Jump to content

Adgang til DFS-baner


magnumlars

Recommended Posts

Eg har no vore medlem i det samme skyttarlaget i 20 år. Dei siste 12 åra har eg hatt adgang til å disponere skytebana til skyttarlaget på ein betingelse, at det er ein standplassledar (dvs minimum 2 personar) når skyting pågår. Etter at det vart bytte av formann i skyttarlaget for eit år sidan har no dette endra seg. Skyttarlaget har no innført ein regel om at det skal vere "godkjent standplassledar" ved all bruk av bana. Dette er i følge leiar i skyttarlaget eit pålegg frå DFS. Dette medfører at personar som ynskjer å nytte bana utanom fastsette treningstider er ekskludert. Som ivrig heimeladar medfører dette eindel problem for meg då det ikkje er ideelt å skyte på ei vanleg trening på elektroniske skiver. Ein anna ting er at det er få personar som benyttar bana utanom sesongen/faste treningar.

 

Men noko eg finn merkelig er at på tross av at det har blitt krav om "godkjent standplassledar" virkar det som styremedlemmane i skyttarlaget og familie av desse har dispensasjon frå dette kravet og nyttar bana når det passar.

 

Dei fleste andre skyttarlag i distriktet lar betalande medlemmar disponere banene so lenge nødvendig sikkerhet er ivaretatt osv.

 

Eg finn det merkelig at eit skyttarlag som mottar statstøtte for å fremme norges folk skyttarferdighet skal hindre deira betalande medlemmar å gjere nettopp dette. Etter mi oppfatning bør både styremedlem og Jørgen hattemakar ha like rettningslinjer so lenge dei har bidratt likt til lagets konto..

 

Kva meinar folket her? Er dette rimelig?

Link to comment
Share on other sites

Det skyttarboka seier om saka er at det alltid skal vera ein standplassleiar, og kravet til denne er at han/ho er ovar 18, og har tilstrekkeleg kjennskap til godkjende våpen, skytereglement og sikkerhetsreglement. Dette er vel å forstå som eit minimum, og eg trur eit lag kan lage sine eigne, meir omfattande reglar for godkjenning av standplassleiar. Eg ser ikkje noko stort problem i dette, om berre det er fritt for alle å oppnå denne godkjenninga. Om laget derimot berre gir slik godkjenning til "kong Salomo" er det grunn for "Jørgen hattemakar" å reagere.

 

Det beste du kan gjera er vel å kontakte styret for å finne ut korleis du kan bli godkjent!

Link to comment
Share on other sites

Eg har nett vore i kontakt med mitt lokale skytterlag om bruk av bana utenom vanlig trening.

 

Dette skulle gå greit det, så lenge vanlig sikkerhet på bana blir ivaretatt...

Får også lov til å sette opp egne blinker/gonger.

Ved bruk av elektroniske skiver måtte ein selvfølgelig få litt opplæring i bruken.

:D

Eg er heilt enig med at det ikkje bør gjerast skilnad på medlemmane.

Heldigvis skjønte han eg snakka med, at det enklaste er at vi kan bruka bana på dagar utanom fast trening.

 

 

@ magnumlars: Kva skytterlag er du medlem av

Link to comment
Share on other sites

At det stilles krav til at en standplassleder skal være "godkjent" synes jeg er en god ide` egentlig.

Da kvalitetssikrer man at banen blir brukt iht gjeldende regler og skytebaneinstrukser.

Men selvfølgelig under forutsetning at dette må gjelde for alle medlemmene.

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...