Jump to content

Nyttårsmåltid med orrfugler


Mauser68

Recommended Posts

Årets siste dag blei runda av med eit lekkert måltid beståande av orrfugler. 2 orrhøner og 2 orrhanar som søstra mi hadde med seg opp her, blei laga til.. Sako30-06 har allerede ein utmerka tråd om korleis ein klassisk middag med orrfugler blir til, så dette her er ein litt annen variant. Eg er ikkje vant til å ha middagsbordet mitt dekka med sånne godsaker, så dette er første gongen eg laga til. :)

 

 

Nei jasså du, har du stand oppi vasken min, merkelige greier, kva er årsaken til det ???

Orrfugler1.jpg

 

Ahhh, det var grunnen til det ja.. :)

Orrfugler2.jpg

 

Vel eg begynte å klippa av bein, og hals og vrengte av den flotte fjørdrakta på fuglen.

Orrfugler3.jpg

 

Her er 3 av fuglane ferdige, den første har eg allerede partert. Tok vare på brystfiletene, hjertet og lårene til å steike.

Orrfugler4.jpg

 

Her er det som skal væra hovedmåltidet, lagt på Torky papar for tørk. Eg laga ein liten marinade som bestod av 1 ss rødvin, 1 dl matolje, 1 ss pepper, 1 ss salt, 1 ss viltkrydder og ca 20 knuste einebær. Lot kjøttet kvile i ca 1 time med denne marinaden, før den blei steikt av i steikepanne. Så blei dei satt i steikeovn i ca 15 minutter etterpå.. Desverre så blei det litt for lite rødt i filetene, heldigvis dei største filetene var det litt kjøttsaft i..

Orrfugler5.jpg

 

Så tok eg litt av skrogene og delte opp, sammen med leggene, levera og halsene, freste dette i margarin, sammen med 1 løk.

Orrfugler6.jpg

 

Helte på ca 1 liter med vatn, litt viltkrydder, ca 10 einebær og lot dette trekke ca 15 minutter, før eg silte dette og kokte det ytterlegare inn litt. Hadde i ca 1.5 dl kremfløte, litt hjortekraft, litt viltkrydder, salt og pepper..

Orrfugler7.jpg

 

Her er fersk brokkoli, minimais, asparges og soppstuing av kantarell, bacon og fløte snart ferdig og klart til servering.

Orrfugler8.jpg

 

Her er serveringsfatet med litt av godsakene. I tillegg så blei det servert med Pentland Dell poteter nyrørte tyttebær..

Orrfugler9.jpg

 

Og krona på verket blei ein nyydelig heimelaga karamellpudding, faktisk den aller beste eg har laga.. :)

Orrfugler10.jpg

 

Og i kveld har eg hatt restene av sausen, og hjortekjøtkaker til middag, ein sånn nydelig saus må ein nytte fullt ut. :)

Link to comment
Share on other sites

Topp dette Mauser, tipper det gikk fint å ete det der. :D

Faktisk har kjerringa mi laga samme karamellpudding i dag, den skal vi ha i morra etter fårikålmiddagen som er planlagt.

Oi.. da kom jeg på at jeg må ta opp fårikålkjøttet fra fryser'n, hadde glemt det... :oops:

Link to comment
Share on other sites

Takk for det Egil og Shadob.. :)

 

Du veit det Shadob, at fjellbønder veit nesten ikkje kva fisk er, so her går da mykje i kjøt.. Men eg set stor pris på fisk, og me fiskar litt til tilder, i fjellvatn og på hytta til far min.. Men eg har 3 tråder som omhandler fisk, det er vel ikkje alt som er reine oppskrifter, men litt info er det..

 

Fersk fisk, nydelig sommermat..

http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=5&t=6212

 

Årets første ferskfisk..

http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=5&t=4016

 

Stekte seibiter..

http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=5&t=488

 

Ellers så pleier eg å kjøpe 1 kg med seifilet og 1 kg lyrfilet og lager meg fiskekaker av og til..

Då pleier eg å kjøre dette i foodprosessoren, for eg får vanvittig luftige fiskekaker av det..

 

Så eg tar å kjører små doser med fisk om gongen, og heller i litt vatn sånn at den ikkje klomper seg i foodprosessoren.. Etter å ha kjørt all fisken gjennom den, og med ditto vatn sånn at den holder seg litt flytende, så kuttar eg opp 1 løk, 1 purreløk, og har i ca 3 ss med salt og 2 ss med pepper, og 1 dl med kremfløte i den.. Så har eg ca 3 ss med potetmel som eg rører i i dl med vatn til slutt... Det går med sikkert 1 liter med vann i prosessen, kanskje litt mykje men det funker bra det.. :)

 

Steikes og nytes... :mrgreen:

 

Edit : Og ja som Egil her skriv, lyr er absolutt min favortitt steikefisk på sommeren.. Den er lett å få tak i sjøen og smaker absolutt nydelig.. Filiter den, strø salt og pepper på den, steik den sammen med løk, eller bak den i folie på grillen med litt smør, purreløk og salt/pepper.. Fantastisk god fisk.. Den er veldig løs i fisken, så den må behandles litt med omhu, så det ikkje blir hakkafisk av det.. :)

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...