Jump to content

VestlandsJeger

Members
  • Posts

    4,237
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by VestlandsJeger

  1. No er Luster ein av dei større kommunane i landet, so eg trur ikkje eies skal måtte svare for alle grunneigarane der, karar :wink:

     

    Snittalderen på hanndyra er nok lågare enn den bør vere mange stader, både i Luster og i dei fleste andre kommunar her i vest. Men det går rette vegen. Ser ein på avskytingstala so har andelen vaksne hanndyr i avskytinga gått ned dei siste åra (frå ca 33 % vaksne hanndyr i 1986 til ca 22 % i 2009, tal frå SSB).

    Særleg tydeleg er denne utviklinga i dei kommunane og områda kor ein har skipa storvald og laga bestandsplanar, med dei mogelegheitane ein har der til ei meir detaljert avskyting enn kva kommunane kan pålegge.

    (Ikkje meininga å vere frekk, men på dette feltet ligg nok feks Indre Sogn litt etter resten av fylket...)

     

    Mange stader kor ein har redusert andelen vaksne hanndyr i avskytinga har ein sett ein veldig positiv trend dei siste åra med fleire observerte bukkar, større og aldre bukkar, og meir brøling.

  2. Eg er i utgangspunktet einig med deg, eies. men eg trur vi må sjå litt større på det.

     

    Den eine storbukken ein slepper forbi bygger ikkje ein bestand aleine, og det eine trofeet som ein medler på gevirkonkurransen øydelegge ikkje ein bestand aleine.

    Legg ein opp til ei forvalting som skal produsere trofe (med dei begrensingane og forpliktingane som ligg i den), og følger denne forvaltinga disiplinert, so kan ein nok etterkvart ta ut ein del fine trofe etterkvart. Og for so vidt vere stolt over kva ein har klart å få fram av trofe.

     

    Men dette er ikkje noko eit gjennomsnittleg jaktfelt har verken areal eller disiplin til å få til, og det er ikkje noko ein får til på kort sikt.

     

    Trofejakt? Gjerne det om forvaltinga og stammen har rom for det. Men om ein driv med det ukritisk kan ein gjere ein del skade.

  3. Er vel ei lita gråsone dette.

    Sånn som eg har forstått det so skal våpen oppbevarast i bebudd hus, på våpeneigar si folkeregister-registrerte adresse.

    So det kjem vel an på om eit anna hus på same adresse er å betrakte som din registrerte bustad.

     

    Utover det so kan ein søke om disp, og ein kan skrive utlånserklæring for 4 veker i slengen.

     

    Eg er for all del opptatt av at vi skal ha trygg og sikker oppbevaring av våpane våre, men denne forbanna gauke-regelen her verkar ofte mot sin hensikt.

  4. Ny jakttidsforskrift er jo ute på høyring no, og forlenga jakt på tiur er ikkje med i forslaget.

     

    Dersom ein ønskjer dette, må ein få spela inn det gjennom dei instansane som er høyringsinstansar. So sett press på kommunar, fylkeskommunar, jakt- og fiskelag, bondelag, skogeigarlag osv osv osv og få dei til å spele det inn som innspel til høyringa.

  5. Dette ansvaret er vel eit ansvar vi jegerar bør vere i stand til handtere vel? Eller har vi so lave tankar om oss sjølv at vi er i tvil om at vi klarar å halde igjen?

    Alle veit at sjansen for at det ligg ein kalv igjen i skogen er større ved tidleg jakt. Dette er då vel noko vi klarar å ta omsyn til?

     

    Dei jegerane som veit at dei klarar å halde seg til tommelfingerreglane om å aldri skyte kolle før kalv, samt alltid vere sikker på alder før ein skyt fjorkoller tidleg i jakta, kan vel få lov å starte jakta 1.sept?

    So kan dei jegerane som trur at dei ikkje taklar dette ansvaret vente med å jakte til 1. okt eller noke sånt.

     

    Heile hjorteforvaltinga hadde vore mykje enklare om alle først og fremst konsentrerte seg om å jakte på ein god og forsvarleg måte sjølv. Og heller bekymre seg mindre for kva ein mistenker at andre jegerar kan takle og ikkje takle av ansvar...

  6. eg kjøpte meg denne før helga:

    http://www.skittfiske.no/aspx/produkt/p ... plid=49888

    Syns den virkar veldig grei, men har ikkje fått testa den enno.

    Men; har ein pengane og er villig til å legge i litt ekstra, so er nok ei 5-delt BeastMaster vanskeleg å slå...

     

    Eg likar å holde meg til Shimano når det gjelder sneller og. Favoritten min er Sedona'en, mne det ser ikkje ut som om den er i salg lenger...? Shimano har uansett eit breitt og stort utvalg der ein får i alle prisklasser.

  7. Rypejakta mi har vore nedprioritert og halvhjerta i mange år no. Eg trur jammen ikkje eg har skote rype dei 2 siste sesongane.

    Men eg har bestemt meg for at i haust skal eg i alle fall sette av ein septemberdag til ein god gammaldags rypejakttur på fjellet heime.

    Eg ikkje ofre hjorten ein tanke den dagen, og kun ta med meg sideliggern. Ingen kombi eller rifle på ryggen.

    So skal eg helst gå aleine, slik at eg ikkje har nokon som helst begrensingar på kor eg kan gå og kor eg kan skyte :)

    Viss eg er griseheldig får eg meg kanskje ei rype eller to.

     

    Ellers so såg det lovande ut i fjella heromkring rundt påsketider og i vår. Såg uvanleg mykje stamfugl på påsketurane og sett bra med ryper langs vegane når eg har køyrt over fjella etc. Får krysse fingrane for at det vert eit bra år!

  8. Jenny:

    Eg er heilt einig med deg i at vi skal godta samspelet mellom artane. Men som du sjølv har påpeika, so har vi ein art oppi dette her som har so vannvittig mykje meir innverknad på systema enn alle andre, og det er oss sjølv (mennesket) og våre aktivitetar. Av og til er det enkelte artar som dreg veldig fordel av menneskeleg aktivitet. Når bestandar av desse artane vert kunstig store pga oss so går det ut over andre artar og ut over biodiversiteten. Då må det regulering og tiltak til, og etter mitt syn er det mennesket si plikt å rydde opp etter seg. Det gjeld ikkje berre søppel som du nevner, men det gjeld og ubalanse.

     

    Dette betyr ikkje at vi skal utrydde måker, langt i frå. Men det betyr at enkelte stader er det kanskje kunstig høg bestand av enkelte artar, t.d. måkeartar. Andre gode eksempel er raudrev, kråkefugl og faktisk hjortevilt. Merk at dette på langt nær gjelder over alt, du har sjølv nevnt lokale variasjonar.

    Derfor må det enkelte stader beskattast på artar som ikkje bør beskattast andre stader. Særleg der bestandane er sopass høge at dei og fører til skade og ulempe. Dette er det opningar for i lovverket, og det må både eg og du og andre godta sjølv om vi gjerne set pris på både fiskemåse og andre sjøfuglar i sine naturlege habitat, i naturlege mengder.

     

    (Nesten) alt som gjev liv til naturen er positivt. Men når noko liv fortengjer anna liv (du har sjølv nevnt mink) so er ikkje det bra.

     

    PS: Ikkje for å vere frekk, Jenny. Men du bør kanskje lese deg opp litt på ferskvassøkologi før du forfølger den akkurat tråden vidare. Det er ikkje alt i resonnementet ditt der som heilt held vatn... :wink:

  9. Ungfugl av måse skal faktisk vere veldig god på smak. Meinar eg har lest at den har scora betre enn rype i blidtest.

    Har aldri smakt måse sjølv, men har smakt kråke. Det var finfint det :)

  10. Blir direkte flau på vegne av forumet og jegerstanden når eg ser korleis enkelte svarar Jenny her. Eg er på langt nær einig med brukaren Jenny eller NOAH for den del, men syns vedkommande argumenterer stort sett sakleg og ryddig her. I motsetning til enkelte andre. Prinsippet om å diskutere sak og ikkje person burde vere grunnleggande i all debatt!

    Veldig flott om du blir på forumet og kjem med innspel, Jenny. Sakleg diskusjon er alltid sunt!

    (Om det skulle vere nokon her som ikkje likar å lese innlegga dine eller til andre enkeltbrukerar, so fins det funksjonar for å sleppe det)

     

    Måker ja:

    For det første so må ein ikkje generalisere og skjere alle måseartane under ein kam, for her fins som kjen t fleire artar som har ulik status, ulik utvikling og ulike behov.

    Gråmåse og svartbak fins det rikeleg av og bestandane aukar. Bestandane av desse bør reduserast, då dette er artar som har kunstig høge bestandar grunna at dei er so tilpassa mennekeleg aktivitet. Eg trur at redusering av desse bestandane ville hatt positiv effekt på fleire andre fugle- og dyreartar langs kysten. Kanskje hadde det og blitt betre rom for fiskemåsen i sitt naturlege og opprinnelege habitat.

     

    Krykkje, sildemåse, hettemåse, ternene og enkelte andre har hatt ei negativ utvikling, og for feks krykkje og ternene ser det ikkje bra ut. Dei er ikkje jakt på og det er ein grunn til. Eg håpar verkeleg at jegerar som jaktar på måse er sopass seriøse at dei kjenner igjen dei ulike artane og ikkje feller desse.

     

    Fiskemåsen er i ei mellomstilling, då den er i nedgang i enkelte områder og i auke andre områder. Den slit langs i alle fall delar av kysten, samstundes som den aukar i innlandet og fjellet. Den har alltid vore i visse mengder i låglandet med på fjeller et den "ny" og framand, og har visse negative effektar for anna fiske-, dyre-, og fugleliv. Det er altso ikkje berre fryd og gammen med fiskemåsen slik som eg ser det. "Måsemakken" er ein snyltar som alltid har vore til stades i ein del ferskvassmiljø, men fiskemåsen er nok med å spreie denne til nye vatn og vassdrag, særleg i fjellet. Måsen skal ikkje ha all skulda for dette, men at den er med å bidreg er eg ikkje i tvil om. Etter mi meining bør den derfor beskattast og reduserast i innland og fjell.

  11. Sjølv har eg ikkje skote på meir enn 600 m med Sauer (DFS-felt).

    Men viss eg ikkje tar feil so er det folk på forumet som har skote på i alle fall 1000 m med 200 STR. Kva presisjon ein får på det holdet veit eg ikkje.

  12. Uansett kor realistisk eller urealistisk det måtte vere, so er det vel neppe skadeleg for skyteferdigheitene å trene både ståande og på løpande elg... :wink:

     

    Dette er noko dei aller fleste storviltjegerar bør prøve seg på i løpet av sesongen før dei startar på jakta etter mi meining.

    Om ikkje anna so kan ein gjere seg nokre erfaringar kring korleis ein beherskar det og kan kanskje finne sine eigne avgrensingar (som so mange har påpeika).

    Ein kan jo sjølvsagt argumentere heftig for at dette er stillingar og situasjonar ein aldri har tenkt å skyte i på jakt. Men på jakt skjer uforutsette ting og alt skjer ikkje alltid som ein har planlagt eller forventa.

     

    Det betyr ikkje at eg meinar at storviltprøva bør verte vanskelegare. Den fungerer greit sånn som den er.

  13. Denne tråden er stengt, i samråd med fleire moderatorar.

     

    Årsaka til stenginga er at tråden framleis baserer seg hovudsakleg på rykter og påstander som ikkje er dokumentert.

    Moderatorkorpset ser at tråden kan opplevast som injurerande, og kammeret.no med sine 13.000 brukerar bør dessutan ikkje vere ein arena for ryktespreiing

     

    For ordens skuld; verken styret i NOJS, POD eller nokon som helst utanom moderatorane har noko med stenginga å gjere.

     

    Eventuelle klager på moderering rettast til moderatorsjef.

     

    Mvh VestlandsJeger

  14. Eg har brukt den gamle svenske forsvarsdressen ein del. Heilt suveren i kaldt ver, i alle fall buksa. Jakka er veldig tung og veldig åpen i halsen.

    Tjukk vadmel er nok ikkje det beste å bruke i skikkeleg vestlandsver, og heller ikkje på veg opp dei bratte liane, so det vert nok aldri vadmel som blir primær-dressen på jakt heromkring.

    Men til sitt bruk; Glimrande!

  15. Mulig eg tar feil, men eg trudde det var sølvkravet som tilsvarte skyteprøva. Eg trudde og at kravet var 4 av 5 innanfor på ståande - stilleståande. Men eg skal ikkje seie det sikkert atso.

     

    Dette kravet er jo vanskelegare enn vanleg skyteprøve, so det er vel få som velger denne i satden for den vanlege. Tanken er vel heller at dei som først har skote sølvkrav (eller bronsekrav?) skal få sleppe å avlegge og betale for den vanlege prøva i tillegg, når dei allereie har klart eit vanskelegare krav.

     

    At elgskytinga er ei mykje meir realistisk og "betre" prøve er eg ikkje i tvil om. Men bestanden av jegerar hadde vel blitt vesentleg redusert om denne skulle gjelde for alle :wink: Og det er vel for so vidt ikkje nødvendig heller.

  16. For dei aller aller fleste jegerar og for det meste av jakt so trur eg at ein har meir nytte av å bruke tida på å trene med hagla i staden for å rekne seg grønn på dette her :wink:

     

    Eg trur og at forskjellen mellom ulike personar, ulike hagler, ulike typar ammo og ulike haglmaterialer er større enn forskjellen mellom 12 og 20.

     

    Med tanke på alle slike reknestykker og teoriar eg har sett (og hatt sjølv :wink: ) oppgjennom åra, so er det egentlig ganske imponerande at gamlekara klarte å ta livet av noko som helst med skranglete sideliggera i 16/65... :winke1:

  17. Kva du tolkar som meininga bak bandtvangen har ganske lite å sei her :wink:

    For uansett bandtvang eller ikkje:

    Uansett bandtvang eller ikkje, so skal ein ha kontroll på hunden. Og ein er ansvarleg for den skade hunden måtte forårsake.

    Ref: Hundeloven §3:

    § 3. Generelt aktsomhetskrav

     

    En hundeholder skal vise aktsomhet for å unngå at hunden volder skade på folk, dyr, eiendom eller ting. Hundeholderen skal sørge for at hunden eller hundeholdet ikke er til urimelig ulempe for folk, miljø eller andre interesser. Blant annet skal hundeholderen søke å avverge at hunden eller hundeholdet skaper utrygghet for andre.[...]

    og §4:

    § 4. Alminnelige regler om sikring av hund. Vilkår for å la hund være løs

     

    Hunder kan være løse bare når de

    a) blir fulgt og kontrollert på aktsom måte, [...]

    Kjelde: http://www.lovdata.no/all/hl-20030704-074.html

  18. Noken har ikkje overholdt bandtvangen og dermed brote hundelova. Som eit resultat av det har hundane forvoldt skade på ein annan part sin eigedom. Saken er vel ganske klar. Både juss, logikk og allmenn oppfatning skulle vel tilseie at den skadelidande parten ikkje skal lide økonomisk pga dette. Og at dei som har handla på tvers av lovverket må betale.

     

    Uansett bandtvang eller ikkje, so skal ein ha kontroll på hunden. Og ein er ansvarleg for den skade hunden måtte forårsake.

     

    Edit: Muleg at enkelte meinar at dette er ei fillesak som ein skal sjå mellom fingrane på og ta det på eiga forsikring. Eg hadde nok ikkje gjort det! Eg meinar og at denne typen slurvete hundehold bør få konsekvensar.

  19. Eg har Remington 700 SPS Tactical. Er bra fornøgd med den. God å skyte med, fin balanse, 1:9 snurr.

    Remingtonmekanismen er enkel, solid og velprøvd. Den har eg god erfaring med frå før og. Det einaste minuset eg har oppdaga på Tacticalen er at stokken er litt vel mjuk. (Stokkane er vel generelt ikkje allverden i denne prisklassa). Men ein stokk går an å fikse litt på og eventuelt bytte etterkvart. Eg gjekk laus på min med kniv :wink:

     

    Ellers so ser ikkje den der CZ'en so aller verst ut altso! Det er og ei solid og velprøvd mekanisme.

×
×
  • Create New...