Jump to content

På jakt i S.A med heimalaga bue


x-force

Recommended Posts

For eit par år sida, etter å ha sett alle buejaktfilmane mine minst 100 gonger, fant eg ut at eg måtte ha nokken nye filmar. Cato Eide anbefalte ein serie med

Easton Bowhunting TV med Fred Eichler i hovudrolla. Etter å ha sett filmane var eg veldig fasinert over måten han jakta med recurvebuen, og interessa for tradbuer begynte å vokse. Då eg fekk Master of the barebowserien i julegåve av kona var eg solgt, og eg kjøpte meg ein Kota langbue på 46lbs for å prøve dette. Fasinasjonen for tradskyting vaks i takt med treffsikkerheten. Etter å ha skutt masse og brukt masse tid på Trad gang for å lære meir om jakt med denne typen bue, bestemte eg

meg for å jakte med langbue. Eg kjøpte så inn ein Horn Combo hunter som var 55 lbs på mi dralengde. Samtidig var eg også blitt veldig interessert i å bygge buer då dette var veldig godt beskrevet på Trad gang. I mai 2009 reiste eg til Lowlands i Sør Afrika med kun langbuen i kofferten. På denne turen fekk eg skutt tre dyr på snikjakt

med langbuen og visste at dette var måten eg vil jakte på. Då eg kom heim frå S.A kom Einar Magne Jordalen på besøk og med seg hadde han ein recurvebue som han

hadde laga sjølv. Etter å ha pumpa han for informasjon, vart da bestilt inn utstyr for buelaging. Da vart ikkje tid til bygging den sommaren men når hausten kom hadde eg fått med meg Ove Erdal på prosjektet. Ove er medeigar i snikkarverkstaden i Ulvik, så no hadde eg også verktøy til rådigheit. Me bestemte oss for å bygge tredelte r/d langbuer for å gjera da enklare å reise med dei. Eit av måla med prosjektet var å designe heile buen sjølv, så me var forberedt på at me måtte forandre på ting undervegs.

Etter at me var fornøgd med teikninga, lagde me ei lamineringsform til å lime lemmene med.DSCF2539.jpg Alt utstyret vart montert, testa og godkjent. Me laga så laminater av ramin og ask til å bruke i lemmene. Etter å ha studert tykkelsen på hornbuen min, hadde me ein viss ide om kor tjukke lemmane måtte væra for å oppnå ønska dravekt.DSCF2537.jpg

Da var stor spenning på verkstaden då den første lemmen vart laga. Me brukte Smooth-on epoxy som lim på denne buen. Etter å ha limt begge lemmene, starta eg på riseren. Då riseren var ferdig, var da på tide å sette streng på buen. Buen hadde same lengda som Horn buen, så strengene eg hadde til den passa også til denne.

Då strengen vart montert såg buen ut som eit dårlig kopi av ein gammal samuraibue. Etter masse tillering og justeringar såg plutselig prosjektet ut som ein bue. Spenninga var stor då eg gjorde meg klar til å skyte den første pila. Dei andre trakk seg lenger bak i lokalet og såg noko skeptiske ut.DSCF2585.jpg Overraskinga var stor då da viste seg at buen faktisk var svært god skyte med samt stille og med lite vibrasjonar. Da vart skutt mange piler og gjort masse små justeringar dan kvelden og buen vart målt til 46 lbs @ 28”. Eg tok så buen med heim og sette dan på vaskerommet for vidare behandling neste dag. Då eg skulle henta buen hadde eine lemmen delaminert seg.

Eg trur at da var på grunn av måten eg blanda limen og temperaturen under liminga

Link to comment
Share on other sites

Men no viste me ka me skulle gjera så ny glasfiber vart bestilt, mens Ove no bygde sin første bue. Neste friperiode starta eg på nytt prosjekt men no begynte da og

hasta litt, då eg skulle ha den ferdig til jaktturen i februar. No brukte eg krysslaminert ask og barlind i lemmane og ask i riserenDSCF2540.jpg. Då buen var ferdig, var den på 54 lbs@29” og skaut ei 540 grs pil i 174 fps. Buen var god å skyte med, stille og nesten utan vibrasjon. Dette var eg svært fornøgd med og buen var no klar for jakt.

Etter fire fantastiske dagar i Kryger nasjonalpark var me endelig klar for å begynne å jakta. Eg har prøvd meg nokon gonger etter bushpig utan å sjå snurten av dei, så da var hovud målet mit under denne jakta. Første dagen var eg og Hamish ute og sjekka åtene og fann masse spor etter grisene. Me sjekka så at eg hadde plass nok til å

skyte frå tre plattformene. Resten av dagen brukte eg på å trene på å skyte nedover på ca 8 meter. Bushpig jaktast på åte om kvelden/natta, så da er heilt mørkt og skytinga blir heilt instinktiv. Da er montert eit lite rødt lys over åta slik at ein kan sjå konturane av dyra.Spenninga var stor då me klatra opp i treet rett før da vart

mørkt, og me hadde ikkje sete lenge før me hørde ei gruppe med grisar som var på veg inn til åta. Pulsen steig og heile kroppen skalv av spenning så snudde vinden og da

vart heilt stilt. Kroppen roa seg og eg fant ein god stilling å sitta i. Etter ca 3 timer hørde me at da var griser på veg inn til åta. Eg sat heilt stille til at eg hørde at dei var i god gang med etinga, før eg reiste meg forsiktig opp og gjorde meg klar til å skyta. Då eg var klar dulta eg bort i Dalton slik at han skrudde på da raude lys som heng over åta. I lyset kunne eg sjå konturane av fire grisar. Eg valte ut dan største grisen, drog bak og fant ankringspunktet. Heilt ubevist forsvann strengen ut av fingrane og åte plassen eksploderte. Ut frå lyden av anslaget, var eg heilt sikker på at eg hadde treft godt, men Dalton som ikkje hadde noko erfaring med buejakt, var skeptisk. Etter nokon minuttar klatra me ned og gjekk bort til åta. Der fann me umiddelbart masse blod, men ein såra Bushpig er ikkje å spøka med. Så me henta Hamish og hundane. Me følgde blodsporet og gjekk rett på ein svært død grisIMG_7568.jpg. Han hadde ikkje sprunge meir en ca 45 meter. Følelsen og gleda eg følte når me fant grisen,IMG_7547.jpg

går ikkje an å beskrive med ord. Da var heilt fantastisk. Eg klarte ikkje å komme på skothald av fleire dyr på denne turen, men trena masse med buen og fant ut

kva eg ville forandre til neste bue. Då eg kom heim frå Lowlands starta eg umidelbart på neste bue. Planen var at den skulle væra klar til neste jakt tur i april. Denne buen vart på 49 lbs@28”DSCF3035.jpg. Dette var litt svakare en eg hadde planlagt, men no hadde eg ikkje tid til å bygge ny til turen. Då buen var ferdig, tuna eg inn jaktpiler på 575

grs. Då eg fekk dei til å fly fint, testa eg dei i kronografen. Eg vart gledelig overraska då snitt farten viste seg å væra 178 fps. Så sjølv om dravekta var mindre og pil vekta høgare, gav denne buen høgare fart og dermed også meir moment til pila. Da einaste eg hadde forandra frå den første buen var vinkelen mellom riser og lemmane

samt bytta til svart glasfiber. Siste strøket med lakk var knapt nok tørt då eg pakka buen dagen før avreise

Link to comment
Share on other sites

På dan tredje dagen av jakta fekk buen endelig vist kva den var god for. Eg og Lance sneik oss langs med toppen av ein åskam då me fekk auga på ein blue wildebeest som låg og kvilte på ei lita eng ca 300 meter under oss. Me klarte å snika oss bort til ein stor stein og var no ca 12 meter frå gnuen, som endå ikkje hadde merka

oss. Etter 15 minutter reiste han seg og tok to steg ut til venstre for meg. I da han stoppa, for pila. Når han sprang vekk frå oss, såg eg at pilspissen stakk ut på utgangssida og ikkje kom til å springe langt. Me vurderte da som eit reint hjerteskot, så etter 5 min følgte me blodsporet og fann han 80 meter frå skotplassenDSCF3058.jpg. Pila hadde

gått inn rett bak bogen og ut gjennom motsatt bog og begge lungene pluss hjerta var treftDSCF3055.jpg. For ein start på dagen, eg var heilt i ekstase. Mens me satt og åt lunsj, såg me ein liten flokk med Impalaer på andre siden av ein dam. Me bestemte oss for å prøve oss på dei. Me sneik oss rundt dammen og kom inn bak ein sandvolle som me hadde sett oss ut. No hadde me god vind og kunne snike oss i skjul heilt fram til dyra. Då me var i posisjon kikka eg over kanten og såg ein fin bukk ca 22 meter frå meg. Og gjorde meg klar, spente buen, reiste meg over kanten og slapp strengen. Då pila for, vart da fullstendig kaos blant dyra og eg klarte ikkje å sjå kor eg trefte, men eg så, når bukken sprang frå meg, at pila hang etter fjærene på utgangs sida. Eg kunne ikkje seie om pila var for langt bak eller ikkje, så me tilkalla hundane. Når hundane kom starta me søke, me gjekk ikkje meir en 20 meter før me fant godt med blod. Hunden førte oss rett på dyret som hadde sprunge ca 120 meterDSCF3065.jpg. Pila hadde gått inn litt bak, men ut gjennom bogen. For ein dag, to dyr på snikjakt med heimelaga bue. Eg må seie at da var ein svært nøgd jeger som satte seg ved bålet dan kvelden.

Da vart ikkje fleire dyr på meg på denne turen, men eg hadde mange nesten muligheiter og spennande opplevingar. Viss ein reiser på snikjakt med tradutstyr, så må ein væra forberedt på at da kanskje ikkje blir så mange gonger ein får skutt. Men samtidig er jaktopplevinga så intens at eg er fornøgd sjølv om eg ikkje får skutt nokken dyr.

Da er ikkje heilt risikofritt å bygge buer sjølv, har me funnet ut. Den første buen eg bygde, gjekk opp i liminga på eine lemmen når Jan Sivert skulle testa den. Den andre buen eg jakta med, knakk på skytebanen heime etter jaktturen. Den øverste lemmen knakk rett over riseren og gav meg eit godt kakk i hovudet. Heldig vis trefte den ikkje auga. Men ny glasfiber er kjøpt inn og så snart eg er ferdig med alle hus prosjekta, skal eg bygge nye buer til neste jakttur.

Link to comment
Share on other sites

Spissen eg bruker er ein modifisert Eastman first cut xt. Original spissen er ganske billig og har ein aluminiums ferul som er litt for myk, den har ein tendens til å bøye seg rett bak hovud bladet. Bladene på denne spissen er i ein egen klasse, sterke og super skarpe.

Erling Flatby tok på seg oppgava og laga ein ny ferul i s.s stål. Resultatet vart ein super skarp og sterk spiss på 175grs. Perfekt spiss for Trad skyting

Øverst: blader og skruer. Frå høgre: Original alu. Ferul. SS-stål ferul og komplett modifisert spiss.

DSCF3446.jpg

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...