Jump to content

beaker

Members
  • Posts

    1,110
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Posts posted by beaker

  1. Før august er nok ein fordel, ja.  For meg som ikkje har familie som forventar at eg skal drage dei med ein annan plass, så er jo juli fint.

     

    (Eg fann til og med det grønne slipset når eg rota gjennom roterommet for ei vekes tid sidan.)

  2. Før jakta i år bytta eg ut Zeiss Classic kikkerten med ein mindre Leupold, i tillegg til at eg gløymde handkikkerten (ein Opticron) heime og vart dragande rundt med ein Biltema marinekikkert.  Sistnevnte er for å seie det forsiktig ikkje heilt i klasse med dyrare kikkertar.

     

    Resultatet vart 4 dyr, noko som for meg er sesongbeste.

     

    Du blir nok heilt sikkert nøgd med Leupold eller Sightron eller Bushnell heilt til du skal prøve deg på skumringsjakt eller du er dum nok til å sjå gjennom ein dyrare kikkert.

     

    • Like 1
  3. 1 hour ago, Haavard said:

    ingen ser noe og alle er glade

     

    Heilt til neste gong det går i vranglås.  Hadde det skjedd med mitt skap hadde eg kasta det og kjøpt nytt i staden for å gå og være usikker på om eg får tak i rifla når eg skal på jakt.

     

    • Like 1
  4. 44 minutes ago, Biltema said:

    xD

    Smileyen din kjem opp som boksatvane x og D når du skriv.  Er nok det han googla.  (Men kom opp som ein smiley i sitat)  Vil tru det er ein eller annan setting som både eg og Bly har, utan at eg gidd leite etter den.  (Eller bry meg om å endre det om nokon andre skulle finne den for meg.)

  5. Eg har ein Lyman gen. 5.  Den har to feil.  Det eine er at tømmeporten for kruttmålet er plassert på baksida, slik at du må løfte fram vekta for å tømme den.  Det ser det ut som om dei har endra på gen 6.  Det andre er at den er så treg at du blir frista til å multitaske, noko som kanskje ikkje er spesielt lurt når du driv med lading.  Har ikkje tatt tida, men ser at 20 sekund er oppgitt for både gen. 5 og gen. 6.  I praksis blir det til at eg brukar kruttmålet, med mindre eg skal lade så få patroner at eg ikkje gidd stille det inn, eller om eg av ein elle annan grunn uanset vil kontrollvege kvar ladning.

     

    Nøyaktighet?  Om du stiller den på nøyaktig det du vil ha, så spyttar den ut 0.1 gn ekstra.  Stiller du den 0.1 gn under det du vil ha, får du nøyaktig det som står på displayet.  Eg har aldri opplevd noko grovare feilmåling, trur eg.

  6. Utan å ha prøvd nokon av dei, så legge eg merke til eit par ting:

    Annonsa for Savagen er 6 år gammal, og det ser ikkje ut som om dei har den i sortimentet lenger.

    Rugeren er 'bestillingsvare' i 338.  Så spørs det om den må bestillast frå sentrallager i Europa eller frå USA.

     

    Eg gjettar på at TRG-en er den einaste du får fatt i i løpet av rimeleg kort tid.

×
×
  • Create New...