Jump to content

Stihl Crazy

Members
  • Posts

    4,295
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

Everything posted by Stihl Crazy

  1. Ok, veit du korleis det gjerast?
  2. Eg har avtalt kjøp med èin som har ei featherweight i 6,5x55. Må berre ordna med papira. Skal poste eit bilde når eg har fått ho. Mi er vanleg push feed mating, kjøpt på 90 talet ny av han eg kjøper av. Står New haven på ho. Tenkte og ha to 6,5x55 rifler, har ei frå før. Så har eg ei innskoten til gås og ei til hjort. Får sjå om eg ikkje kan få tak i avtrekksfjør. Er nok ganske hardt det som er originalt.
  3. Eg har og fått godkjent våpensøknad i dag. Skal kjøpa av èin privatperson på èin anna kant av landet. Er det sånn at eg skriv ut alle 3 eksemplara på papir, sender alle tre til selger. Han fyller så ut resten. Beheld èin del, sender èin del tilbake til meg og èin til politiet?
  4. Eg hadde èin corolla KE 30 -77 modell som einaste bil frå 99 til 09. Er eg innteresrt i bil? Nei. Vil berre ha noko som virkar og så må totalkostnad vera lavast mulig.
  5. Ser it som ts har lagt på røret her på forumet iverfall
  6. Stihl Crazy

    Bergara

    Eg trur dei er bra.
  7. Men hiv resten av ammunisjonen så du ikkje risikere at det går troll i ord.
  8. Trur det. Kjøper må ha våpenkort.
  9. Har høyrd at kramsfugl skal smaka veldig godt, men eg synes så synd på dei søte små skjetetrastene så me kallar dei, så dei får heller leva.
  10. Korleis er avtrekket på dei, tenker på dei med det «gamle» avtrekket ikkje det som er no, ser veldig enkelt ut for og eventuelt skifta fjør iverfall.
  11. Så det er verdt og sjå seg etter ei slik alltså? Har tenkt på det i åravis men ikkje blitt noko med meg. Er noko med dei som tiltalar meg sjølv om eg aldri har skote med ei då. Skal ho brukast èin del så må det kanskje vera 6,5x55, men er vel ikkje eit must då men har dempar i .264 samt ladeutstyr. Tenkte ei featherweight eg då, synes stokken er utruleg fin på dei. Etter og hatt rifler med både push feed og mauser låsekasse så trur eg at eg er mest gira på fyrstnevnte. Mindre kaliber enn 6,5x55 kan vel og vera aktuelt, men veit ikkje om dei blei tatt inn til landet, tenker jo brukt rifle i utgangspunktet. Den typen eg helst har i tankane trur eg dei laga på -80 talet.
  12. Har ikkje lese tråden men klikka på linken for jakele rifla, den såg ut som eit kjekt jaktvåpen, var fyrste som slo meg. Lett liten og hendig. Kanskje ikkje noko og ligga og pumpa skot med på banen, meir som eit våpen der èin skal gå litt. Prisen den var ikkje så kjekk då.
  13. Må ikkje laga deg arbeid, den er nok plenty god nok. Kanskje ikkje så saklig kommentar men all sån 120 gr blyfri ammo er vel så ny at det er ikkje så mange som har brukt det enda. Dei fleste kjøper vel berre det som blir seld på banen eller i èin eller annen forretning og då er det vel framleis mest blykuler vil eg tru.
  14. Er ikkje heilt sikker på at det alltid stemmer 100% nokre kaliber/patroner er vel meir representert der èin jagar presisjon om forskjellen er så veldig stor mellom 6,5x55 og 6,5 Creedmoor er eg meir tvilsam til.
  15. Prøvd fisketeina no, brukte vanleg tau til og dra ho opp for hand tipper 8 mm tjukkelse. Trur eg har 150 m lengde på tauet. Betinga suksess, fekk eit par små langer sikkert ikkje meir enn eit kg kvar, minilanga. Fekk eit par brosmer og på èin anna plass. Dei var litt fine, tippar 2,5-3,5 kg grei matfisk, eller kunne vore. Brosme skal ikkje etast heima pga tungmetallforurensing.
  16. Det har eg, og er nøgd med den. Tenkte meir generelt men er jo ikkje lett og svara på det eller er fordelen, for dei som meinar det er èin fordel då kort låsekasse og fancy navn.
  17. Men det var eit litt bra argument det med ammunisjonskostnaden vs våpenet. Kor mange skot klarar eit løp i eit standardkaliber? 5-6 tusen, spørs kva krav èin har. Kor mykje kostar dette og lada? 35 -50 tusen kanskje. Ikkje heilt sikker her. Blir jo alltid kjøpt litt kuler&krutt for og testa og pluss ladeutstyr. Mange måter og rekna på, mange kostnader eg ikkje har tatt med og. Er kanskje ikkje så viktig om rifla kostar 13 eller 15 tusen.
  18. Gjer 6,5 credmoor betre presisjon enn 6,5x55, alt anna likt?
  19. Eg har skote tre skots samlingar på 5-6 mm lada med collet dia, låseringane til Lee er ikkje særlig tess nei, bytta ut her og.
  20. Du brukar lee collet dia til og neck siza hylsene dine då slepp du og smørja. Eg brukar berre den, men har ikkje lada så mykje det siste året då.
  21. Eg hadde vurdert det 4 diers settet frå Lee, då får du med collet dia så du berre kan halspressa, kulesetterdia og heilpressdia. Trur ikkje du treng krympa, men du får ho med allikavel. Eventuelt berre kjøpt collet dia frå Lee og ei kulesetterdia og heilpressdia frå èin anna produsent. Eg har brukt collet dia frå Lee litt og vore nøgd med den men kulesetterdia er forster, heilpressdia veit eg ikkje, brukar ho ikkje til no. Halspressar berre.
  22. Viss du ikkje får firføtingar på den åkeren der må dei vera blinde, døve og lamme alle saman.
×
×
  • Create New...