Jump to content

VestlandsJeger

Members
  • Posts

    4,237
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by VestlandsJeger

  1. Berre til opplysning:

     

    Sjøl har eg brukt 42 - 44 grs N140 bak 180 grs oryx i .308.

    Men i mange tabeller, og i alle fall med nye Lot'ar i N140, er 43grs omtrent på den røde streken, og 44grs definitivt over.

    Begynn lavare enn 43 grs, og jobb deg heller oppover

  2. Skaut du alle seriane med tofot? Kan forekomme med forskjellig treffpunkt med eller uten tofot.

    Og når ein skyte med tofot, skal det vistnok vere veldig viktig at denne er i eksakt samme stilling kvar gong. Rekylopptak etc. Har eg hørt i alle fall, veit ikkje kor mykje det har å seie i praksis.

  3. Ja, for so vidt, Sako. Journalistane har god trening i det her.

     

    Men eg er einig med Truls, vi må satse på åpenhet og kommunikasjon. So får vi heller ta den "kampen" og argumentere for vårt syn, satse på velformulerte argument, fakta og sunn fornuft.

    Viss vi føler at vi må skjule det vi driver med, har vi tapt i utgangspunktet.

     

    Edit: Vi kan jo få litt hjelp av ekspertisen. Vi har feks noken skriveføre ringrevar i verstingen "Sjå og Høyr", som er over middels interressert i jakt :D

  4. Er einig med dei som meinar at jakt med salongen er undervurdert!

     

    Har dessverre jakta alt for lite med 22'en min, må eg innrømme. Og på rypejakt blir det nok forstatt hagla tidleg i jakta og kombien seinare. Men feks sniping av kråker er knallarti! Har og lyst å teste den på duejakt.

    Gjorde ei interressant erfaring i fjor, då eg prøvde å beskatte litt på ein kråkeflokk som holdt til på sommarjobben. Skaut inn på 90m, for å ha litt å gå på. Det viste seg derimot at dei fleste aktuelle skot-situasjonane var på ca 60m. Måtte holde under og det vart eit par unødvendige bom. Tipset mitt er å ikkje skyte inn på meir enn 60-70 m til jaktbruk, og holde seg innanfor den avstanden.

     

    Når det gjelder reglementet so syns eg egentlig grensa er ganske grei, men syns at haren kunne vore inkludert som lovleg art med .22. Altso opp til og med hares størrelse. Haren er no ikkje akkurat den mest hardskotne skapning på landjorda, so lenge ein helde seg til vetige skotsituasjonar.

  5. Har no lest gjennom tråden. Bra tråd! Har forholdsvis mykje på hjertet ang denne saken, skal prøve å begrense meg.

     

    Først og fremst er det umogeleg å seie noke felles som skal gjelde for alle områder ang dette med avskytningmodell. Til det er variasjonane for store i Noreg, som andre har påpeika.

    Vinterbeite er nevnt, og det er veldig viktig. Som andre har nevnt, dersom vinterbeite ikkje er begrensande faktor, vil det sannsynligvis lønne seg å skyte hjorten som ungdyr. Dersom vinterbeitet begrenser bestanden, lønner det seg truleg å skyte ein stor andel kalv.

    Kalvane har, i lag med gamle dyr, den høgaste dødsraten i ein bestand. Både med tanke på eventuell predasjon, matmangel, klima og sjukdom. Det dårlegaste utnytta kjøtet er det som dauar og råtnar i skogen. Sånn sett er det å skyte ein kalv, 25 relativt sikre kilo med kjøt.

     

    Når vi er inne på "sikkerhet" er det veldig greit å skyte kalv, eller eventuelt par med kolle og kalv. Ein veit kva ein har med å gjere; kalv og voksen kolle. Risiko for feilskyting med hensyn på kvote, og med hensyn på eventuelle kalvar som blir gåande igjen, er so godt som eliminert. Sjølv uerfarne jegerar kjenner igjen kolle med kalv.

     

    Den store fordelen med kalveskyting, er at ein gjer veldig lite feil. Det er ein veldig trygg modell, som ikkje kan slå so altfor feil, utover det at ein i ein del områder ikkje utnytter kjøtpotensialet fullt ut, dersom det er eit mål. Passar meget godt inn i "føre var" prinsippet som er politisk vedtatt at skal ligge i grunn for alle spørsmål som har med utnytting av naturressursar å gjere.

     

    Samanlikning med oppdrettshjort blir etter mi meining veldig vagt. I ei hjortehegn har ein kontroll på dyra gjennom vinteren, og ein maniuplerer alle dei faktorane som påverkar ei naturleg bestand.

     

    Personleg har eg trua på å "skyte gjennom stammen", altso tilsrebe eit jamnt utak over alle kategoriar. Dersom ein greier å bli einige med nokre naboar og dannar eit storvald, kan ein bestemme mykje av dette sjølv. I storvaldet eg jaktar mest i, har vi nettopp ein slik modell som mange her etterlyser, der minst 60% av løyva er i felleskategorien kalv/ungdyr. Både storvaldstruktur og denne løyvemodellen er etter ønske og råd frå forvaltninga.

     

    Uansett so er dette eit vanskeleg spørsmål, som det ikkje finnast noko fasitsvar på. Dersom ein ikkje føler at ein har ei avskytning som passer bestanden, gå i dialog med forvaltningsmyndigheiter. Jobb med dei, i staden for å sette seg på bakbeina og jobbe mot dei, som mange har ein tendens til (siste var ei generell bemerking, og ikkje adressert til nokon av mine med-debattantar).

     

    PS:

    Det å påstå at forvalninga med vilje lagar unødvendig mykje byråkrati for å sikre einge stillingar er fullstendig lavmål. Greit nok å vere ueinig med vedtak etc, men du skal ha ganske greie bevis å komme med dersom du skal beskylde ei heil yrkesgruppe for å bevisst jukse og maniuplere. Folk som er so opptatt av eiga vinning tar ikkje 5-9 års utdanning med studielån etc, godt vitande om at dei utdanner seg til middels betalte jobbar i offentleg sektor. Kan love deg at brennande interresse for fagfeltet er felles for stort sett alle som tar denne typen utdanning.

  6. 2007 snart over ja.Tid for litt ettertanke. Året har gjeve so mangt, men vil vel først og fremst gå inn i historiebøkene med negativt forteikn for min del.

    Jakta gjekk no eigentleg bra. Mykje hjort i marka, bra uttelling på kvota og mange fine opplevingar. Fekk noken fuglar og, so eg kan kalle meg fuglejeger med godt samvet i år og. Og fekk nok ein gang bekrefta at jakt er ei glimrande terapiform. Sjølv om det var ei som mangla på jaktlaget i år...

     

    Håpar 2008 vert ein liten opptur. Det ser faktisk veldig lovande ut. Både på det personlige plan, jobb/studiemessig og med jegerauge ser ting meget lovande ut!

     

    Vil ønske alle på Kammeret (og SL for den del) eit riktig Godt Nytt År!

  7. Hehe

     

    Kombien min er ikkje sexy i alle fall. Den er russisk, har ein snål polychoke på hagleløpet, drittungt rifleavtrekk og stokken består snart meir av lim enn av tre.

    Den va forøvrig brukt og billeg, ingen av dei tinga er særleg sexy:D

     

    Men at den klarer det meste, det er ingen tvil om!

  8. No har eg ikkje kjennskap til NRA, men ein sopass stor organisasjon er vel minst like mangfoldig som både NJFF, AP, Noregs Bondelag osv. Der er dermed sikkert forlholdsvis mange retningar og meiningar.

     

    Låg ein youtube-link på sluttstykke om ei tilstelning i statane, der små jenter fekk skyte på bilar med MG til dei gjekk i lufta. Skal ikkje uttale meg for hardt, men eg kan skjøne at utenforståande kan få eit litt rart inntrykk av skyttarorganisasjonar når dei ser sånt...

     

    Ellers so håpar eg at myndighetene har litt is i magen, og ikkje går hals over haue i "kampen mot våpen". Der var Dørumen god, han gjekk ut og sa at seriøse skytterar og jegerar var ein ressurs for samfunnet, ikkje ein trussel.

  9. Har eit tips; Brusletto Spretter'n!!

     

    Meint som ein bukopner, men også genial til å sprette opp skinn med når du skal flå. Etterkvart som eg har blitt fortruleg med denne kniven, samt slipt den ein gang eller to sånn at spissen vart betre, slakta eg heile dyret med denne "bakvendte" kniven.

    Heilt utruleg kor hendig den er til slakting (inkludert flåing). Slank og fin, kjem til overalt og so skal det meir til å "komme borti" der ein ikkje skal komme borti når eggen er på "baksida".

     

    Anbefalast! Men må ha ein ekstra kniv til å stikke med, for der er den ikkje brukande.

  10. Pga måten som vi dela hjorten på no, får vi ein del nakkestykker som vi til no har frose ned og deretter kappe dei opp i kotelettstykker på bandsag. (Presisera at det her gjelder kun nakken, slik vold har vi aldri bedrevet på ryggen)

     

    Prøvde ein gang å steike dei som vanlege kotelettar. Definitivt det seigaste kjøt eg ha ete! Men ok på smak.

     

    Ein annan gang prøvde eg å berre skjære ut kjøtbetane og bruke dei i gryte. Også det satte tyggemusklaturen på ei formidabel prøve.

     

    Andre har prøvd å koke sosekjøt på desse, må koke ei stund før det blir etande, men skal bli veldig godt.

     

    Men eg har fått eit par tips om korleis ein kan utnytte dette kjøtet på anna måte enn å sage det opp. Skal bli spennande å prøve!

  11. Knalla min første rev for halvanna veke sidan. Var på rådyrjakt hos ein kamerat i trøndelagen.

     

    Reven vart litt skeptisk pga 2 dachs'ar som kom halsande på sporet hans. Mikkel tok sjansen på å sette over kornstubben og tok sikte på ein åkerholme. Men i kanten på den åkerholmen sat no eg på ein stol og kosa meg. 36 g Tungsten nr.1 frå kombi'en på 15-20 m hadde grei lysbrytareffekt :D

     

    Rundt juletider får eg prøve åta mi heime. Burde bli litt matrestar etter jula å lokke med. Restane av 30 sauehau'er som vi skal sette til livs før jul burde vel lokke ein fant utpå, forhåpentlegvis.

  12. At moderatorar, admin, styret, stifterar etc har lukka forum der dei kan gjere slike ting som omega med fleire har nevnt, er vel heilt på sin plass, og nyttig for drifta.

     

    Det som eg er skeptisk til er lukka forum der ein må inviterast eller oppfylle skjønsmessige kriterier for å bli involvert. Då får vi fort ein situasjon der enkelte er "med" og andre er "ute", basert på meir eller mindre klokt grunnlag. Og passelig med ryggslikking for å få vere med i gjengen.

  13. Jeg mener at etikk/filosofi/natursyn og forvaltning er så viktige tema i forhold til vår utøvelse av jakt at vi absolutt bør ha det med. Jeg synes også disse emnene bør ha egne underforum, for ikke å drukne i generelt jaktprat.

     

    Heilt einig.

    Eit slikt underforum bør ha god takhøgde for meinigar, men streng linje for seriøsitet og at ein viser respekt for andre debattantar og meiningar. Vi vil ikkje ha trådar som sklir ut slik som ulv/katt/6,5 har hatt ein tendens til å gjere i eit anna forum...

  14. Eg er so einig, so einig med deg, Pål Erik!

     

    Både når det gjelder sitering og språkbruk.

     

    PS:

    Hvis noen har problemer med nynorsk, så er jeg ganske stødig på bokmål også. Men er utolig glad i nynorsk, og håper det er greit...

  15. Dette er ikke noe forum for "vi liker ikke SL". Faktisk vil "drittslenging" av enhver art nok bli modererert. Negativ oppmerksomhet vil vi hverken ha eller gi.

     

    Flott! Då har eg kome til rett plass:D

  16. Tråder og tema som har med forvaltning å gjere, både generell naturforvaltning og spesifikk viltforvaltning...

    Er det plass til slikt i forumet, eller skal ein holde seg til våpen, skyting og jakt?

    Burde det i så fall hatt ein egen kategori, eller skal det postast under små- og storviltjakt?

     

    Er det også ein ide med kategori for etikk & filosofi?

  17. Flott initiativ, folkens!!!!

     

    Har registrert meg her og, og kan bidra med mine manglande kunnskapar og bedrevitande holdning :D

     

    Kjeme nok i alle fall foreløpig til å vere litt aktiv både her og på SL (ja takk, begge deler). Håper det er greit, og at dette ikkje er eit "vi liker ikkje SL"-forum.

     

    Har eg forstått det sånn at her blir ei litt strengare linje enn SL angåande skittslenging, OT, chatting osv???

     

    Og for dei som mot all formodning måtte kjenne igjen nick'et mitt, so har eg beholdt det gamle eg og.

     

    Mvh

    VLJ aka Alf Erik

×
×
  • Create New...