Jump to content

Humbo

Members
  • Posts

    1,021
  • Joined

  • Days Won

    1

Posts posted by Humbo

  1. Einig med Per-S, Dillon, og då spesielt 550, er staden å byrje. Til dine kaliber og volum så vil den vere ideell, relativt billeg å byte kaliber, og grunna manuell indeksering kan den nyttast som einstasjonspresse til ein har fått god kontroll på ladeprosessen. 550 dukkar relativt ofte opp på bruktmarknaden, og livstidsgarantien gjeld uansett eigar.

  2. Eg hadde ei sak med Posten før jul, der dei hadde klart å rota vekk ein pakke. Dette var ein pakke som inneheldt kuler, altså ikkje ammunisjon. Posten sa at kuler etter lova var som ammunisjon å rekne, og dette var forbode å sende. Og om pakken skulle dukke opp, så nekta dei å sende den til meg. Då måtte eg reise til omlastningsterminalen der pakken evt. skulle dukke opp og hente den der.

    • Like 1
    • WTF 1
  3. Det statistiske grunnlaget å trekkje ein konklusjon frå er litt tynt sidan det er snakk om kun ei omlading. Det kan vere at desse to hylsene allereie hadde ein svakheit, og at ved neste omlading så er alle hylsene fine.

    @hipshotEr det nokon grunn til å ikkje ta ut tennhettene før tromling, anna enn at det er eit ekstra steg i ladepreosessen?

  4. Dette kan skje med alle hylsefabrikat i alle kaliber. Det kan vere ein kombinasjon av svak messing, for mykje pressing som Per-S påpeika, for stor diameter på kulene og/eller for hard krymp. Det kan óg vere at kammeret er litt romt, sjølv om det er meir tvilsamt sidan det då truleg hadde skjedd med fabrikkammunisjon óg. Mogleg det er ein optisk illusjon, men det kan sjå ut som at hylsa bular litt utover framfor hylsehovudet? Dette kan óg vere pga. hylsa har revna.

    Det som er litt merkeleg er at eine hylsa ikkje har revna frå hylsemunningen, dette er litt atypisk for pistolammunisjon.

  5. Som regel så taklar ikkje slike pletterte kuler noko særleg høgare fart enn ca. 1200 fps, så dette kan vere noko å gå ut frå. Ladar du friskare enn det så er det nok tryggast å gå for ei mantla kule. Eg har testa pletterte kuler frå Frontier og Rainier i fart opp til 1400-1500 fps i revolvar, som ikkje er like følsam. Kulene var omtrent fri for koparbelegg etterpå, og eg gjekk over til andre kuler. Elles så har @Vargen dekka de meste.

  6. Det er aldri ei ulempe med like lange hylser i pistolkaliber, men kor store fordelane er varierar. Spesielt i kaliber der krymp, då spesielt rullekrymp, er viktig, så er det ein stor fordel med like lange hylser. Eg trimmar, eller i alle fall sorterar vekk, altfor lange/korte hylser i større pistolkaliber, men eg har aldri brydd meg med å trimme mindre pistolkaliber, heller ikkje 45 ACP. Har kula du skal lade med krymperille? 

    Du kan no alltids trimme eit antal hylser og samanlikne med utrimma hylser. Ser du ingen skilnad på skiva, så kan ein spørje seg om det er verdt bryet.

    • Like 1
  7. Sidan denne tråden først vart løfta, så kan eg kome med innspel. Som ein tidlegare talar sa, dette vitnar om feiljustert die, mest truleg sizedia. Ein kan tydeleg sjå merker på alle stasjonane etter kontakt med dia. Mogleg kammeret i dia er litt i lengste laget, og må ha solid kontakt med hylsehaldar for å oppnå korrekt headspace. I ei einstasjonspresse er dette normalt ikkje noko problem, dei hylsehaldarane er laga for det. Hylsehaldarplatene i progressive presser er sprøare og ikkje laga for same belastning. Ein bør då heller fjerne litt av botnen av dia om det er vanskeleg å oppnå korrekt headspace.

  8. Som nemnt over, å få nokon til å lade til deg er nok vegen å gå, om du vil ha ammunisjon til .50AE og ikkje evt. .44 Magnum, óg nemnt. Langt billegare blir det nok óg å få nokon til å lade. Starline har hylser på lager, det same kan ikkje seiast i dei fleste andre kaliber. Hylser ser dessverre ikkje ut til å vere tilgjengelege innanlands.

  9. On 9/20/2023 at 6:03 PM, stigfender said:

    Lee Factory Crimp har fire "kjeftar". Så du ville berre fått fire merker. Og det er ofte veldig lite åpning mellom kjeftane. Ser ikkje glipa mellom desse utan ei form for forstørrelse. I alle fall etter mi erfaring. 

    Dette har du nok rett i, etter det eg kan sjå på mine diar så stemmer det.

  10. Eg har vore ute for nokre slike boksar, og ein metode eg brukte for å fjerne rust var å drysse krutet frå litt høgde, 50cm eller meir, ned i ei stor trakt. Eit par omgongar med dette, og mykje av ruststøvet forsvann. Det er ein fordel å gjere dette utandørs, gjerne med ein svak bris.

    • Like 2
  11. Nokon som veit kva type rail som er på Sphinx 3000-pistolane? Tenkte å bestille ein montasje frå Carver Custom, men er usikker på railtypen. Eg prøvde meg tidlegare på ein universal, men det passa ikkje. Dei andre alternativa er Glock, M&P og XDM. Er usikker på om nokon av desse har same railtype som Sphinx 3000?

×
×
  • Create New...