Jump to content

Humbo

Members
  • Posts

    1,026
  • Joined

  • Days Won

    1

Posts posted by Humbo

  1. Takkkar for tilbakemeldingar. Det er ikkje umuleg at siktet har blitt lakkert, det kan truleg sjå sånn ut. Eg har leita høgt og låg etter informasjon om det eksisterar kopiar, men har endå ikkje funne noko. Det er kanskje rart om det skulle gjere det, sidan desse sikta er gamle og sikkert for mange ikkje veldig kjende.

  2. 11 hours ago, Vaquero said:

    Jeg har fått inn et nytt parti med hullspiss i bly:

    Disse er fra samme støper, samme tang vil jeg tro. Den med rødt fett er den jeg kjøpte tidligere og den har en vekt på 353 grain. Det nye partiet har nok mindre antimon og tinn? Den veier 359 grain, stor forskjell. Innledningsvis (den med rødt kulefett) gikk utrolig bra, tette samlinger. Med en C.O.L. på 63,5mm. v/0 565m/s. Krutt: N-130. Det nye partiet som sikkert har litt bløtere legering er jeg spent på. Om de ekspanderer vet jeg ikke helt, tror nok det. Når anledningen byr seg skal jeg teste dem i våte avisbunter. 

     

    Vet ikke noe om kuletangprodusenten.

    359 gr.JPG

     

    Litt av grunnen til endra kulevekt er pga. gas checken. Denne er no tjukkare og dekkjer litt meir av basen enn tidlegare. Den nye er laga spesifikt for riflekaliber og toler høgare trykk i tillegg til at den grip basen betre pga. auka tjukkleik. Kulene med blått kulefeitt har litt lågare innhald antimon (Sb), som gjer at dei ekspanderar meir kontrollert utan å splintre. Sb gjer blyet sprøtt, og holspisskuler har då ein tendens til å fragmentere. Hardheit er omlag den same, kula er no varmebehandla for litt ekstra hardheit sidan den har litt lågare innhald av Sb. Kulefeittet er det same, kun fargen er annleis. (Carnauba red vs blue).

    Blokka er øvrig ei customblokk laga av MP Molds, basert på Lyman 457122.

  3. On 9/6/2017 at 8:57 PM, DoctoRoy said:

    Les hva han skriver om ekspandering.

    Får du hastigheter på reine blykuler slik at de holder kravet til storviltjakt?

     

    Det er då ein smal sak å halde kravet med 45-70 og blykuler.

  4. Nokon som veit om der eksisterar kopiar av Hensolt Wetzlar-sikter? Eg fekk med eit slikt sikte med diverse anna eg kjøpte frå ein kar, og han sa det var forløparen til Zeiss. Eg har ikkje erfaring med desse frå før, optikken virkar god men ved nærare augekast så virkar montasjen noko snodig. Det er ein hakemontasje om er støypt i eitt med røyret. Eg har lagt ut salsannonse på dette, men om siktet er ein kopi så vil eg slette denne. Håpar nokon har innspel.

     

    20170902_122520.jpg20170902_122530.jpg20170902_122502.jpg20170902_122803.jpg

     

  5. Som nemnt, full korrespondanse er mogleg å få på PM, eg har allereie fått forespurnadar på denne. Eg prøvar ikkje å legge skjul på korkje identitet eller kva som vart skreve i korrespondansen, men i staden for å leggje den ut offentleg i si heilheit så vél eg å sende den på PM.

    Det er eit temmelig snevert syn på røyndomen at om mange har positive erfaringar med ein aktør, så betyr det at negative erfaringar er ubegrunna og falske.

    Aspelie er fullt klar over min identitet, siste epostkorrespondanse var seinast i dag.

  6. Som sagt lenger oppe, dette hadde eg ikkje tenkt noko vidare over under normale omstende. I ordrestadfestinga frå Aspelies stod det at alle kjøp skjer ihht. kjøpsloven, og eg spurte då fyren ganske enkelt om kva kjøpslova sa. At fyren då sprengde ei sikring tar eg ikkje på mi kappe, det må då vere mogleg å oppføre seg som folk, spesielt om ein driv eiga forretning.

  7. @Mas-36, altså, det var ikkje slik at eg kom i ettertid og såg at det hadde vore salg, og så bestemte meg for å bestille noko og dermed kreve det til tidelgare salspris. Vara var i følge nettsida på lager på bestillingstidspunktet. Eg bestilde, fekk ordrestadfesting, og hadde dermed inngått ei avtale med selgar. I følge kjøpsvilkåra til selgar, så skjer alle kjøp ihht. kjøpslova, det står ingenting om utselde varer. Nettbutikkar spesifiserar som regel unntak frå kjøpslova, her er kjøpsvilkåra til Aspelies Våpen;

     

    "For nye varer etter kjøpsloven.Brukte varer som samleobjekter og plomberte våpen INGEN retur rett om vi da ikke har aventert varen helt feil.For kjøp av skarpe våpen MÅ kjøpetilatelse og godkjent legitimasjon sendes oss før våpnet blir levert.Ved salg av ammunisjon og ladekomponenter MÅ kopi av våpenkort og godkjent legitimasjon sendes oss før levering.Frakt etter Bring sine satser.Betalig forskudd til vår konto eller servicepakke som betales på posten.Vi har ett gebyr på Kr 600,- for uavhentet pakke+ frakt begge veier.Klager-feilbestillinger kontakt oss på epost så vi for ordnet opp."

     

    Som sagt, dette skjer heile tida rundtom, og eg hadde normalt ikkje tenkt noko vidare over det. Men når selgar tar den tonen i ein elles høfleg og sakleg dialog frå mi side, så valde eg å ta dette vidare. 

     

    Forbrukerkjøpsloven, kapittel 5, § 21 seier;

    "§ 21.Rett til oppfyllelse

    Er leveringstiden kommet uten at tingen er levert, kan forbrukeren likevel fastholde kjøpet og kreve oppfyllelse.

    Dette gjelder ikke om det foreligger en hindring som selgeren ikke kan overvinne, eller om en oppfyllelse vil medføre en så stor ulempe eller kostnad for selgeren at det står i vesentlig misforhold til forbrukerens interesse i at selgeren oppfyller. Faller vanskene bort innen rimelig tid, kan forbrukeren kreve oppfyllelse.

    Forbrukeren taper sin rett til å kreve oppfyllelse om han eller hun venter urimelig lenge med å fremme kravet."

    https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2002-06-21-34#KAPITTEL_5

     

     

  8. Det er bra nokon har gode erfaringar med denne butikken, mi erfaring har vore det stikk motsette. Makan til uprofesjonell og frekk framferd skal ein leite lenge etter. Det er heldig for vedkomande at dette ikkje er det einaste levebrødet hans.

  9. Bly er mjukt, mange legeringar kan ein lage merker i med fingerneglen. Så ved trykk på mange titals tusen PSI så skal det ikkje høg temperatur til for at krutkorna skal gje avtrykk i kulebasen. Det er elementær fysikk. Krutet tenner trass alt frå tennhettekanalen og framover. At kulene er sota i bakkant har eg sterk tru på, men at dei er smelta ser eg på som nærmast umogleg.

  10. 5 hours ago, M67 said:

    Det er jo riktig det du sier - men om ikke kruttgassene smelte/fordamper kulebasen, hvorfor bruker vi gas checks da?

     

    K

     

    Sjå berre på ordet "gas check", og dette er omtrent sjølvforklarande. Ein gas check vert nytta for å "halde gassane i sjakk", altså forhindre dei i å blåse forbi kula (gas cutting). Skjer det, får ein resultat som vist ved biletet under.

     

    Ser no at Wikipedia faktisk er oppdatert óg, meir kan lesast her; https://en.wikipedia.org/wiki/Gas_check

    "It was long thought that the high temperatures melted the base of the bullet, but this is no longer thought to be the case. Instead, the high pressures allow propellant gas to escape past the bullet, causing gas cutting, which increases lead deposits in the barrel and unbalances the bullet. A gas check provides a thin layer of harder but still malleable metal on the base of the bullet that obturates to provide a seal and prevents the propellant gas leakage that causes gas cutting, and help the bullet grip the rifling."

    gas cutting.jpg

    • Like 1
  11. 2 hours ago, M67 said:

    Med bare antimon må du opp i 4-5% for få ei (godt) herdbar legering - mens det er nok med 0.25-0.5% arsen. Tinn trekker andre veien, og bidrar også til at legeringen mykner over tid.

     

    K

     

    Dette stemmer óg i forhold til mine observasjonar, når eg opererar med kun Pb/Sb/Sn-legeringar utan spor av Arsen så må eg opp i høgare andel Sb for å få same endeleg hardheit. Med spor av Arsen kan ein lett få 3% Sb-legeringar opp i rundt 25 BHN.

  12. Ta gjerne bilete neste gong, for dette har eg vanskar med å tru. Korleis forklarar du at fyllstoff og pappskillingar ikkje brenn opp? Og betyr ikkje desse observasjonane dine at alle blykuler vil deponere bly, når krutet sin forbrenningstemperatur angiveleg smeltar basane?

  13. Korleis drog du konklusjonen at deformasjon var grunna smelting? Krut som tenner frå tennhettekanalen og fram, pressar med svært høgt trykk mot basen før det oppnår fullstendig forbrenning, og kan lage ulike mønster/deformasjonar i basen. Eg har skote ein del ammunisjon med pappskilling og fyllstoff (dacron og kapok) og ein finn dei ofte igjen i omtrent same stand som då ein lada patrona. Det skal ikkje spesielt høg temperatur til for å smelte fyllstoffet. Både erfaring, og generell konsensus blant dei lærde, seier at krutgassar ikkje smeltar basen.

  14. Det er ingen fasit på kor mykje ein kan herde kuler vha. varmebehandling/nedkjøling. Hjulvektslegeringar til dømes kan relativt enkelt herdast frå nominell hardheit på rundt 12BHN til over 30BHN. Som nemnt er Arsen ein viktig faktor i herdingsprosessen, ikkje så mykje for kor mykje ein kan herde legeringa, men for korleis legeringa hardnar over tid. Dess høgare innhald av Arsen, dess raskare herdar legeringa etter varmebehandling/nedkjøling, og dess lenger beheld legeringa denne hardheita. Det er fullt mogleg å herde Sb/Pb-legeringar, men utan spor av Arsen vil kurva mellom hardheit og tid sjå annleis ut.

     

    At krutgassane smeltar basen er meir ein myte enn noko anna. Blying er som regel eit produkt av lågt trykk/dårleg obturasjon, eller høgt trykk/lekkasje av krutgassar. Smøreeigenskapane og hardheit/viskositet til smurninga spelar óg inn.

    • Like 1
  15. 19 minutes ago, boble said:

    Igjen, jeg har i det daglige mest med silisium og lite med messing å gjøre. Men den avspenningen kommer nettopp av at strukturen forskyves. 

    Frå Metallurgy for the Non-Metallurgist, 2nd Edition;

    "Stress relieving is a process intended to relieve internal stress in materials or parts without appreciably affecting their properties."

  16. 1 minute ago, M67 said:

    Stekeovner har faktisk nokså jevn temperatur i ovnsrommet, ellers hadde ting blitt ujevnt stekt. En ser fort forskjell på 200 og 225 grader når en steker f.eks. boller.

    K

    Her var det utruleg mykje synsing, har du målt dette vitskapleg eller har du berre observert baksten til kjærringa? Eg har rigga mine steikeovnar opp med PID og målte i fleire soner for å finne jamnast temperatur, og temperaturane var alt anna enn nettopp jamne. Det seier seg no sjølv at dess nærmare elementa i topp/botn/bakkant ein er, dess varmare blir det. No er det sikkert forskjel på steikeovnar, men eg har lest om veldig mange med liknande resultat. Vil de ha ein meir inngåande analyse av ein bråte med steikeomnar, så er der eit hav av erfaringar her:

    http://castboolits.gunloads.com/showthread.php?204174-simple-Hi-Tek-coating

    Alt av empiriske data er velkomne, dette er nesten like interessant som diskusjonen om tromling av ferdiglada ammunisjon.

  17. Det er faktisk allereie nemnt at tid er ein faktor. Ein like stor faktor er at termostatane på steikeomnane ikkje er verdt stort, i tillegg til at ovnane ikkje har lik temperatur over heile steikerommet. Isolering, utforming av varmeelement etc. spelar inn. Ein ovn med termostaten innstilt på 200 grader kan som nemnt gjerne nå 250 grader i periodar. Hylsene sine mekaniske eigenskapar endrar seg óg før miktrostruktur endrar seg.

    Eg sa heller ingenting om at hylsene til TS garantert kom til å feile. Og kven er det som kjem med "tynn ubegrunna synsing"? Eg kan ikkje sjå at andre har kome med noko meir handfast enn noko ein leste i 1962 og tok på hugsen. Så kom gjerne med kjelder i staden for hersketeknikkar.

    For å bruke ein likande retorikk som i innlegget ditt, du seier at det er dumt å måtte kaste hylser grunna andre si tynt begrunna synsing. Men kva med å risikere liv og lemmar, pga. tynn ubegrunna synsing, og for kva? Å spare småpengar? Eg ristar på hovudet.

    Eg meinar TS gjorde det einaste rette.

×
×
  • Create New...