Jump to content

Leupold Custom Shop


Marlinman

Recommended Posts

Då er to kikkertsikter på veg til Leupold Custom Shop for bytte av retikkel. Leupold sin standard Duplex vart for tynn, så no skal den byttast til tysk #4. Eg skal prøva å oppdatera denne posten med aktuell info etter kvart som det er framdrift.

 

Eg starta med ein førespurnad via nettsida til Leupold. Etter eit par dagar fekk eg følgjande klare svar:

The cost to replace the reticle in your scope is $59.99 plus $25.00 shipping and handling. Service time is now running about seven to ten working days, not including shipping time. When shipping product for warranty or service, please include a note of instruction, return address, phone number and e-mail address. Please record the model and serial number of your product and ship the optic only. Remove any mounts, rings, sunshades or lens covers. It is recommended that you purchase insurance and retain a tracking number to document the arrival of your product. If you need any further assistance please call our technical service department at (503) 526-1400 or (503) 646-9171.

 

For shipment by UPS:

Leupold Product Services

14400 NW Greenbrier Parkway

Beaverton, OR 97006

 

For shipment by mail:

Leupold Product Services

PO Box 688

Beaverton, OR 97075

 

På "Note of Instruction" kryssa eg fingrane og la og ved naudsynte VISA opplysningar for betaling.

 

Så kontakta eg Tollvesenet for å få korrekt framgangsmåte for å unngå å betala MVA på heile verdien av kikkertsiktet når det kjem attende. Den finn du her: http://kammeret.no/viewtopic.php?f=35&t=1756. Nødvendige tollpapir kom i posten i løpet av eit par dagar.

 

Då var det lokale postkontoret neste stopp. For kr. 380.- i porto stempla postdama tolldokumenta og la dei ved i plastmappe på utsida av pakken, eg behald også eit stempla eksemplar sjølv. Pakken er sporbar slik at den kan følgjast på sin veg.

Link to comment
Share on other sites

Du vet at Leupold har servicestasjon som bla bytter retikler etcetera i Sverige ?? :wink:

Spurte Leupold om dette ved eit tidlegare høve og fekk då til svar at eg kunne handla direkte med Leupold i USA. Men portoen til Sverige hadde kanskje blitt litt lavaren enn til USA :?

 

Her er link til Leupold si side om service: http://leupold.com/corporate/resources/product-service/

og her er link til Gyttorp sin serviceavdeling i Sverige som har Leupold service:

http://www.hdf-gyttorp.se/main.aspx?ID=076F809C-5997-4470-B094-273B478E4D00

Edited by Guest
Link to comment
Share on other sites

Tenkte eg skulle senda ein førespurnad til svenskane for å sjekka kva dei tek betalt for eit retikkelbytte, men dei har ikkje eingang ei e-postadresse eller kontaktskjema på sidene sine. Snail-mail er defintivt ute, så so-long søta bror.

Edit: Men på Leupold si side fann eg denne: optikservice@hdf-gyttorp.se, så då får vi høyre med dei...

Link to comment
Share on other sites

  • 2 weeks later...

Då var kikkertsikta på tunet att. Det heile har teke nokså nøyaktig ein månad, påske innkludert.

Kostnaden vart totalt kr. 1011,- for retikkelbyte i to kikkertsikter (frakt medrekna).

 

Leupold hadde forsynt forsendelsen med mange "Warranty Repair" klistremerker og dermed slapp eg unna MVA, bra service!

 

Tysk #4 retikkelet i Scout siktet var glimrande og gjer siktet mykje betre egna enn den originale duplexen. Synd at det ikkje var råd å få dette retikkelet i den andre kikkerten også. Post og duplex var berre marginalt grovare enn den originale duplexen.

 

PS! Svenskane har ikkje svara på e-posten eg sende dei enno....

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...