Jump to content

VestlandsJeger

Members
  • Posts

    4,237
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by VestlandsJeger

  1. Einig med Truls.

    Det er ikkje jakttid på måse no, ergo er det ikkje jakt.

    Dette har ingenting med jegerar å gjere, dette er rein kriminalitet.

     

    No brukar ikkje eg å uttale meg so sterk om slike saker som dukkar opp, for dei fleste saker har fleire sider, kan vere feil framstilt i media etc etc. Men denne jævelskapen her.... Fy F....

  2. Bygger på både personlege erfaringar og det som eg høyrer frå andre jegerar rundt om i fylket. No kjenner eg best til Sogn og Fjordane, og her oppfattar eg ikkje dette med samjakt som eit problem. Her er vi tynt befolka og eg har inntrykk av at det er plass nok til alle. No kan det hende eg er heldig stilt, men eg kan ikkje hugse å ha fått begrensingar på småviltjakt ein einaste gong, grunna storviltjakt.

     

    Det kan for all del hende at dette problemet er større enn eg er klar over, og særleg når ein kjem lenger sør og nærmare Bergen.

  3. Da tror jeg nesten du får lese en gang til, det står da vitterlig til 23.12?

    Det er ikke alle kommuner som har utvidet hjortejakten til Jul men som slutter av 15 Nov...

    Heromkring har vi hatt hjortejakt til 23.12 i eit par år allereie, og eg har ikkje registrert at det har skapt særlege problemer for dei som vil jakte småvilt.

    Ellers so er ikkje denne "konflikten" so veldig veldig stor på desse kanter uansett. Småviltjakta foregår i grove trekk over tregrensa og hjortejakta i grove trekk under. Det kan jo vere ein og anna harejeger eller skogsfuglejeger med hund, men dei er det ikkje so altfor mange av.

     

    Og, som andre har påpeika so er det meste av areala her private, og då er det jo opp til grunneigar å bestemme kva som skal jaktast.

  4. Eg er høgrehendt, men med dominant venstreauge. Skyter vel og merke ikkje praktisk (utanom stridsskyting i Forsvaret og no i HV), men skyter DFS, diverse rifle og littegrann hagle.

    Mulig det er eg som er enkel og tar ein del snarvegar men eg har aldri oppfatta dette som noko problem. Det har i alle fall aldri falt meg inn å gå over til links.

    På DFS-skyting må eg ha lapp foran ventre auge for å slappe av. I all anna skyting tenker eg ikkje på det, reknar med at eg kniper igjen venstre auge eller myser med det.

  5. Ser ut som om det var ein lang dag...

    På bilde nummer to står der ein boks med fatøl i bakgrunnen. På bilde nummer tre har dei gått tom for øl og må drikke sider. På bilde nummer seks står der ei kaffikanne og ei flaske raudsprit i vinduskarmen....

    :mrgreen:

  6. Lenger jakttid passar vel aller best for oss som er glade i å jakte og vil jakte mykje, gjerne i ulike terreng.

    Skjønnar ikkje heilt korleis det skal passe late jegerar å få lenger jakttid. Ein må jo uansett jakte for å få dyra.

    Tvert i mot kan ein med lenger jakttid stresse mindre og bruke meir tid på jakta. Viss ein likar å jakte då, vel og merke.

     

    Derimot passar lengre jakttid sikkert dårleg for dei som fort vert leie av jakta sjølv, men som ikkje likar at andre får jakte :wink: (Eg seier sjølvagt ikkje at desse er representert i denne tråden, men dei fins...)

     

    Edit: Og ja, det er jammen på tide at vi no får lik jakttid over heile landet!

  7. Det blir no litt snålt å diskutere forskjellen mellom to so like kaliber. Forskjellen eksisterar først og fremst på papiret (med unntak av kasselengde då). Er ein ute etter å optimalisere dei eigenskapane der den eine kanskje er ørlite betre enn den andre, fins det bøttevis av andre kaliber.

     

    Men for all del, det er ikkje meininga å legge dempar (hehe, tok du an...?) på denne gode, gamle, evigvarande diskusjonen :wink:

  8. Hei

     

    Det er ingen tvil; Rådyr er storvilt. Dette står i Forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst:

    § 3. Definisjoner

     

    Med storvilt menes i denne forskrift følgende viltarter: elg, hjort, dåhjort, villrein, rådyr, villsvin, muflon, moskusfe, bjørn, ulv, jerv og gaupe. [...]

     

    Men som amatør seier, ein slepper å betale ekstra.

  9. Viss ein ikkje har budsjett til å rive i ein Leica, Zeiss eller Swaro, ville eg gått for Opticron eller Nikon Monarch.

     

    Har Opticron Countryman 8x42 sjølv, og er godt fornøgd med den. I alle fall etter at eg fekk fiksa den, noko som gjekk fint på garantien og var kostnadsfritt.

    Har og kikka litt i ein Nikon Monarch 8x42, og mitt umidelbare inntrykk var at den var av omtrent same optisk kvalitet som min.

    Kan kanskje gå opp på 10x dersom den skal brukast til mykje sittestillande spotting, der du kan få støtte på knea eller liknande.

  10. Slik som det fungerer heromkring so inneheld bestandsplana ei avskytingsavtale som vert inngått mellom kommunen og storvaldet. Dersom avskytinga ikkje er i tråd med rammene i den avtala, so er det avtalebrot frå storvaldet si side. Det får ikkje noko rettsleg etterspel, men det går ut over tillitten som kommunen har til storvaldet. Som igjen kan føre til at kommunen vert strengare når dei skal godkjenne neste bestandsplan, eller andre søknadar frå storvaldet (pengar, skadeløyve etc)

  11. Som C.E.A. påpeikar, so står dette i forskrift om forvalting av hjortevilt og bever, i § 14:

    § 14. Bestandsplan og fellingstillatelse

     

    Kommunene skal stimulere og legge til rette for jaktrettshavernes bestandsplanlegging.

     

    Kommunene kan godkjenne en flerårig, maksimalt 5-årig, bestandsplan for vald godkjent for jakt etter elg og/eller hjort. Planen skal inneholde målsetting for bestandsutviklingen og plan for den årlige avskytningen i antall, fordelt på alder og kjønn. Planens målsetting skal ta hensyn til offentlige målsettinger for å bli godkjent. Når godkjent bestandsplan for vald foreligger, skal kommunen gi en samlet fellingstillatelse for hele planperioden som valgfrie dyr.

     

    Ved fastsetting av nytt minsteareal i løpet av planperioden, skal kommunen tildele ny fellingstillatelse. Ved vesentlige avvik fra godkjent bestandsplan, eller ved vesentlige, uforutsette endringer i bestanden i området i løpet av planperioden, kan kommunen vedta å trekke godkjenningen tilbake og tildele ny fellingstillatelse.

    Det er der eg har dette i frå :wink:

    Kommunen kan berre tildele valfrie løyver til godkjente bestandsplaner.

     

    Forresten... Det at enkelte jegerar og/eller grunneigarar ikkje føler behov for kvotefri jakt på kalv. Er det eit godt argument for at dei som vil ha det, ikkje skal kunne få det? Forslaget går ut på at det skal gå an å søke om kvotefri jakt på kalv for dei som vil.

  12. Loaded: problemet her er at bestanden av hjort kan variere mykje innanfor eit ganske lite geografisk område. Og når folk vil ha flest mogleg løyver, henviser dei til andre plassar i kommunen, der det er større hjortetettheit og brukar den bestanden som argument for si nedskyting.

    Dette er ei av dei største utfordringane i den lokale forvaltinga dessverre. Misunnelsen er større enn kjønnsdrifta og alle er opptatt av at fordelinga skal vere rettferdig. Det funkar dessverre dårleg i høve til hjorten då den ikkje har skjønt desse demokratiske prinsippa som vi er opptatt av :wink: Grunneigarar og jegerar må nok berre tåle at enkelte andre har meir løyver i forhold til arealet enn dei sjølv har...

     

    Elles har eg eit intrykk av at bestanden har auka i innlandet og gått nedover i kyststrøk.
    Eg har inntrykk av det same. I ein del av kystkommunane er vel det heilt i tråd med målsetninga, so det er jo bra. Men det fører jo til ein del nye utfordringar no når ein skal prøve å holde ein bestand stabil.
  13. Ser man på de som avler hjort i hegn så slakter de i okt. når dyrene er ca.1,5år, men de har muligens ikke forstått dette??

    Dei har i alle fall forstått at dei har hjorten i eit miljø der dei har tilnærma 100 % kontroll på migrasjon og vinterdødligheit. Dei veit at den kalven dei har i hegna vil dei ha der til den er 18 mnd gammal. Hadde ein hatt same kontrollen på den viltlevande hjorten ville det utvilsomt lønne seg å spare alle dyr til dei vart fjordyr.

     

    Tilslutt vil jeg spørre folket: hvilken glede er det å skyte en hjortekalv, selv synes jeg det nesten er en tragedie hver gang jeg må skyte en kalv fra mora. Men jeg har evnen til å glede meg litt over å få tatt ut en morløs kalv så den slipper å lide igjennom vinteren lavest på rangstigen i flokken.

    Muleg at eg er barbarisk og primitiv, men eg føler samme glede over å felle ein kalv som ved å felle eit kva som helst anna dyr. Kjøtet er prima og i mine auge er det forvaltingsmessig trygt og fornuftig. Lett å få med seg heimatt er den og :wink:

    Morlause kalvar bør vel einkvar seriøs jeger eller jaktlag legge ektra innsats i å få tatt ut. Og det har eg inntrykk av at dei aller fleste gjer.

  14. For min del og våre vald sin del spelar det ingen rolle. Vi skyter minimalt med kalv likevel. Trur likevel at kvotefri jakt på kalv vil føre til store uttak av kalv i enkelte områder, og då forsvinner tilveksten av fjordyr. For dei som leiger jakt og tenker kortsiktig blir det då fort til at dei skyter alle kalvane dei kjem over.

     

    Dette med beiteskade og skade på skog er jo greit, og eg har full forståelse for dei grunneigarane som slit med det. Det er likevel muleg innanfor dagens kvoter og system å redusere dette ved å skyte meir produksjonsdyr, og dermed få ned bestanden på den måten. Utan at vi treng kvotefri jakt på kalv. Eg vil heller ha tilbake ei friare avskyting der kvar enkelt står friare til å velje kva dyr ein vil ta ut av bestanden på sitt området. Ja til frie dyr !

    No vert jo alle løyva tildelt storvalda som frie dyr, som igjen skal fellast etter rettshaverane sin eigen avskytingsplan.

    Friare avskyting kan vere vel og bra for den enkelte, men korleis vert då avskytinga til dei som leiger jakt og tenker kortsiktig?

    Vel, det kan nok styrast av retthaverane som leiger ut jakta. Dei bestemmer jo sjølv kva løyve dei selger. Men då kan dei vel gjere det med kalveløyva og då?

     

    Eg trur forresten det skal mykje til før det vert tatt ut so mykje kalv at tilveksten stoggar opp. Om det fins jegerar som er so dyktige og effektive at dei klarar å stogge tilvekst gjennom å skyte kalv so er eg rett og slett imponert :wink:

  15. Eg er for kvotefri jakt på kalv for dei storvalda som er store nok og som ynskjer det sjølv. (Storvalda står jo fritt om dei vil søke om dette eller ikkje). Dette fordi eg har trua på mest mogeleg fleksibilitet og sjølvråde innan den lokale forvaltinga, innanfor visse rammer.

    Den store faren er der uansett ikkje ved å skyte ein del meir kalv. Forvaltingsmessig er det det tryggaste ein kan gjere. Tvert i mot trenger ein mange stader å legge meir av avskytinga mot dei yngste årsklassane. Er det nedgang eller andre endringar i eit område, so er det i alle fall ikkje eit resultat av kalveskyting. Det er produksjonsdyra som er nøkkelen.

     

    Når det gjelder om der er for mykje hjort, for lite hjort, oppgang, nedgang eller stabilt so får ein mange ulike meiningar. Kjem an på lokale variasjonar, kva interesse ein har etc. For ein grunneigar som misser heile håslåtten og mange store granbestand pga hjorteskade so er det ei mager trøst at nokon som køyrer forbi eller nokre jegerar i nabobygda seier at det er mindre hjort enn før. Skaden er like reell for den som vert råka.

×
×
  • Create New...