Jump to content

Ærleg frå Papi: Dawson Precision justerbart baksikte, Glock


Papi

Recommended Posts

20140129_214719_zpse27df029.jpg

 

Kva er kjøpt? Dawson Precision svart og serratert justerbart baksikte til Glock

 

Produsent, og modell? Dawson Black adjustable rear sights for Glock, all black, .125"n, requires .285" to .300" tall front

 

For å ha eit tilsvarande framsikte som går overeins med dette siktet, treng du eit sikte som er .285-.300" høgt.

 

20140129_214746_zps2af12769.jpg

(svart serratert)

 

20140129_214812_zps61d75158.jpg

(undersida av siktet)

 

Link til konkret produkt: https://www.dawsonprecision.com/ProductDetail.jsp?LISTID=80001764-1388518376"%20target="_blank"%20target="_blank

 

Link til tilsvarande produkt med andre "bakender": https://www.dawsonprecision.com/CategoryProductList.jsp?cat=SIGHTS+REAR%3AGlock+Rear+Sights:Dawson+Glock+Adjustable+Rear+Sights"%20target="_blank"%20target="_blank

 

Kva fulgte med? justerbart baksikte, DP flatskrujarn med lommeklips, frontsikteverkty, og strammenøkkel.

 

Kjøpt hos, og pris? Kjøpt hos PVAS, for 959,-.

 

Montering?

 

Eg er såpass heldig at eg kjøpte meg eit siktejusteringsverkty for faste sikter, som også brukast til å ta ut/montere nytt sikte. Straightforward, dytt gamle ut, monter nytt i, og sentrer dette. Om du ikkje har dette, kan du feste sliden i eitkvart, sløydbenk eller liknande, ha gjerne tape på, så du ikkje skader/merkjer sliden.

Når du har sentrert siktet i siktegropa, løys heilt ut høgdejusteringsskruen, skru den heilt ut, og flipp baksiktet framover. Då skal det openbare seg to skruar for deg, som du skal stramme, for å sørgje for at baksiktet sit GODT på. Ikkje overstram, då risikerar du å bøye verktyet ditt, HE-HE. Når du har stramma att, monter på skruet du skrudde heilt ut, og du er klar til å testskyte.

 

20140129_215153_zps9eeabc7c.jpg

 

20140129_215326_zps39f31699.jpg

 

20140129_215400_zps14cc4caa.jpg

 

Bruk?

 

Fekk dette veldig nyleg (i går kveld...), så har berre skote rundt 200 patroner med dette nye oppsettet. For meg verkar dette kjempebra, baksiktet har markerte, gode klikk når du justerar i høgde, og til sida. Ergonomien er også utruleg mykje betre enn LPA sitt baksikte som eg hadde på tidlegare. Vart rett og slett overaska over kor mykje betre DP sitt sikte er i forhold til ladegrep, med LPA sitt sikte kutta eg meg opp fleire gonger ved ladegrep, det gjer eg ikkje no. Baksiktet er også breidare, så det fluktar betre med pistolen enn LPA sitt.

 

20140129_215932_zps5c13be66.jpg

 

20140129_215944_zps37df5db7.jpg

 

20140129_224220_zpsd60eda63.jpg

(justering sidlengs på høgre sida av siktet)

 

20140129_215855_zps22486077.jpg

(DP fiberoptisk framsikte, og DP justerbart baksikte, i harmoni)

 

Siste kommentar?

 

Må brukast saman med eit tilsvarande høgt framsikte. For å gjer det enkelt, kjøpte eg DP sitt matchande framsikte i same slengen. Link til kort review: http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=15&t=98888&p=1022618#p1022618

Link to comment
Share on other sites

Det er ikkje ofte eg kjøper nytt til nokon av våpna mine, så dei få gongane eg faktisk kjøper noko, kan eg lage ein liten kort gjennomgong av produkta, men då ynskjer eg innspel frå andre. Er det noko eg burde inkludere/ekskludere/gjere annsleis med desse reviewsa? Då set eg pris på å få høyre det. :)

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...