Jump to content

magnum_mauser

Members
  • Posts

    886
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    11

Posts posted by magnum_mauser

  1. Når ein leser spesifikasjoner på kjente varmevester frå til dømes heat experience, so har dei varmetråder i ryggen og på brystet, dvs 2 felt. Men det selgast ein del vester frå mindre kjente merker der det blir reklamert med betydelig fleire felt, f.ex 9  ulike varmefelt, til og med i nakkekragen. Ein norsk butikk køyrer knallhardt på slike vester til ein hyggelig pris i desse dager.

     

    Er det nokon som har testa desse vestane opp mot dei meir kjente merka som har vert solgt siste åra, som kan seie noko om kvalitet og om der er noko å hente på dei ekstra varmefelta?

  2. 15 minutes ago, Ludoben said:

    Står en del om temaet rundt om, men blir liksom ikke riktig klok. Ja det er forskjell på opplevd rekyl og teoretisk rekyl, en 30-06 gir et skyv mens en  270 win gir et skarpt spark. Jeg anser meg selv som veldig svak for rekyl selv om jeg forsåvidt har gjort mye for å forbedre rekylopptaket. At jeg er bitteliten gjør meg absolutt ingen tjenester 😂

    Jeg jakter med 30-06 både i ei boltrifle og en halvauto, begge med demper men har skutt mye uten demper også. Syntes det er i øvre sjiktet av hva jeg er komfortabel med (uten demper), men hadde ikke hatt noe imot om det sparket litt til (men ikke for mye). Så la oss se på det teoretiske: en normal rifle med normal løpslengde og 180 grains kule i 30-06 sparker omlag 22 pund. Spørsmålet mitt da er hvor mye mer man vil oppleve 30 pund? Eller 25? Hvis jeg er nært det jeg syntes er behagelig når jeg skyter med 22 pund, er jeg da langt over grensen ved 25 pund? Vil jeg klare å håndtere en 458 win mag som sparker 55 pund? Så kan selvsagt mye gjøres med en lyddemper… :)

     

    Vanskelig å svare på uten å prøve det, men jeg håper noen her med en høyde på ca 172 og vekt på rundt 60 kilo kan svare på hva de selv har erfaring med 😁🤣

    Eg har ikkje so mykje å bidra med, utover at eg hugser ein samtale eg hadde med ein norsk børsemaker som er kjent for å bygge flotte custombørser. Han fortalte at han hadde eit utenlandsk kunde han hadde bygd ei rifle til, eg er ikkje 100% sikker på kva kaliber det var, men det var 505 gibbs eller "verre". Han fortalte at når kunden kom til landet for å hente børsa, fekk han sjokk, mannen var bitteliten - lav og spinkel. Men han handterte den særs grovkalibra boltrifla som ein drøm og hadde skutt blandt anna bøffel med den i ettertid. 

     

    So det eg konkluderte med av den historia er at sjølv den minste mann (eller dame) kan tydeligvis lære seg å handtere heftig rekyl - fysikk er ingen nødvendig forutsetning. 

     

    Sjølv har eg ei 9,3x62, ei griselett 338 win mag og ei 416 rigby, som alle er våpen med relativt mykje rekyl - 338'n er verst. Eg er i utgangspunktet ikkje redd rekylen, men på trening koster det allikevel mykje energi å skyte godt med rifler med heftig fråspark, eg blir fort sliten. Men det eg virkelig er livredd, er kombinasjonen kikkertsikte + augebryn. So det viktigste for min del når det gjelder rekyl er å ha optikk som står i stil med rekylen - eg har ein bushnell med lang augeavstand på 338'n og på rigbyen har eg aimpoint 😉

    • Like 1
  3. Les heile innlegget mitt @Per-S, som tok føre seg unge brushaner som skriver med store bokstaver og graver seg ned i relevante og ikkje fult so relevante problemstillinger.

    Eg kunne utdjupa det yttligare kva eg meinte med å trekke fram dei to jegerane som skyter med "forelda og dårlige" kuler, men kammeret er i desse dager smitta av ymse troll, og beste medisinen mot slike er å tie dei ihjel - og eg har ikkje tenkt å gje dei meir å kverne på 😉

    • Like 1
  4. Ein "liten" tur på jakt i dag. Eg sendte frua avgårde som hundefører med ein 6 mnd gammal baby i bæremeis og eg satte meg strategisk til innerst i ein dal, på toppen der eit plantefelt slutter. Det er den mest naturlige trekkruta hjorten har ut av plantefeltet dersom dei skal inn på fjellet, det andre alternativet er rett opp fjellsida der det er so bratt og ulendt at hjorten skjeldent går. 

     

    Unghunden er 16 mnd gammal og har ikkje erfaringer av relevans å snakke om, som laushund - då eg har prioritert blodspor og ettersøk. Men vi slapp han for første gang for ei veke sia og han støkka ut kolle med kalv av eit lite plantefelt, han fulgte etter eit par hundre meter og kom deretter tilbake. Derfor var eg egentlig litt optimistisk i dag og spent på korleis hunden ville oppføre seg og korleis frua ville takle jobben som hundefører. Eg satte meg på post og gav beskjed over radioen at ho kunne sleppe hunden og etter 10 minutter seier ho at hunden er ute på 170 meter, og for å være kortdriver uten snev av erfaring - konkluderte eg med at det var jo veldig bra. Etter 10 minutter kjem ho på sambandet å seier at astroen har mista kontakten med hunden, eg ba ho sjekke kartet og det viser seg at hunden har tatt ut dyr og reist beint oppover fjellsida og er på vei innover fjellet. Eg møtte ho og overtok gps'n og fulgte først etter, då det bar langt avgårde og eg er ikkje komfortabel med at han reiser inn i naboterreng her i hundefiendtlige Sunnfjord. Men eg såg at han stoppa og tok baksporet sitt, so eg gjekk tilbake og møtte han i det han nesten var komt tilbake. 

     

    Det går ein enslig kalv i området vårt, eg misstenker at det må være den hunden har fulgt etter i dag. Gamlehunden har aldri fulgt dyr stort lenger enn 500-600 meter hvis dei har reist rett avgårde etter uttak, men unghunden fulgte på i nesten 3 kilometer dag!

     

    Litt uventet det som skjedde, men det mangler ikkje på jaktlyst hjå unghunden hvertfall 😂

  5. @t-trim Eg har ei 308 med kort pipe (42 cm) og eg var usikker på kulevalg når eg ønska eit blyfritt alternativ. Eg enda opp med rws sin evelution green på knappe 140 grns og har skutt ca 20-30 hjort med den, frå 20 til 250 meters hold. Den kula oppfører seg i praksis lik nosler partition og eg er svært nøgd med den. På korte hold, lager den litt "vei i vellinga", men ikkje på eit nivå eg anser som problematisk. Og på 250 meter ekspanderte fremste del av kula og bakre del sto i skinnet på utgangssida - i alle andre tilfeller har eg hatt gjennomskudd. Den har fantastisk presisjon i mitt våpen, den gir tydelige skuddteikn og slakta er fine. Og eg føler meg trygg på at kula oppfører seg som den skal innenfor dei avstandane eg skyter på.

    • Like 2
    • Thanks 2
  6. Etter utallige turer i plaskregn, der begge riflene stort sett akkurat rekker å bli tørre før det er ny tur i herlig vestlandsvær: er det greit med ein kjapp tur på skytebana av og til, for å kontrollere at alt går som det skal. Eg trur aldri eg har opplevd avvik, men det er utruleg godt å dobbeltsjekke i løpet av jakta uansett. 

    "The tool" til venstre er med kort 308 pipe og blir brukt til postjakt, skikkelig grisevær, ettersøk og når eg er hundefører. "The mule" til høgre har eg 338 win mag pipe i, og den klokker inn på 3,4 kilo med ein liten bushnell - hendig og kjekk på lange turer og til smygjakta. Men det er ei særdeles fyrig dame! Kombinasjonen av kaliber og vekt gjere denne dama skremmande lik ei Estisk dame eg hadde eit kort og intenst forhold med i ungdommen: Rå og heftig, men slitsom i lengda 😂

    20211030_122234.jpg

    • Like 6
    • Haha 1
  7. I eit framtidsrettet perspektiv der ein desverre bør tenke eit kommande blyforbud, ville ei 308 med ei koparkule på 150 grn blitt valget om eg måtte tenke eit våpen til absolutt alt. Hvis ein kunne fortsatt i overskuelig framtid med blyholdige kuler, trur eg valget ville blitt ei 8x57 med ei 196 grns kule.

  8. 23 minutes ago, amatør said:

    Linsepenn er absolutt det beste for å få det rent ut til kanten.

     

     

    Ellers er svakt zalovann, bra. En kollega av meg var en gang hos Leica, det var zalo de brukte.  Det beste er å bruke destillert vann, f.eks vann fra tørketrommel filtrert gjennom et kaffefilter (det er fibre i vannet) Destillert vann setter ikke tørkeflekker.

    Eg fekk pepper av ein optikker ein gang, fordi Zalo og tilsvarande såper hadde poleringseffekt og ville lage mikroskopiske riper i brilleglass, linser osv - det er nødvendigvis ikkje reelt?

     

    Eg skal sjå om eg får kjøpt meg ein linsepenn.

  9. Eg er desverre smått autistisk og pirkete på enkelte områder 😶 møkkete linser er definitivt noko som irriterer meg grenselaust, spesielt på handkikkerter! Uansett korleis eg går fram, so får eg dei aldri heilt 100%, det er som regel alltid ein kant ytterst på linsa som eg ikkje får rein. Eg har forsøkt alt frå skylling av linsene under rennande vann, noko som fungerer greit, men eg får tørkeflekker på linsene, prøver eg å tørke dei etterpå - får dei skjolder. Eg har også settet frå Zeiss, med blåsebelg, børste og våtservietter/spray&klut. Men sjølv om eg bruker settet frå Zeiss, synes eg det ligger igjen eit belegg på linsene og spesielt rundt kanten. Legger ved eit bilete der eg har fulgt framgangsmåten Zeiss anbefaler med sitt sett, men det er fortsatt ikkje 100%.

     

    Korleis går dykk fram for å få strøkne linser?

    20211027_095830.jpg

  10. 27 minutes ago, Per-S said:

    Dette er bare tøv, og når jeg leser flere innlegg fra samme Experten kommer jeg på en av Sluttstykke/Kammerets dyktige bidragsytere som hadde noen ord under sitt nick "Den som har skutt en hjort vet alt, senere avtar det"

    Kloke ord! Eg tenker det er ein prosess dei fleste må gjennom, ungdomsbryst og ufornuft er eit kjent utrykk i mine trakter. Balansen mellom kjepphøge nybegynnere og oss som har helde på ei stund - den kan være krevjande 😂

     

    Ein liten men relevant digresjon er ein opplevelse eg hadde på den lokale våpensjappa for ein del år sia. Der kom der inn ein kar eg kjente. Han var relativt uerfaren jeger til tross for at han var voksen. Han jakta i ein av dei beste hjorteterrenga ein kan oppdrive og hadde ein våpen og utstyrsgarderobe som rett og slett var enorm! Men til tross for terrenget og alt utstyret, skaut han som regel 1 hjort pr haust på dei tider. Han kom inn i sjappa og vi prata litt, han formidla at han skulle ha seg ein ny jaktkniv. Eg sa at han burde sjå på ein swingblade, eg hadde brukt den eit par år og var godt fornøgd med den. Eg gløymer aldri det nedlatande utrykket og tonen vedkommande hadde, då han svarte "swingblade? ha! den er ikkje god nok" 😂

     

    Eg kjenner to jegere som til sammen har skutt ein plass mellom 800 og 1000 hjortevilt gjennom lange liv som aktive og dyktige jegere. Desse to bruker oryx og partition - kuler som av diverse bedrevitere her inne blir sett på som forelda og ubrukelige kuler til matvilt 😉

    • Like 2
  11. @Vxr Hei, eg har brukt den ein del siste året og eg må seie at eg liker den godt. Eg opplever den som veldig støysvak, den har gode praktiske løysinger, eg hater den integrerte pulshansken som er på den - men det er ein smakssak. Eg vurderer den som like vanntett som det meste anna på markedet med ein eller anna membran: er ein ute ein heil dag i regnvær, blir ein våt til slutt. Ytterstoffet blir tungt og vått etter ei stund ute i regn, men eg har spraya den med impregnering med jevne mellomrom og det hjelper godt på - totalt sett eg er godt fornøgd. 

     

    Men Blaser har komt med to nye modeller av anorakker i seinare tid, ein kort og ein lang modell. Og desse skal være forbedra modeller av den eg har, der ytterstoffet blandt anna - ikkje suger til seg like mykje vann som den eg har. Eg ville vurdert den lange utgaven av den forbedra modellen.

    • Like 1
  12. Eg har brukt Barnes tsx 250 grns og Nosler partition 286 grns på hjort og har hatt særs fine slakt med begge desse kulene. Eg har høyrt utelukkande positive erfaringer med mega i 9.3, so eg trur du har vore uheldig. Ein vil alltid oppleve enkeltsituasjoner er kuler ikkje fungerer som ein forventer og det er ikkje urimeleg at det er nettopp det som har skjedd her. Fortsett med kula og skyt nokre dyr til og sjå korleis det ser ut då. Eg har mega liggande, men den blir valgt vekk fordi eg desverre ikkje får god presisjon med den - satt opp mot dei andre kulene eg brukar.

    • Like 2
  13. Då vart det nytt skjefte til min r93 lux. Det orginale skjeftet vart skjemt etter ein børsemaker skulle legge ny finish og eg var heldig og få dette skjeftet til ein særdeles hyggelig pris. Estetisk synes eg ein lux med svinerygg er finast og eg gleder meg til å få denne i hus. Då kan eg bruke denne ei stund og få reparert den andre - og so får eg sjå kven av dei eg velger å beholde.

    received_445929663826774.jpeg

    received_257651476300304.jpeg

    • Like 5
  14. @Nybegynn3r Opplevelsen du refererer til var ganske spesiell ja, det var Blaser sin ammunisjon, dei bruker 160 grns barnes kule. Men det skal seiast at kula hadde ekspandert og soppa seg so perfekt at Barnes kunne brukt den som reklame for sine kuler. Den episoden handler nok meir om maksimal uflaks (ein kan faktisk sende ei kule gjenbom bogen uten å treffe vitale organer om ein har maks uflaks) kombinert med at dette dyret var støkka før eg skaut det. Eg skaut ein stor bukk med denne ammunisjonen i fjor haust og då oppførte kula seg også som den skulle og hjorten daua "normalt". Men å kombinere 308 med kort pipe og ei unødvendig tung messingkule slik som eg har gjort, er neppe optimalt - 150 grns kule hadde harmonert bedre.

×
×
  • Create New...