kontaktperson, Telefon, Møtested, Påmelding, Pris sr./jr., Stevnekode

     

    Jaktfelt S&F:

    8. mars., Eid jfl, Kjell Magne Åshamar, 48145934, Hunvikfjellet, 10.00-12.00, 150/100, 09JF1201

    15. mars., Eid jfl Kjell Magne Åshamar, 48145934, Hunvikfjellet, 10.00-12.00, 150/100, 09JF1202

    26. april., 1 Karmøy, JFNF, Jon Vedø, 91616760, Blikshamn Rogaland

    2. mai., Hyen jfl, Geir Kjetil Aa, 91869355, Aa-bakkane, 10.00-12.00, 150/100, 09JF1203

    1. juni., Stryn og Hornindal jspfl, Bjarne Skrede, 91616403, Rand, 10.00-12.00, 150/100, 09JF1204

    5. juli., Bryggja jfl, Magne Husevåg, Bryggja, 10.00-13.00, 150/100, 09JF1205

    9. aug., 2 Førde jfl, Geir Vie, 93068906, Kråkenes marka, 10.00-12.00, 150/100, 09JF1206

     

    Jaktfelt M&R

    14. feb., Sunndal JFF, Reidar Strand, 92277860, Musgjerd, 11.00-13.00, 150,-, 09JF1801

    8. mars., Averøy JFF, Otto Roaldsøy, 09JF1802

    14. mars., FM Sunndal JFF, Reidar Strand, 92277860, Musgjerd, 11.00-13.00, 150,-, 09JF1803

    26. april., Herøy & Sande JFF, Bjarte Rovde, 95199348, Løkkemyra Skytebane, 12.00-14.00, 150,-/100,-, 09JF1804

    1. mai., Averøy JFF, Otto Roaldsøy, 91158796, 11.00-13.00, 09JF1805

    3. mai., Surnadal JFF, Magnar Strand, 97526068, Angråmyra, 10.00-12.00, 09JF1806

    9. mai., Ørsta JFF, Kjell Gunnar Dalseth, 91858582, Sollidalen, 11.00-13.00, 150,-/100,-, 09JF1807

    10. mai., Volda JSL, Bjørnar Osnes, 91369330, Sollidalen, 11.00-13.00, 150,-/100,-, 09JF1808

    24. mai., Tingvoll JSFL, Svein Skar, 90261016/91374140, Meisingset skytebane, 10.00-13.00, 120,-/100,-, 09JF1809

    21. juni., Tingvoll JSFL, Svein Skar, 90261016/91374140, Meisingset skytebane, 10.00-13.00, 120,-/100,-, 09JF1810

    16. aug., Ørsta JFF, Kjell Gunnar Dalseth, 91857582, Sollidalen, 11.00-13.00, 150,-/100,-, 09JF1811

    16. aug., Herøy & Sande, JFF Bjarte Rovde, 95199348, Løkkemyra Skytebane, 12.00-14.00, 150,-/100,-, 09JF1812

     

    (Litt uoversikteleg kanskje, men eg orka ikkje å gjere so mykje med den.. Laurdagskveld veit du, latskapen min har satt inn for fullt! :lol: )

  12. I dag var eg på ei lita sammenkomst oppe i Romsdalen. Det var vel ikkje heilt som jaktfelt i ordets rette forstand, fem standplasser, alle liggende med veldig romsleg tid. Pluss at dei var ganske tolerante når det gjald våpen og utstyr.

    Det er første gang eg har prøvd meg på noko slikt, og det var jo grisemorro! :D Og sjølvsagt frista det til gjentakelse!

    Har søkt litt på nettet, men finn lite informasjon om jaktfeltskyting i området. Er det nokon som har oversikt over kva som finnes av slikt her på nordvestlandet?

    Er for so vidt ganske mobil, so eg har ikkje betenkelegheiter med å ta turen eit stykkje over Trøndelagsgrensa eller sovidt innom Oppland dersom det er nærmaste alternativ..

  13. Eg har ein innvilga søknad for spes.pistol i .22 liggande eg òg. Sjølv har eg sånn halvvegs bestemt meg for ein Cheetah. Sjølv om den er so vanleg at det grenser til det kjedsommelege. :wink:

    Kunne jo sjølvsagt gått for ein kappa X-esse, men det var desverre ein kar som trua meg med juling dersom eg nokon gang kjøpte ein slik - so eg tør ikkje! :lol:

     

    Noen som har en Browning Buckmark Micro Plus? Den burde ha potensial.

    Har faktisk tenkt tanken.. Men går den i høgda?

  14. Å bruke gripepasta/ventilslipepasta på tuppen av skrujernet er eit gammalt sjørøvartriks. Det fungerar som oftast veldig bra.

    Skjønt, eit godt tilpassa (slipt) skrujern er alltid eit must. Samt å sette fast våpenet på ein måte som gjer at man får brukt full kroppstyngde på å halde skrujernet godt nede i sporet.

  15. Men hva on noen lurer en magnet inn mellom ty-skoene dine rett før ild. Opp får du den vertfall ikke :D

    Sabo frå nordmørsmafiaen tok eg sjølvsagt hensyn til då eg laga vekta. Det er ein rustfrikvalitet som magnetar ikkje "bit på" i det heile tatt! :D

×
×
  • Create New...