Jump to content

flanged

Members
  • Posts

    3,403
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by flanged

  1. Produsenten (LB) vil ikkje at nokre skal tukle/modifisere fellane sine når dei kjem ut frå garasjen hans og ut i butikkane. Eg har sjølv sett korleis desse fellane blir kontrollert, og metoden er på ingen måte verd hans eige garanti stempel. No må vi òg huske på at desse fellane blir montert saman manuelt, og menneskelege feil skjer. Desse fellane har vist seg å fungere mykje betre etter modifisering. Minkfellene skal eg vere samd med deg i, dei er gode. Dette blir skulda "ledetuten" som eliminerer éit kvart feilslag viss fjørene er nye....kanskje mårfella skulle hatt noko liknande !?

     

    Utvalg..slike sammensetninger av merkte menneske smakar surt, berre i namnet....men ein TYPE GODKJENNING stiller eg meg 100% bak. Noko slikt skulle absolutt vore på banen for mange år sidan. Det finst mange "uavhengige" og dugelege fangstfolk som kunne teke på seg denne jobben i Noreg. Testa fellane kvar for seg og konkludert kva for ein feller som tilfredstiller kravet til ei god slagfelle.

  2. @knutis er ikkje og somlar seg bort på viddene her @donner. Vi har inga godkjenning stempel her i Noreg på slagfeller, berre éit krav på korleis mekanismen skal fungere. Éit anna krav er at han skal vere kraftig nok til å drepe humant. Syningfella har til trass for kva du eller nokre andre seier bevist ved bilete, at han fungerer dårleg. Så ord mot bildebevis er slåande ! Om nokre syningfeller fungerer tilfredstillende kan òg hende.

  3. Noreg slå i hel ein 1000år gammal tradisjon og fangstkultur med éit pennestrøk. Nokre meiner nok dette var ein bra idé, medan andre godt kunne tenkt seg nokre minutt med bødleren i ein bakgate !

     

    Eg har tidlegare hatt dialog med DN om båsfangst av rødrev (forsking retta), den dialogen kjem aldri i livet igjen.

     

    Korleis det går med Vestmann kjenner eg ikkje til, men håpar inderleg det går framover.

  4. Må ærleg innrømme at denne jaktformen blir meir og meir interessant :-) Slik jakt er "nestan" gratis og virkar utruleg spennande. Sidan vi allereie har ein tråd om åtejakt, vil det passe med ein tråd om lokkejakt !

    Ideén bak denne tråden er å få eit oversyn over dei revane de skyt ved hjelp av lokk i 2013. Tenkte òg eg skulle lage ei liste etterkvart som viser dokumenterte fangstar, men då må det leggjast ut bilete...

     

    Bruk òg tråden til "alt om lokkejakt etter rev"

  5. Eg er ikkje 100% sikker, men meiner at synt-stokken til 85 M er hol og ikkje solid som 75 M ! Viss det er tilfellet opplyser Sako at ei rifle i 300 wsm vegar 3 kg (85 M) Kkc sin stokk veg 1110g og kikkerten 640g. I tillegg kjem tofot...

     

    Eg regnar no med at det blir ein 300 wsm, og dermed mitt første magnumkaliber i skapet. Blir eg ikkje nøgt, kan han alltids seljast eller blir gjeve bort !

     

    Takk for alle innspill folkens :-)

  6. Dine måleenheter gjev meg beklageleg lita hjelp Sauer 150, sidan eg ikkje lader sjølv. Ser no at med ein veksande våpengarderobe byrd hjemmelading meir og meir prioriterast ;-) Kvifor eg vil ha ei rifle til er igrunnen fordi eg kan, og har ledig kapasitet !

    Veit ikkje kor tung riggen blir, men det blir ein Sako med kkc stokk og Swarovski sikte.

     

    Eg veit ikkje kor lange skuddavstandene pleier å vere i utlandet, men ser og les at dei varierer med mange meter. (ofte langt) Det hadde då vore greitt med éit kaliber som skyt forholdsvis flatt ut mot 350-450 m. Sidan eg likar Sako svært godt, og sidan dei kamrer for begge kalibera ville eg høyre kva de meiner om dette.

  7. Hei,

     

    Grev og spør litt no, men eg har avgjort meg for å investere i éit av desse 2 kalibera. Kva for ein av desse meiner de eignar seg best til storviltjakt, både her heime og høyfjellsjakt i utlandet der avstandane kan bli lange. (ibex, moose, caribou, o.l)

     

    Eg har riflar i 9.3 og 6.5x55, men vil ha ein i mellom til slik jakt som nemnt

  8. Første bildet tipper jeg knust skalle og knust brystkasse. Andre bildet ser slaget ut til å kanskje ha truffet litt langt bak? men når måren ligger på den måten der må den da ha tatt kvelden tvert. Tipper knekt rygg og knust brystkasse.

     

    Sit igjen med heilt lik oppfattelse, ein ser godt kva for ein mår som ikkje omkom umiddelbart i ei felle. Litt treig avtrekker er ofte årsaka til at måren kjem litt langt inn i fella før han utløysast.

     

    Bra fangst olaf12 :-)

  9. Ser for meg at kassa blir ein god del breiare i våpen med wsm kaliber kontra "vanleg" magnum. Vil dette virke klumpete og slit desse kalibera meir på pipa/kassa enn andre kaliber ?

     

    (eg har sett på Sako som kamrer til begge wsm kalibera)

  10. Sit med nokre spurnader andsynes wsm i 270 og 300.

     

    Er det slik å forstå at 270 - 300 wsm berre er ein feit variant av 270 win og 300 wm og med same eigenskapar som desse i ei kort kasse ? Eg har lese at bolten kan "lugge" litt under skyting med wsm, kvifor ?

  11. Ja, eg veit det er ei fordyra utgåve av Success Professional,- @Kolbe-Rolf ;-) Så på heimesida til Beveren Sport at denne Blaser modellen var og bestille. Dyrt ?? Tja, ein må betale for kvalitet, og stokken likte eg veldig godt.

     

    ( Eg har òg studert 303 Syncro XT, men det er ein annan tråd ;-) )

×
×
  • Create New...