Ho eg snakka med i skranken lokalt, sa iallefall at eg kunne betale med kort når eg leverte inn søknaden sammen med kopi av jegeravgiftskortet.
Ikkje mykje opning for betaling på "etterskudd" der trur eg.
Jaja, får sjå i ettermiddag ka ho sei.
Då var det gjort.
Ho sa at her hjå oss var det slik at alle betalte først,og så dersom den ikkje vart godkjennt, så kom pengane fint tilbake på konto Velger vel å tolke det slik at her hos oss så pleier folk å få innvilga det dei søker på
Så då får eg starta stoppeklokka og sjå kor lang saksgang me har.
Angrar berre på at eg skreiv ønska kaliber på søknaden, for ho sa at det var godt nok for ho at det sto rifle og at løp var over 40 cm....
Hadde vore litt friare i valg av kaliber då når eit godt tilbud dukker opp. Jaja. Snart ferie.
Oppdatering:
Triveleg telefon frå lokalt lensmannskontor:
Ser på søknaden din no, ser du har ein del børser frå før, kan me gå gjennom ka det er? Jada.
6.5 mm? Konkurransebørse
7mm RM? Jakt
.22 børse med 6,5 omb. sett? Konkurransebørse
Hagle star SS kal 12? Jakt
Ja men då er eg fornøgd, og papira går herfrå idag! Ha ein fin dag! Jau ligeså svara eg og var like blid!!
Ser vel lovande ut dette???