Jump to content

flanged

Members
  • Posts

    3,403
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by flanged

  1. Hei,

     

    Hemmelighold er vel éit omgrep som høyrer godt heime i fangstmiljøene, men dristar meg til ein ny tråd om luktestoff. Slike ferdig fremstilla duftar er dyre viss fangstruta strekkjer seg til 40 fellesett av ulike slag og artar, så kvifor ikkje dra dette tilbake til røtene ...

    Mange gode luktestoff er vorte produsert fram på "kjøkkenbenken" gjennom historia. Sjølv er eg veldig fersk og interessert i framstilling av dei "gode duftar" men manglar her mykje kunnskap. Er det nokre som vil dele litt kokkekunst med oss eller sit på gode oppskrifter ?

  2. Eg pleier å vere raus med honningen under innfôring. Både trestokken/stammen og fella/kassa får rikelig med søtsaker. Dette gjer eg mest for å trekkje inn så mykje mår som mogleg før fangsten. Eigenleg er innfôringa den perioden som krev mest åte og tilsyn, med tanke på etterfylling og eventuelt flytting. Vêr ikkje redd her om mus spisar opp ein del åte under denne perioden, dei står òg på dietten til måren ;-)

     

    Når det gjeld luktestoff, så ser eg på det som eit hjelpemiddel til å trekkje inn mår frå éit større område eller vandrings mår. Sjølv brukar eg berre slikt stoff i/ved fella, og heller ikkje mykje av gongen. Eg pleier òg å hengje opp ein duevinge (innflagging) ved fellesettet, berre for å gjere måren nysgjerrig.

  3. Samd med @knutis at Duke sine CB er svake og at det finst fleire betre variantar der ute.

     

    Eg lagar kassane mine av finér og minknetting. Viss nokre er bekymra for lukta av finér, så brukar eg å gni inn kassane med jord, tørr maurtue og vrakhonning. Kassane hengjer ute heile året, blir berre skifta ut når dei er utslitne av vêr og elde.

  4. Eg ville gjørt følgjande med Syningfella !

     

    1) Kappa ned éit tre ca 1,5 meter opp !

    2) Borret hol i botnen av fella og skrudd fella fast oppå trestammen.

    3) Montert ein skråstokk/stokken til oppgang som blir avslutta ca 20 cm frå felle opning.

     

    - Hugsar å hent løyve frå grunneier før eventuelt nedskjæring av tre. Dette er musesikkert...

     

    D.D - Ein Duke 155 er 15,5cm i saksa ! Viss du skal bruke han i ei kasse, må du påberegne litt større plass pga utløyser og vandring av fjørar...

  5. Håplause tilhøve for innfôring i områda mine om dagen :-( Det blir sendt ut flomvarsel med jamne mellom rom, og med slikt regnfullt vêr så overlever åta toppen nokre få dagar.

     

    Regnar med at måren ligg under ei tjukk gran eller ein stein og forbanner dette vêret han òg ... ;-)

  6. 46295_10151073289891498_1144689614_n.jpg

     

    Dei gamle er enno eldst ! Fattern (71 år) med rådyr i dag, den første for drevertispe :-D Rådyret sto stille på 130m med bredsiden til, 223 Rem og Zeiss gjorde susen saman med ein stødig kar til å vere pensjonist :-)

  7. Nå har jeg og Rugeren vært på reisefot sammen.

    Ved innsjekk av våpenkofferten på Gardermoen fikk vi spørsmål om sluttstykke var fjernet fra våpenet. Jeg svarte bekreftende at vital del var tatt ut, og at våpenet dermed var ubrukelig. Skrankedamen nikket godkjennende, og det var eneste spørsmål som dukket opp vedr våpenkoffertens innhold på hele turen.

    Jeg hadde tatt ut slagfjør og hane, og skrudd forskjeftet på plass igjen. Flyfrakt av rugeren viste seg altså å forløpe helt problemfritt.

     

    Takker @maral, då veit eg kva eg må gjere ved flytransport :-)

  8. Sauna-børse er mykje betre enn Nazi-stål :thumbup::arrow::mrgreen:

     

    Neida, ein må sjå ann behovet ! Sjølv treng eg ikkje éit ekstra skap med ulike løp i ei rekkje kaliber, men ei eller tre gode riflar som eg kan byte på...

     

    Regnar med at trådstarter tenkjer det same ?

  9. 558252_10151042329777096_1079487911_n.jpg

     

    Eg har ein Sako 85 Laminat SS i 6,5 som eg har brukt på hjortejakt i haust. Er godt nøgt med rifla etter kolben vart gjort om til justerbar. Har i grunn lyst på ein Sako 85 Varmint i 223 til rådyr og småviltet, men kjem til å bruke han eg har enn så lenge..

  10. Sit og ser ein del snutter på Youtube om weasel-trapping, og det freistar med slik fangst. I området rundt her eg bur, har eg ikkje observert mykje røyskattspor, men eg har sett dei nokre gonger på jobb langs jernbanen.

     

    Undrar på om beverkjøt kan brukast ? Luktestoff trur eg kjem til å bestille frå NW Trappers ... :-)

     

    Trur nok eg kjem til å gå for Rapp Rottefelle i heimelaga felleboks, men har nokre av dykk prøvt Oneida Victor Conibear mod. 60 eller 50 til røyskatten ? (sjølvsagt den òg i felleboks)

  11. Tipset mitt er å bruke mykje tid til sporing. Ingen krysningspunkt = ingen mår ! Det virkar som om måren er veldig vanskeleg å lokke i fella meir enn nokre titalls meter. Ein stokkfella bør du ha mange år, og han er ikkje god å flytte på ;-) Med dette i bakhodet så byrd du bruke mykje tid til å finne éit slikt krysningspunkt hvor du kan fange mår kanskje éit titalls år.

     

    Slike krysningspunkter er skildra i fleire andre trådar, men hugsa at observering av mårspor på éit gjeve stad ikkje naudsynlegvis fastslår dette til slikt punkt ! Som regel må ein merke seg slike stader i terrenget og studer dei nøye heile vinteren og spesielt under vandringen. På denne måten kan du plassere/byggje ei god stokkfelle.

×
×
  • Create New...