Jump to content

Humbo

Members
  • Posts

    1,034
  • Joined

  • Days Won

    1

Posts posted by Humbo

  1. Eg ser ikkje heilt for meg at det er særlig attraktivt for eit individ å kjøpe ammunisjon vedkomande ikkje har våpen til. Kva praksis meinar du då webbutikkane skal ha ved kjøp av ammunisjon på nett? Kun personleg frammøte i butikk?

  2. Eg har litt vanskar for å tru at XXL held salg "på nesten alt" som det står i annonsa for kampanjen, fordi det er sesong- eller ukurante varer. Å prise opp populære varer i forkant, og litt seinare forkle dei som salsvarer, er kanskje ikkje forbode, men meget snikete.

  3. Det har dessverre vore slik lenge, prisane på populære varer hoppar med minst 25% dagane før tilbodet. XXL sin venners venner-fest har blitt ein måte å bli kvitt gamalt ræl dei ikkje vil ha på lager lenger.

  4. 1200 fps = ~365m/s

    320m/s = ~1050 fps.

     

    Så at kulene skal tole meir enn 320 m/s treng ikkje bety at dei taklar meir enn Frontier sine. Kaldpressa kuler er mjuke, og koparbelegg kan ikkje samanliknast med mantel. Hornady seier f.eks at 250gr FTX ikkje må brukast i 454 Casull og patroner med tilsvarande trykk, sidan mantelen er for tynn. Og desse er ein del hardare enn dei belagde kulene på marknaden. 30gr N110 gir nok uansett garantert mykje meir enn 320 m/s.

     

    Eg ville tatt ein knusetest av kulene ved å hamre ei flat mot f.eks. ein ambolt. Då får ein eit inntrykk av kor lett den derformerar. Evt. måle hardheit om ein har utstyr til det. Sjølv nyttar eg blykuler som er hardare enn hakkespettlepper for å unngå unødvendig slitasje. 460 er kjent godt nok for å brenne overgongskonus som det er, og eg tek ingen sjansar, sjølv i 454.

     

    Det kan sjølvsagt vere at H&N støyper kjernane i hardare legering enn det som vanligvis er nytta i kuler med ekstruderte kjernar, men eg ville uansett forsikra meg. Å byte løp på ein X-frame er det såvidt eg veit ingen som har verkty til i Noreg, og å sende våpenet til USA for reparasjon kan raskt bli ei kvalmande affære.

  5. Tykkjer det er urovekkande at H&N meinar at kaldpressa, koparbelagde kuler kan stå imot trykket til patroner som 454 Casull og 460 S&W. Kulehopp pga. manglande krymperille er ein ting, dette får som regel ikkje større konsekvensar enn låst tønne. Men mjuke, tynnmantla kuler fører til unødvendig stort trykk i overgongskonusen, og fører til ekstra stor slitasje og evt. sprukken konus. Det er ikkje utan grunn at Dick Casull og Wayne Baker utvikla kuler med ekstra tjukk mantel som skulle forhindre slike scenario. Dei første FA M83 kom f.eks. med utskiftbar overgongskonus.

    H&N har sove i timen som trur dei kan unngå problemet med eit eller anna glatt belegg på kulene, friksjonen er ikkje det som skapar størst hovudbry når ein opererar med rifletrykk i handvåpen.

  6. Har montert dette på fleire 1895, både nye og litt eldre. På nyare "Remlins" har det vore rett fram, men på gode, gamle JM så måtte litt tilpasning til. Er ein gjennomsnittleg teknisk så burde det gå greitt.

  7. Det viktigaste for meg er å få tak i ein som ikkje er sentermontért, slik at ein ikkje treng å byte siktemiddel ved bruk av dempar. Om det er Osprey eller anna fabrikat er ikkje så viktig, men den må sjølvsagt vere berekna på pistol. Kaliberet i første omgong er 9mm.

  8. Einig, yankeeane er rare, men dessverre så har óg store delar av resten av verda eit anstrengt forhold til lyddemparar. Skjønn det den som kan, ei av dei største ulempene med å vere aktiv skyttar/jeger er nettopp moglegheita for høyrslehemming, og ein skulle tru det legitimerar eit behov. Men det er nok ein av fordelane vi har ved å ikkje tillate personleg forsvar som ervervsgrunnlag.

  9. Løftar denne. Er det nokon som har sjekka moglegheitene for å få tak i Osprey sine demparar? Evt. om der eksisterar ein Europadistributør? Eg betalar gjerne litt ekstra ifht. f.eks. B&T for å sleppe å byte til høge siktemiddel.

×
×
  • Create New...