Jump to content

Humbo

Members
  • Posts

    1,034
  • Joined

  • Days Won

    1

Posts posted by Humbo

  1. Det er ingen fasit på kor mykje ein kan herde kuler vha. varmebehandling/nedkjøling. Hjulvektslegeringar til dømes kan relativt enkelt herdast frå nominell hardheit på rundt 12BHN til over 30BHN. Som nemnt er Arsen ein viktig faktor i herdingsprosessen, ikkje så mykje for kor mykje ein kan herde legeringa, men for korleis legeringa hardnar over tid. Dess høgare innhald av Arsen, dess raskare herdar legeringa etter varmebehandling/nedkjøling, og dess lenger beheld legeringa denne hardheita. Det er fullt mogleg å herde Sb/Pb-legeringar, men utan spor av Arsen vil kurva mellom hardheit og tid sjå annleis ut.

     

    At krutgassane smeltar basen er meir ein myte enn noko anna. Blying er som regel eit produkt av lågt trykk/dårleg obturasjon, eller høgt trykk/lekkasje av krutgassar. Smøreeigenskapane og hardheit/viskositet til smurninga spelar óg inn.

    • Like 1
  2. 19 minutes ago, boble said:

    Igjen, jeg har i det daglige mest med silisium og lite med messing å gjøre. Men den avspenningen kommer nettopp av at strukturen forskyves. 

    Frå Metallurgy for the Non-Metallurgist, 2nd Edition;

    "Stress relieving is a process intended to relieve internal stress in materials or parts without appreciably affecting their properties."

  3. 1 minute ago, M67 said:

    Stekeovner har faktisk nokså jevn temperatur i ovnsrommet, ellers hadde ting blitt ujevnt stekt. En ser fort forskjell på 200 og 225 grader når en steker f.eks. boller.

    K

    Her var det utruleg mykje synsing, har du målt dette vitskapleg eller har du berre observert baksten til kjærringa? Eg har rigga mine steikeovnar opp med PID og målte i fleire soner for å finne jamnast temperatur, og temperaturane var alt anna enn nettopp jamne. Det seier seg no sjølv at dess nærmare elementa i topp/botn/bakkant ein er, dess varmare blir det. No er det sikkert forskjel på steikeovnar, men eg har lest om veldig mange med liknande resultat. Vil de ha ein meir inngåande analyse av ein bråte med steikeomnar, så er der eit hav av erfaringar her:

    http://castboolits.gunloads.com/showthread.php?204174-simple-Hi-Tek-coating

    Alt av empiriske data er velkomne, dette er nesten like interessant som diskusjonen om tromling av ferdiglada ammunisjon.

  4. Det er faktisk allereie nemnt at tid er ein faktor. Ein like stor faktor er at termostatane på steikeomnane ikkje er verdt stort, i tillegg til at ovnane ikkje har lik temperatur over heile steikerommet. Isolering, utforming av varmeelement etc. spelar inn. Ein ovn med termostaten innstilt på 200 grader kan som nemnt gjerne nå 250 grader i periodar. Hylsene sine mekaniske eigenskapar endrar seg óg før miktrostruktur endrar seg.

    Eg sa heller ingenting om at hylsene til TS garantert kom til å feile. Og kven er det som kjem med "tynn ubegrunna synsing"? Eg kan ikkje sjå at andre har kome med noko meir handfast enn noko ein leste i 1962 og tok på hugsen. Så kom gjerne med kjelder i staden for hersketeknikkar.

    For å bruke ein likande retorikk som i innlegget ditt, du seier at det er dumt å måtte kaste hylser grunna andre si tynt begrunna synsing. Men kva med å risikere liv og lemmar, pga. tynn ubegrunna synsing, og for kva? Å spare småpengar? Eg ristar på hovudet.

    Eg meinar TS gjorde det einaste rette.

  5. On 4/11/2017 at 6:08 PM, M67 said:

    Hvor har du begrunnelsen for den påstanden fra? Den provoserer meg faktisk litt, siden den er direkte feil, og du presenterer den som fakta. Sikkerhet først, men messing tåler 190°C.

    K

    http://www.dtic.mil/dtic/tr/fulltext/u2/a094136.pdf

    Om messingen toler det skal eg ikkje uttale meg om, her er det mykje som spelar inn. I lenkja over er det utført ein temmeleg omfattande test, der er mykje som ikkje er direkte relevant, men det som er relevant er resultata av anløpinga av messingen for bruk i dei vidare testane. Legg ved utsnitt som viser bilete av mikrostrukturen før og etter anløping, både ved 200 og 250 grader C.

    Og for å ta ein røyndomsbasert test, ta ein neve 22LR-hylser og sleng dei i ovnen på den gjevne temperaturen ei viss tid. Kjøp deg ei derim-die og utfør ein test om der er skilnad i motstand/randseparasjon mellom dei som har/ikkje har vore i ovnen.

     

    Pages from a094136.jpg

  6. Det er surt å måtte kassere hylser, spesielt i kaliber der hylsene er langt ifrå gratis. Etter eg starta med coating av blykuler har eg lært at steikeovnar ikkje er til å stole på. Etter å ha rigga opp min ovn med PID så er temperaturen 200 grader C når termostaten står på 172-175. I tillegg har den eit hotspot på eine sida, som er lett å sjå sidan coatinga kjem ut mørkare der. Dette er ein relativt ny konveksjonsovn av eit kjent merke. Det blir etter kvart å rigge den opp med fleire interne vifter for betre varmedistribusjon.

  7. Eg hadde aldri tatt sjansen, 190 grader er meir enn nok til å få ei strukturell endring av hylsa. I tillegg har ofte ovnar såkalla hot spots, der temperaturen blir ein del høgare enn det termostaten seier. Termostatane i seg sjølve er i tillegg ikkje av dei minst nøyaktige. Det er ikkje berre temperatur som spelar inn, tid er óg ein faktor. Der er mange trådar på utanlandske forum der hylser har blitt anløpt av temperatur lågare enn 400 grader F, som er akkurat i området det er snakk om her.

  8. Eg lurar på når f.eks. tennhetter har kosta 89 øre, 9mm-hylser 6kr eller Remington Thunderbolt 1,42kr, berre for å ta nokre. Eg veit det er meir og meir vanleg med slike luretilbod, men det får då vere grenser?

  9. Skulle eg kjøpt benkmontert tennhetteverkty ville eg unngått Forster sin. Forster lagar ein del bra greier, men tennhetteverktyet er ikkje blant dette. RCBS sin av same type er langt overlegen og mykje mindre problematisk å bruke.

    Av dei handheldne er Sinclair sin å foretrekke, men denne har ikkje magasin og hylsehaldarane er litt dyrare enn konkurrentane sine. Eg har ikkje erfaring med Lee av denne typen, men RCBS sine handheldne fungerar óg bra.

  10. RCBS produserar ikkje 4-holsblokker. Lyman har #452374 med 4 hol, med nominell vekt på 225gr Med Lyman #2, men som gjerne slepp tyngre kuler med passande legeringar for 45 ACP. Skal du ha RN så begrensar dette utvalet noko, sidan fleire customprodusentar ikkje har maskineringsmoglegheiter for dette. NOE og MP er nemnde, men MP baserar seg i stor grad på gruppekjøp. NOE produserar kopiar av H&G sine design, som f.eks. http://noebulletmolds.com/NV/product_info.php?cPath=41_159&products_id=323&osCsid=jdtcc33h6rcdb8k29pmm0d1dm5

    NOE produserar kurante greier, sjølvsagt ikkje på same linje som det H&G gjorde, men betre enn Lee og til ein langt hyggelegare pris enn H&G.

  11. Dess grovare kaliber, dess meir sparar ein på å lade sjølv. Dei store magnumane, som f.eks. 454, 460 og 500, er økonomisk sjølvmord å fóre kun med fabrikkammunisjon. Ved å lade 9mm og andre små patroner kjem den største økonomiske gevinsten av å støype kulene sjølv, då sparar ein raskt endå 60-80 øre per patron.

    Forholdet mellom prisane på fabrikkammunisjon og komponentar står ikkje heilt i forhold til kvarandre her ifht. til f.eks. USA. Der betalar dei ikkje langt unna det same som her for f.eks. 9mm, medan komponentane er ein god del billegare. Krut og tennhetter nærmar seg heroinprisar i Noreg etter kvart.

  12. Ein kan ikkje skulde alt på forbrukarane heller. Med ein prisauke på over 100% på nokre S&W-modellar siste par åra så var det nokon som verkeleg prøvde å sko seg.

×
×
  • Create New...