Jump to content

beaker

Members
  • Posts

    1,110
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Posts posted by beaker

  1. Til 'mengdetrening' ville eg heller valgt 308 i kort kasse, pga ammunisjonstilgang.  Lyddempar fiksar rekylen.  (Og til elgjakt ville eg og valgt .30, for betre utval i blyfri kuler.)

     

  2. Du treng i alle fall ikkje begge, eg har lada fint lite med anna enn N140.  Eg vurderer å bytte til N550 fordi det ser i GRT ut for å være det beste for tyngre jaktkuler, og eg er tilhengar av færrast mogeleg kruttsortar.  Litt dyrare blir det nok, med høgare kilopris og litt meir krutt i hylsene, men ikkje dramatisk mykje skulle eg tru.

  3. Meinar at eg betalte ca 300 for 3 nøklar, derav 1 våpenskapnøkkel når eg mista eit knippe.  Det var hos ein låsesmed på Vinterbro.  Ein 4. nøkkel sendte han meg vidare til Ski for fordi han ikkje hadde rette emne.  Men det er jo uinteressant dersom han ikkje har emnet.  Då må du nesten berre google 'låsesmed' til du finn nokon som har det eller kan bestille det.

     

  4. Litt kjapp googling kjem opp med dette:

    Osmium and iridium are the most dense metals. … . With a density of 22.6 g/cm3 and 22.4 g/cm3 respectively, osmium and iridium are about twice as dense as lead, which has a density of 11.3 g/cm3

     

    Gidd nokon rekne ut kva det vil koste å bomme på storviltprøva?

  5. XXL slenger ut nye ting på tilbud, laurdag var det kuler til 50 øre - 1 krone i diverse odde kaliber, men dei var borte igjen umiddelbart.  Kan kanskje lønne seg å følge med på mailinglista og slå til med det same.

     

  6. På 27.1.2020 den 11.38, FreeSkier skrev:

    Men minsteforstørrelse er en pekepinn på synsfelt

     

    Men kor god peikepinn er det?

    Kahles Helia 1-5x24i 4-DH har i følge Jakt og Friluft synsfelt på 42.4 - 8.1 m/100m.  Docter V-6, 1-6x24 hos Jaktdepotet har 37,5-6,25m/100m.  (Er det så enkelt at den har 37.5/5=7.5 på 5x?) og  Vector Optics Artemis 1-8x26 FFP har 35-4.36m@ 100 meters. Kahles har 20% større synsfelt enn Vector på 1x.  (Vector er rett nok i ein annan prisklasse enn dei to andre.)

     

    Men no er det kanskje ikkje på 1x synsfeltet er viktigast.

    Kahles K624i 6-24x56 MSR/Ki har 6.8 - 1.7 m/100m og Vortex Viper PST 6-24x50 FFP EBR-1 har 5.42-1.55 m /91.44 m.  Det blir vel 5.42*100/91.44 = 5.92 på 100 meter?  Det er i så fall 15% skilnad.

     

    Du har derimot heilt rett i at ikkje alle er like flinke til å oppgi synsfelt.

     

×
×
  • Create New...