Jump to content

Junell

Members
  • Posts

    284
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Posts posted by Junell

  1. Fin tråd. Er utgangspunktet halvfabrikata? Ad lengde på forskjefte so er dette ungefär 1/3 av løpslengda på gamle britiske børser. Bla gjerne gjennom nokre bilder av tilsvarende børser for å sjekke forholdet fortre/løpslengde. 1/3 vil i alle fall være eit greit utgangspunkt. Har du planer om å justere kinnstykket til å bli litt meir britisk òg?

     

    Edith: Skrivefeil.

  2. Settedybde er ikkje noko problem. Enkeltskuddsbørse, ein Ruger No.1 i .416 rem. mag. Justerer overgangskonus om nødvendig. 1:14 skal vel heller ikkje være eit problem på 450-grainere? Eg er fortsatt kun intressert i å høre kva som er å få av mantla kuler. Bly kan eg fikse sjølv.

  3. Eg gjekk på ein smell og kjøpte meg ei børse i .416, so no er altså spørsmålet: Kva finnes av rimelige treningskuler? Eg ser at Alvestad pusher Hornady sin 450gr HPBT til 13 kroner kula. Jaktdepotet har 400gr Interlock til under tikronen, men dei er jo sjølvsagt ikkje på lager. Kva anna finnes å få tak i? Kulevekt er ikkje veldig viktig og eg er ute etter mantla kuler, altså ikkje bly.

  4. Det er ikkje nødvendigvis ansiktsforma som er unormal, det kan være skytestillinga. Sjølv slit eg med det samme, mest fordi eg går veldig "på" med hodet, streker halsen litt og "bikker" hodet framover. Eit justerbart kinnstykke funkar utmerket, då får ein tilpassa kolbehøgda til mann/kikkertsikte.

  5. (...)til tross for hva folk tror er skap av typen "Våpenskap" alt annet en vanskelig å åpne uten nøkkel. (...) tok mindre enn 30 minutter med en vanlig 5" vinkelsliper å fjeren hele dørfronten med lås, etter det var det bare å dra de berømte stålboltene tilbake og åpne døra. (...)

     

    Tiltredes. Eg har egenhendig opna eit Duun-skap med kun eit "stikk" med ein 5" vinkelslipar. Eg brukte lang tid for å dobbeltsjekke at vi skar på rett plass og at oppmerkinga stemte med terrenget. Dessuten tok det nokre minutt å lage mal og pønske ut korleis vi kunne gjere det enklast mogleg. Men om ein har opna nokre skap før bør det være gjort på svært få minutt. Men det er nok ikkje verdt bryet. Døra og låsen blir jo øydelagd, og då er det ikkje mykje nytte igjen av skapet.

  6. Takk for svar. Eg må erkjenne at Millett har eg eit noko ullent forhold til, utan at eg kan begrunne det med saklege argument. Det botnar vel i at eg synest dei er lite tiltalende reint estetisk.

     

    E-bay har eg sjekka sporadisk etter sikter, men so langt har eg ikkje funnet noko.

     

    Eg er for so vidt klar over at Jetcarrier er ei løsning, men som jetcarrierjomfru er eg bittelitt skeptisk til opplegget. Skjønt, det ha jo vore svært stas om eg kunne lagt mine klamme fingrar på litt anna småpjask når eg først er i gang.

  7. På mine Smith-revolvere er avstanden mellom løp og tønne 0,15-0,2mm. Eg meiner at toleransane på Smith ligg mellom 0,003-0,006", utan at du treng lese det som fakta.

     

    Har du sjekka om kammera timer godt, altså at tønna låser på rett plass før hanefall? Ein revolver som timar dårleg kan sprute ganske kraftig, sjølv om avstanden mellom tønne og løp er OK.

  8. Eg har lenge hatt ei plan om å "friske opp" ein Super Blackhawk og er på jakt etter eit nytt baksikte. So vidt eg kan skjønne er ikkje utvalget allverdens stort. Eg har so langt funnet kun to sikter som er greie og som kan skaffes utan mykje om og men. Det eine er Bowens "Rough Country"-sikte med matchblad levert frå Brownells. Det andre er eit heilt standard LPA.

     

    Spørsmålet er om det finnes andre modellar eg bør vurdere? Eg har sett etter Bowens "Target Style" sikte, men finn ikkje nokon som sender det hit til moderlandet. Er det nokon som aner om det finnes nokon som levarar slikt? (Bowen sjølv sender visstnok ikkje ut av junaiten)

     

    Om siktet passar til Blackhawk eller Redhawk/GP-100 er akkurat det samme for min del. Eg har forstått det slik at den einaste forskjellen er høgda, og det er uproblematisk sidan eg uansett skal bytte ut forsiktet.

  9. Idiotsvar? Kvifor det? Eg kan ikkje sjå at det er noko idiotisk over det Sir skriv. Det er litt uvanleg, men alldeles ikkje feil.

     

    Eg er forresten enig med dei fleste her i at ei .22 lr er noko det er veldig kjekt å ha.

     

    (Edit: Eg var usympatisk. Eg angra.)

  10. Det var ikkje direkte mynta på deg, Nooby, kanskje ikkje denne tråden heller. Men generelt vil eg påstå at ein har større skyteglede av det våpenet ein har enn det ein planlegg å kjøpe. Eg vil heller ikkje sjå vekk frå at ein blir betre å skyte med det òg, om ein sammenliknar med det som kun står på plana.

     

    At det finnes firkanta saksbehandlarar skal eg ikkje krangle på. Men ein treng likevel ikkje male fanden på veggen. (Igjen, ikkje mynta på deg, Nooby). Eg har fleire gode skyttervenner som tek i overkant mykje hensyn fordi dei innbiller seg, eller har høyrt at ein-eller-anna saksbehandlar krever ditt-eller-datt når dei skal søke om våpen til jakt eller sport, og dette før dei har fått avslag på noko som helst. So lenge ein oppfører seg ryddig og brukar gode og fornuftige argument skal ein komme langt for å få det ein vil, soframt ein har aktivitet som matchar søknadsbunken. Eg soknar heldigvis til eit lensmannskontor med fornuftige folk, det er heller ikkje utenkeleg å møte vedkommende som behandlar søknader verken på rype- eller reinsjakt. Eg trur nok at det er vanlegare å møte oppegåande folk enn dei som er håplause, sjølv når ein skal søke på våpen.

     

    Revolverskyting er sabla gøy, svartepetter. Det går dessuten finfint å bruke den revolveren du ender opp med til grovfelt. Sjølv brukar eg ein 6" 686 med eit passeleg lett og ureint avtrekk. Eg har kanskje ikkje vunnet noko med den, men det gledar meg stort dei gongene eg skyt betre enn forventa. Ambisjonane mine er dog ikkje høgare enn å få konkurransetreninga. For ein slepp ikkje unna einhandsskyting i revolverfelten, og eg brukar jo den samme revolveren der.

     

    Å kunne skyte mest mogleg med dei første våpena du kjøper er veldig fornuftig. Med ein .22, ein mil.pistol og ein revolver vil du jo kunne skyte alle dei "vanlege" feltrundane, so er det berre å supplere med det som ser mest intressant ut. Kva krets soknar du til, sidan det er dårleg med stevner?

  11. I fare for å bli oppfatta som politisk korrekt, eller skytterpolitisk ukorrekt, vil eg nevne at eg ikkje heilt ser poenget med å bruke veldig mykje krefter på å tenke ut rekkefølga ein skal søke våpen i. So lenge ein har tid til å skyte får ein alltids nok stevnestartar til å kjøpe det ein treng. Om ein ikkje har tid til å skyte er det vel heller ikkje so viktig å ha 14-15 spesialiserte våpen til alt NSF har å by på? Joda, eg veit eg sett det litt på spissen. Men bruk heller tid på å skyte enn å planlegge. Dra med skyttervenner og arranger uapproberte innefeltstevner no på vinteren. Det er sabla gøy, sjølv med halv løype, lik avstand og skytetid på alle hold. God trening er det òg. Pluss at slikt, altså stevner, er det som skal til om du aktar å fylle våpenskapet til randen.

  12. Den herremannen i TK skriv fortsatt svært knotete. Alt eg kan hugse å ha lest om denne episoden har vore ganske dårleg skrevet. (Eg antek at det er den same journalisten som har skrevet det meste). Kunnskap om jakt og våpen er kanskje ikkje påkrevd for ein god journalist, men han bør i det miste beherske det norske spraag betre enn dei fleste av oss. Eg blir oppgitt. Dette er veldig håfftåppikk av meg, men det er altså slike ting som får begeret til å renne over for ein grinete student midt i eksamenskjøret. Kven skulle trudd det? Sukk.

  13. (...)Kan man bruke bivoks istedenfor parafinvoks da jeg bor rett ved Honningcentralen så har jeg lett tilgang på det?

     

    Det kjem nok an på preferansar. Bivoks er ein del mjukare enn parafinvoks. Blanding av kulefett er jo ikkje rakettvitenskap, so du vil nok kunne få veldig godt fett sjølv om du juksar litt med oppskrifta. Sjølv koka eg ei gryte med 50/50 molyfett og bivoks, men den vart for mjuk for å fungere godt i kalibreringspressa mi. So eg varma opp batchen igjen og tilsatte parafinvoks på slump. Resultatet vart meir enn bra nok.

  14. Ei .284 Win-hylse har litt "rabatt" so den er feit nok til å ta kuler i .452, men korleis headspacinga og skyteforminga vil gå er eg alldeles ikkje sikker på. Det kjem nok dessuten ein del an på den endelege patronforma. Å bruke brotsj for 45-70 høyres ut som ei halvhjerta løsning, om ein først skal gjere noko slik er det dessuten meir sexy med damer som har skuldre og hals. Men det er mi meining.

     

    Eg har leika litt med tanken om ei feit kule i ei nedkorta .284-hylse sjølv, fordi eg kunne tenkt meg noko litt grøvre, og særare, i mi ega børse utan å opne eller bytte sluttstykket. Eg tenkte dog meir på kuler i området .366-.375-.416 for å få ei markert skulder og ei litt meir "normal" patron.

  15. Så, så, folkens. Eg ser ingen grunn til å drepe entusiasmen med fornuft. Det finnes ein knallbra argument for å velge .338x57 over .338-06. Det heiter "å ha lyst på", eit argument som aldri skal undervurderes. Kjør på og bygg rifla, men pass på å forsyne oss med bilder og litt tekst undervegs. ;)

  16. Enig, lister er sabla morro. Det er forresten ganske artig å sjå alle dei forskjellige tilnærmingane til "el garderobo perfecto".

     

    Rem 700 med alle bjeller og fløyter: M70, betre utdrager, uttagbare magasin og eit passe godt avtrekk. Alt plassert i eit lett og slankt syntetskjefte med justerbart kinnstykke og tommelkrok for skyting med tofot. Løp i 308, 22-243 og 6mm BR. Optikken bør kunne veksles mellom eit skumrings/skytebanesikte, eksempelvis ein 6-24x56 av god tysk kvalitet og eit lettare mindre sikte til dei dagane børsa skal bæres meir enn den skal skytes som ein 1,5-6x42. Skal fungere som allbruksbørse til skytebanen, jaktfelt, bøjakt, kråkejakt og så vidare.

     

    Mauser 98 i 9,3x64 Brenneke. Gode opne sikter og ein tysk 3-12x50 og ein 1-4x24, begge i hakemontasje. Svart stål og vakkert treverk er påkrevd. Børsa skal brukes til det meste av storviltjakt, både i skogen om dagen og frå skytetårnet om kvelden.

     

    Kipplauf/Rook rifle i eit passeleg sært småviltkaliber, muligens .360 Nr.5 eller 6,5x52R Opne sikter held i massevis. Dette er børsa for dei dagane ein går tur i skogen med nistepakke i jaktveska og eit håp om å komme over ein hare, orrhane, eit ekorn eller muligens nokre fine kantarellar.

     

    Fallblokk i 7mm STW, med eit tynt langt løp og eit lett kikkertsikte med rundt 8x forstørrelse. Tanken er at børsa skal være so lett som mogleg og gå "beint i" so langt som mogleg. Dedikert reinsbørse for ein halvlat jeger utan talent for avstandsbedømming.

     

    Pondusbørse er vel nesten påkrevd: Magnummævser i .404 Jeffery. Rakrøra kikkert i hake og treverk for ei halv årslønn må det være. Jadda.

     

    Hagle: Sauer, Simson eller muligens ei gammal sideligger frå London eller Birmingham. Eg er ikkje so veldig kresen.

×
×
  • Create New...