Jump to content

Humbo

Members
  • Posts

    1,026
  • Joined

  • Days Won

    1

Posts posted by Humbo

  1. Nokon som veit kva type rail som er på Sphinx 3000-pistolane? Tenkte å bestille ein montasje frå Carver Custom, men er usikker på railtypen. Eg prøvde meg tidlegare på ein universal, men det passa ikkje. Dei andre alternativa er Glock, M&P og XDM. Er usikker på om nokon av desse har same railtype som Sphinx 3000?

  2. 1 hour ago, Brosmebeistet said:

    Bruker du en annen die, eller skrur du kun ned til det kamrer OK ? Hvor avhengig er man av at alle hylsene er

    like lange ?

    Hylsa vil nok kamre før du har tilstrekkeleg kulehald, så det beste er å skru dia ned til kulehaldet er tilstrekkeleg, med ein indre hylsediameter på .rundt .455"-.456". Du må nesten prøve deg fram. Eg nyttar diar frå både RCBS og Lyman.

  3. 1 hour ago, M67 said:

    Det er det vel liten tvil om. 

     

    Gjør man det riktig er det vel nærmest uendelig. Jeg har hylser som er ladet 20-30ggr uten at man kan se noe nevneverdig slitasje.

     

    K

    Det eg fann ut at om ein heilpressar hylsene kvar gong, så er ikkje levetida så veldig mange omladingar, det er trass alt ikkje ei 100% rettvegga hylse det er snakk om. Heilpressar ein, så veks hylsene med nokre tusendels tommar kvar omlading, som er teikn på at messingen flyt framover. Og det var nettopp det som skjedde, eg fekk sprekkdanningar, og desse faktisk i lengderetninga, på hylsene nær beltet. Så no pressar eg hylsene kun langt nok ned til å få tilstrekkeleg kulehald, det er ikkje naudsynt å presse hylsene ned til rundt .450" ID for så å utvide dei igjen for å ta ei .458"-.459" kule. Etter eg byrja med dette, har eg endå til gode å finne ei hylse som har sprukke.

    • Like 1
  4. 3 hours ago, Sølvrev said:

    Jeg sjekker alltid hos den lokale pusheren først. Ber ev. om et tilbud. Ellers følger jeg med på nettet. Ladeutstyret (RCBS) er kjøpt som ferdig sett hos Hjemmelading, krutt, tennhetter og kuler litt her og der. Hylser kjøper jeg bare unntaksvis. Mye lurere (og billigere) å kjøpe ferdigladet treningsammo og få hylsene på kjøpet. Enda billigere med plukkhylser fra skytebanen😉!

    Eg har lagt att mykje pengar hjå lokale forhandlarar, dvs. i dette tilfellet innanlands forhandlarar, og spesielt hjå Brownells.no. Når eg handlar blir det gjerne for nokre tusen i slengen, og då er det rett og slett for mykje å spare med å handle utanlands slik situasjonen er no. Men eg sjekkar som regel lokalt først, og då spesielt Finn.no, før eg handlar frå utlandet. Komponentar kjøper eg alltid lokalt, eg har ikkje brydd meg med importløyver osv. sidan tilgongen stort sett er like dårleg utanlands.

  5. 11 hours ago, nippon81 said:

    Takk! Hva me "Import tillatelse" da? Er det noe jeg må få tak i?

    Nei, det treng du ikkje for vanleg ladeutstyr, så lenge det ikkje er snakk om varer med faktiske importrestriksjonar, altså f.eks. tennhetter, krut og kuler.

  6. 1 hour ago, Nyati said:

    Jeg fikk laget rifle kamret for 450 Marlin, så mulig problem med hylser. Husker da når patronen ble lansert var det umulig å skaffe ammo og hylser

    Fikk børsemakeren til å bruke vanlig Belted magnum tolk.

    Kammeret ble da ca 1mm kortere enn vanlig 450 Marlin.

    Hylser kan jeg lage av hvilken som helst Belted magnum.

    Det er sikkert mulig å få børsemakeren til å dreia av pipa  slik at du får et slikt kammer som jeg har.

    Rafdal i Etne er rett mann til denne jobben.

    Har desverre ikke skutt så mye med denne rifla.

    For en el år siden hadde jeg en 458X2" den var en utmerket elgdreper.....!

     

    Dette kan vere ei løysing og noko å vurdere når hylsene mine ikkje eksisterar lenger. Rifla mi har fleire hundre hjort på samvitet, og prestasjonen til patrona har vore framifrå. Sjølvsagt vil .45-70 gjere same jobben, men der er ørlite meir å gå på i .450, pluss at i bøylerifler så matar den glattare.

  7. 1 hour ago, spindrift said:

    Det blir forhåpentligvis Starline- hylser å få etterhvert.

     

    Jeg vet ikke om det er en god ide, men.....

    teoretisk kan du jo kappe/ trimme f.eks en .458 win mag til nøyaktig lengde, hvor patronen "headspacer" på hylsemunningen istedenfor beltet. Kanskje må de brotsjes litt, og.  Muligens kunne slike hylser være gode nok til treningspatroner ladd til moderate trykk? 

    Ja, vi får håpe det.

    Å headspace på hylsemunningen kan moglegeins gå, så lenge ein ladar såpass moderat at krymp ikkje er naudsynt. I bøylerifler blir det litt meir komplisert.

    • Like 1
  8. Problemet er nok ikkje at produksjonen er nedprioritert, men rett og slett avvikla, skal ein tru kjeldene eg har funne på internett. Altså ikkje berre riflene, som frå Marlin gjekk ut av produksjon rundt 2011, men no óg hylsene. Vi får håpe at Hornady frigjev rettighetane, og at Starline og andre evt. kan starte produksjon seinare. Kanskje tom. Ruger får ut fingeren og kamrar rifler i kaliberet i framtida.

  9. Ja, det er akkurat det, beltet er breiare enn f.eks. på .458 WinMag, .458x2" American osv., så der er såvidt eg veit ingen andre hylser ein kan bruke som utgongspunkt. Og dette er nok fullt planlagt, hadde beltet vore smalare enn dei tidlegare nemnde patronene, så kunne ein alltids dreia av litt av beltet.

  10. Etter å ha leita rundt på nettet etter komponentar til .450 Marlin, då spesielt tomhylser, så virkar det som at det er ein konsensus om at patrona er avliden. MidwayUSA seier at hylsene er "discontinued" frå produsent, og det lovar ikkje godt. .450 Marlin var som kjent eit samarbeidsprosjekt mellom Marlin og Hornady, og Hornady har eineretten på å produsere hylser til kaliberet, diverre. Starline seier dei ikkje har planar om å produsere hylser, nettopp pga. dette. Det ville vere utruleg synd om den skulle forsvinne, når hylsene som er i omløp er oppbrukte. Eg likar mykje betre .450 Marlin enn 45-70, det einaste eg har hatt å utsette på .450 er nettopp tilgongen på hylser. Elles har den fleire fordelar ift. 45-70, og patrona ser unekteleg mykje mandigare ut med magnumbelte og det heile, for dei som er opptekne av slikt. Er der andre .450 Marlin-skyttarar der ute som fryktar for framtida?

  11. Å finne noko til "matchande" pris her til lands kan du som regel berre gløyme, prisane her har stege mykje meir enn det som kan forklarast med valutajustering. Eg har brukt JetCarrier mange gongar, og sjølv om det ikkje er snakk om restriksjonsbelagde varer, så kan du risikere å få dette ekstragebyret på 290,-, dette fordi JetCarrier må få tollvesenet til å gå gjennom sendinga for å sjekke at der faktisk ikkje er slike varer. Av og til får eg dette gebyret, av og til ikkje. Det kan kanskje variere litt med kva firma som er avsendar. Er det tomhylser i sendinga så må ein rekne med ekstragebyret. Hugs óg at tomhylser kun kan sendast med sjøfrakt, kvifor er eg ikkje sikker på.

    • Like 1
  12. Eg har ikkje prøvd desse sjølv, for å vite sikkert må ein ha data på kulene. Leveractions har ikkje så mykje å gå på mtp. naselengde, eksempelvis i Marlin 1895 er maks naselengde rundt .45" eller 11,5mm. Ein har litt meir å gå på med nedkorta FTX-hylser, men ut i frå bileta av kula så tvilar eg på det er nok.

  13. 2 hours ago, Svyo said:

    Hei! Noen som har vert borti de blyfrie kulene Sonic Ballistics hunt ? Ser de fins i .458 men har noen prøvd å lade disse til 45-70 ? Blir de problemer med disse i rørmagasin tro? Noen erfaringer ? :)

    https://www.landro.no/nielsen-gun-parts/116901/sonic-ballistic-hunt-kule-458-305grs

    Desse kan eg nesten garantere gjev for lang patronlengde til å gå i heisen i leveractions. Mogleg dei vil fungere om du ladar ei og ei patron manuelt.

×
×
  • Create New...