Jump to content

flanged

Members
  • Posts

    3,403
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by flanged

  1. Og hugsa at eg på ingen måte har sagt at vi "må" ha ein småviltprøve, var berre meint som ein tanke til diskusjon.

     

    Ja, det har kome fleire gode innlegg på å ikkje innføre småviltprøve mykje pga 22LR og avgrensingane dens. Kva med gjess, rev, hare, skogsfugl osb.. Har de nokre tankar her ?

  2. Jeg for min del synes du har et usedvanlig tåpelig forslag her :D

     

    Det der kallar eg éit svar på opning si innlegget, hadde du kome med ein grunn til kvifor du meiner dette, så hadde du målbore meininga di. Om eg er usamd, spelar inga rolle....tråden vart laga slik at vi alle kunne diskutere dette, ikkje at eg måtte forsvare meg med nebb og klør...

    Følar dette ofte er gjengangs problemet her inne...ein lufter ein tanke og horden med høygaffel kjem stormande.

     

    Som sagt, så lurte eg på kva de meiner om dette, utan innblanding av biljekker, hagle, kjøttpriser, viltnemda, påtvungne reglar etc etc...

     

    Det må vell kunne vere rom nok her inne å lufte slikt ?? Eller er Kammeret vorte ein "værsågo og piss på meg eller andre som luftar tankar nettsted" ??

  3. Eg har no aldri nemnt hagle, Skaubjønn ... Det er berre snakk om riflejegere ;-)

     

    Intensjonen til tråden var å belyse akkurat dette, ikkje forbanne noko som helst eller å setje kjeppar i hjula på nokre. Men som sagt tidlegare så regnar eg denne tråden som bortkastet i og med at frykta for fleire lovforslag og meir pålagt trening er innlysende.

     

    Kos de vidare på Kammeret.no.....eg loggar ut !!

  4. Det må da være mulig å påtvinge alle jegere skyteprøve ? Hagle jegere burde få tre sjangser til å skyte 25 av 25 lerduer,klarer man ikke det så ryker våpen og man blir utestengt for all småviltjakt i 10 år. Så går man videre til en predator test med 22lr, der skal man ha 5 treff i brystet på kråka på 150 meter. Så til storviltrifla, minst 30 skudd i en snusboks på løpende elg 500 meter. Om man ikke er kar om å klare dett så tilfaller alle våpen den norske stat og man blir utestengt i minst 10 år. Til slutt så har vi noen få elite jegere som forvalter alt vilt for den norske stat og som kan erverve det de vil av våpen. Vi andre kan til nød få kjøpe litt viltkjøtt nå og da men prisene blir jo sånn ca 500kr kg storvilt,300kr pr storfugl og ca 200kr pr rype. :mrgreen:

     

    Dei fleste er likevel klår over at sjølv om ein gjer sitt beste for å bruke fornufta, så kan ein iblant kome fram til feilaktige konklusjonar. For å unngå dette må ein følgje visse prinsipp for korrekt tenkning. Desse prinsippa blir handsama i den greina av epistemologien som heitar logikk,- ikkje tull.

     

    Eg skjønner no at dei fleste, viss ikkje alle her inne meiner ei småviltprøve med rifle berre er bortkasta. Då vil eg med det same si at ei storviltprøve med rifle er like bortkasta !

  5. Så det eigentlege motivet er altså at du øsker bedre skyttarar. Eit nobelt ønske, men då er samanlikning med storviltprøven ikkje relevant. Den er så vidt meg bekjent tiltenkt å kontrollere våpen/siktemiddel, ikkje skyttar.

     

    Eg meiner at vi ikkje skal skilje storvilt frå småvilt når vi brukar rifle på jakt. Den respekten bør vi vise viltet, og sidan vi har storviltprøve, så meiner "eg" at vi òg skulle hatt småviltprøve viss ein brukar rifle...

     

    @seawolf, eg skjønnar problemstillinga, og 100m skive til ein så liten blink som ei rype blir frykteleg vanskeleg. Eg har ikkje satt nokre metersmål på ein slik blink, så her er det berre å kome med forslag !

  6. Skjønar ikkje kvifor dette skulle vere så vanskeleg ! Ein har alt kravet på til dei 30 trening skota før prøveskyting. Dei kan då takast med småviltkaliber, medan prøva blir teke med dei aktuelle kalibera du vil jakte med. Forslagsvis ein reinsfigur til storvilt og ein revefigur til småvilt !?

    Dette treng ikkje å bli dyrare for nokre, for dei som jakter både småvilt og storvilt (meg inkl) vil dette vere økonomisk bespardende når ein tenkjar skyting/ammo.

  7. Hehe, her vart det mange reaksjonar, som forventa. Eg greier ikkje og sjå den store skilnaden på kva som er viktig med å absolutt avleggje storviltprøve, når eg samstundes nytter rifle til småviltet med éit kaliber uegna til storvilt. Éit liv er no éit liv, om det er stort eller smått !!

  8. Hei,

     

    Mogleg eg "banner litt i kyrkja no" men kvifor har vi berre krav til skytterprøve på storvilt ? Småviltet blir òg jakta på med rifle, og her ofte kaliber som treng meir trening for å treffe godt. Blinken (hjerteskudd) på ein rev er òg betydeleg mindre enn ein elg...

     

    Kanskje tida er inne for skytterprøve uansett vilt viss ein skal bruke rifle, kva meiner de ?

  9. Den er grei, då kan eg skrinleggje han ! Korleis er dei andre proffesional stokkane, held dei på "fargen" :?:

     

    Kanskje litt underleg med slike spm i denne tråden, men eg meiner Blaser og liknande systemvåpen er framtida. No har det vorte selt vannvittig mange Blasere sidan R93'n kom på 90-talet, og eg står på kanten av å investere i ein R8. Håpar og trur at alle barnesjukdomane med denne mekanismen er rydda av banen, slik at investeringa blir klok :!:

  10. på min R8 med camostokk som ble kjøpt en mnd før jakta , begynte coatingen å forsvinne etter første jaktuka. Den er nå helt hvit i området hvor den har ligget mot ryggen under bæring. Ny stokk er nå på tur fra J&F uten camo.

     

    Er dette éit gjentakande problem med camo-stokken ? Synst sjølv han er litt tøff ...

  11. audung:

    Mente bestemt at Conibear 110 fella ikke er lovlig til fangst i Norge. Om dette er tilfellet vil jeg uansett råde deg til å benytte 120 fella med to fjærer. (ser ut som det er kunn en fjær på bildet ditt?) 120 med to fjærer bør være et minstekrav til fangst av mink. Bruk Oneida, eller Belislie fellene, de har tilstrekkelig med kraft.

     

    @Husky, no står det ingen plass at 110-1 er ulovleg til mårfangst ! Fella slår òg saman på riktig måte, men fangstmiljøene fraråder folk til å bruke desse modellane fordi dei i utgangspunktet er for svake til mår, men dei fungerar fint til mink.

    Heilt samd med deg at 120-2 bør vere krava til éit minimum, men regelverk er regelverk ;-) (no var òg settet berekna til mink, noko fangstmannen bør sjå litt nærare på)

  12. Hei

     

    Sit på det store internettet og surfar etter ei god småvilt rifle. Denne skal "berre" brukast på storfugl, gås, rev, bevar og rådyr. Han skal òg brukast på bane til trening så kanskje han bør ha varmint pipe ! Har lenge sikla på Sako 85 Varmint, mest fordi eg er ein heilfrelst Sako-fan. :-)

     

    Her er eg open for forslag ! Er det nokre andre merker eg bør sjå godt på ? Kaliberet er heller ikkje spikra, men det må vere lovleg på rådyr. Kanskje ein kipplauf hadde vore tingen...?

     

     

     

    Sent from my iPad using Tapatalk

×
×
  • Create New...