Jump to content

Junell

Members
  • Posts

    284
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Posts posted by Junell

  1.  

    Hey-hey! Om vi ser vekk frå heilstokken er jo dette noko av det mest sexy som har blitt nevnt her nokon gong. Ei nett lita Remington 7 i .35 Remington, med ein passe stor kikkert ha vore frikkin' magisk. Dog kanskje ikkje den heilt store elgveltaren.

     

    (Om ein skal skeie heilt ut so kan ein jo sette på ein lavprofilavtrekker beregna på xp-100 med dertil nedkorta magasin og eit superslankt skjefte)

  2. Tja, eg ha i alle fall ikkje skote betre med finpistolen om eg ha brukt begge hender. Eg har alldeles ikkje noko matchvåpen og eg har ikkje eingong anatomisk grep. Men likevel skyt eg einhands der eg har moglegheit for det, fordi eg skyt betre med finpistolen når eg brukar ei hand. Eg har til og med empiriske bevis for påstanden - ei mengde resultatlister der de ikkje finn navnet mitt øverst, tvert om faktisk.

     

    Tvungent tohandsgrep vil ikkje bety mykje for dei som ikkje kan skyte tohands grunna fysiske forutsetningar. Ei enkel legeerklæring er alt som trengs.

  3. Tror neppe reduserte løyper er veien å gå da ei løype ofte starter med en meget enkel standplass nærmest som innskytning og videre innehar/ hurtig/beste hånd/liggende og da er 4 standplasser besatt allerede. De resterende 6 trengs med tanke på variasjoner og stigende vanskelighetsgrad der 9-10 for å virkelig skille.

    Forandringer jeg gjerne skulle sett var dreining mot kortere tider fremfor gode tider på knøttsmå mål og prikkskyting og da faktisk gjennomsnittlig større blinker. Videre bruk av sentrumssoner hele veien for å skille. Eneste klassene som jeg ser det som trenger dagens tider er magnum klassene.

     

    Kvifor velge mellom store blinkar og kort tid eller prikkskyting på lang tid? Er ikkje sjarmen med felt å beherske begge deler? Drømmefeltløypa har hold som utfordrar oss på både tid og presisjon, der ein nybegynnar er fornøgd med at han traff mesteparten og ein toppskyttar verkeleg har anstrengt seg for skyte opp mot fullt. Med å ha ein eller fleire store blinkar på kvar einaste standplass, samt eit og anna frimerke vil dei fleste treffe mykje, men få treffe alt. Det er veldig sjeldan bra å ha halvstore blinkar og halvdårleg tid som gjennomgangstema i ei feltløype, slikt er dritvanskeleg for dei ferske og simpelt for dei gode, og det er dei gode skyttarane vi skal være jævlige med. ;)

     

    Men dette ble jo hofftåppik både for tråden og for sitatets del... Påsporing: Ad variasjon og skilling av skyttere går denslags brillefint i ei halv løype, sjølv om det er enklare når ein har ti standplassar å være ekkel på. So lenge ein planlegg standplassane litt ser eg ikkje noko problem med å lage både variasjon og skille mellom skyttere på fem standplassar. Innertreff er igrunn veldig gøy, men det er alldeles ikkje nødvendig med slikt for å skille dei gode frå oss andre. Å bruke rangering for å skille dei 8-10 beste synest eg er dritkjedeleg.

     

    Halve løyper er både òg. Det er alltid bra at fleire får arrangert stevner og halve løyper kan gjere det litt enklare for klubbar utan god plass og mykje folk. Det kan òg gjere det lettare å arrangere approberte stevner innendørs midtvinters. MEN, det er vel ikkje noko problem å gjere slikt sjølv om stevna ikkje er approberte? Uapproberte stevner er fortsatt god fisk både med tanke på skyteglede, trening og formelle aktivitetskrav.

     

    Eg er egentleg for halve approberte løyper, akkurat som eg er for innertreff, men eg innser jo at det kanskje ikkje er nødvendig.

  4. Kven skal so bedømme om våpenet er originalt eller ikkje? Kva skjer om ein får brudd på ein gammel lommepistol der ein ikkje kan framskaffe reservedeler? Klassane fungerer jo bra for dei fleste av oss slik det er i dag. Om ein vil ha både ein umodda lommepistol og ein tilpassa ræserpistol er det jo ikkje noko i vegen for det, sjølv med dagens spes.feltreglement. Det einaste som kreves er at ein brukar dei.

     

    Nei, om de absolutt skal ha ein ny klasse er det ikkje greit at denne er open? Utan harde krav til kaliber, våpentype eller andre tekniske detaljar, so kan nybegynnarane skyte ein runde til med .22-pistolen sin, gamle helter får lufta silhuettpistolen, særpungar får bruke bittesmå lommepistoler, entusiaster får bygge seg ein ultimat-open-feltpistol-of-joy-and-doom og forumtroll får skyte med akkurat kva dei vil.

  5. Godt å sjå at det er fleire raka studentfanter som syslar med hårete våpenprosjekt. Tråden følges herved med argusauge.

     

    Ein tanke: Om du vurderar å bruke kroken under skjeftet til anna enn pynt, altså plassere ei hand der når du skyt liggende med to-fot, er det ikkje då ein idé å vente med finpuss av skjeftet til kikkert og to-fot er på plass? Sånn i tilfelle kroken må justeras litt på?

     

    Ad struktur: http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=38&t=50697&p=564687&hilit=struktur+skjefte#p564687 Ei grov utgave av tipset til jakobsen84 kunne kanskje gjort seg?

  6. Hvilke element innenfor gjeldende regelverk er mer forstyrrende enn kraftig smell og blåst fra heftige ladninger ?

    Hva er igrunnen problemet ?

    Noen som helst vil skyte heftige ladninger i vanlig revolverfelt ?

    Da er det greiere å skyte dem i magnumfelt der alle stiller på lik fot.

     

    Det kan være utruleg ubehageleg å stå ved sidan av eit dårleg pussa våpen som spyr ut slam og blyskav frå eit dårleg tima kammer. Eg har til og med fått ei 9mm-hylse overraskende langt ned i rørleggersprekka på liggende skyting, og noko meir forstyrrende enn det skal ein leite lenge etter. Det er det dog ikkje mykje gjeldende regelverk kan gjere noko med.

     

    Eg trur heller ikkje mange vil skyte magnum i vanleg felt, for ein får ikkje fordelar av det. So kvifor ikkje fjerne forbudet? Då slepp ein at skyteledarar og andre spikkar flis om kva som er magnum. ;)

     

    Sjølv brukar eg øreproppar, hørselvern, briller, caps og buff når eg skyt felt, nettopp fordi eg ikkje vil bli forstyrra av høge smell, tomhylser og blåst frå naboen.

     

    Å påby briller er kanskje ikkje nokon dum tanke. Står det noko liknande om bruk av hørselvern i reglementet?

  7. Den kvasse rekylen i .357 forvinn jo òg til ein viss grad når ein brukar tyngre kuler. Eg testa nokre 200gr heimestøpte pluggar i 686en min tidlegare i sommar. Rekylen var ikkje ubehageleg sjølv med god margin til faktorkravet.

     

    Kulebana blir vel ikkje meir enn marginalt forskjellig når ein sammenliknar ei 180gr .357-kule i 1055ft/s og ei 200gr .40-kule i 1050ft/s.

     

    Eg hevdar likevel ikkje at dette er argument for å la være å kjøpe noko du har lyst på. :)

  8. Fin: Berrrrrrretta 87

    Grov: Som regel feltrevolveren.

    Mil: EinfælslegBrowningHi-Powersomegaldritreffmed,menegvilegentlegikkjeprateomdet.

    Rev: Smith 686 som feiltimer på alt for mange kammer. Relativt orginal.

    Spes.pist: Unique D.E.S 69. Relativt uorginal.

    Spes.rev: Smith 10 med 3" løp.

    Mag1: Feltrevolveren, minus det mest feiltima kammeret. Når eg hugsar det.

    Mag2: Supersvarthauk.

     

    Godt egna fottøy. Relativt orginale.

  9. Ahh.. Eg ser at spørsmålet mitt er litt upresist. Mævseren er kamra i 7,92 og eg aktar å behalde ei pipe og sluttstykket i det kaliberet. Men eg vurderar ei ny pipe, samt nytt sluttstykke i 9,3x64 og lurer på om matinga funkar slik kassa er originalt, eller om det er vanleg å justere den for å få 9,3x64 til å mate godt.

  10. Eg låner ein gammel tråd for å komme med eit spørsmål. Det vurderes pipeskift i ein mævser, so eg lurer på om matinga må justeres om eg sett inn ei pipe i 9,3x64? Eller matar denne patrona fint frå ubesudla mævserkasser?

  11. går det ann å vippe ut tønna på en blackhawk da? eller hvordan tenkte du?

     

    Ikkje orginalt. Men orginalt går den jo ikkje i spesialrevolverkassa heller. Derimot går det an å få til ei tønne som enkelt kan løftas ut, slik som på den det er bilde av, det krever berre litt maskinering. Her gjeld det å sjå løysninga, folkens, ikkje problemet! :D

×
×
  • Create New...