Jump to content

flanged

Members
  • Posts

    3,403
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by flanged

  1. Eg er samd med deg i at M03 hadde sett betre ut med ein "klassisk engelsk stokk" slik som din M98. Når det gjeld kombinasjonen grep/funksjon, så føltes M03 i alle fall riktig ut i nevane mine og det er det som teljar for meg :-)

  2. No har M03 éit system der du kan skyte alt frå 222 til 404 Jeffery på same kassa, men berre ved skifte av sluttstykkehode. Skjønner godt at nokre meiner desse blir unaudsynt store, viss rev eller rådyr berre er det tiltenkte viltet, men skal ein skyte med f.eks big bore kaliber, så tenkjer eg både vekt og storleiken kjem betre til sin rett !

     

    Alpine og Stalker modellane virkar litt "smalare" enn dei andre. Dei har òg den klassiske svineryggen på kolben, for dei som likar det.

  3. Mårhund skal vere forholdsvis enkel å ta i felle, han liknar mykje i åtferd på vaskebjørnen i Nord Amerika. Sett gjerne alle moglege tilltak til for å bli kvitt desse dyra. Sjeldan ein dukkar over slike smittebærere i skogen...gudskjelov.

  4. No har eg oppklart dei spurnadene som kom andsynes min våpengarderobe og skriftform på PM. Ynskjer i framtida at folk spør meg der viss dei vippar mot paranoididet eller slit med noko anna ved meg !

     

    No får vi heller halde oss til Topic og respektere kvarandre...

  5. Oi, han høyrest fin ut 308nm :-) Har sjølv ein draum om ein Arabesque magnum i 404 Jeff og nokre mindre kaliber til Afrika jakt og kvalitetstid på bane.

     

    Sleng gjerne inn nokre bilete folkens, blir berre endå betre med litt pynt ;-)

  6. Det finst mange trådar og postar om Mauser M03 her inne, men ingen klubb, berre den gode Mausertråden som i hoved sak tek for seg orginale krigsmausere og ombygde smykkar. Systemvåpenet M03 frå Mauser er i synet mitt det beste alternative til system når ein veljar boltmekanisme. Utvalet er stort, både i kalibervalg, skjefte og tilbehør.

     

    Idéen bak denne tråden er å samle M03 folket i ein felles tråd, der vi kan skravle litt om våpenet, løysingar og røynsler og dessutan at andre og kan studere dette fantastiske innhaldet etterkvart som det blir servert ;-)

     

    Sjølv har eg ein Extreme Trail høgast på ønskelisten i 2013 :-)

     

    0099646_billedet_skla_gern_copy.jpg

  7. Sjølv meiner eg de mods burde prioritere heilt oppgåvene til andre arbeid her inne enn dialekt bruk !

    Konsentrer dykk meir om innhaldet i det folka postar, og ikkje naudsynlegvis på kva for ein dialekt han blir ført. Utprega pubertet posting med lite, viss ingen vettugt innhald florerer forumet for tida. Gjentekne trådar om same tema/spurnader er éit problem, aukande respons på rapportering er òg ønskeleg !! (nyttar ikkje å skjule seg bak "rapporterings knappen" når ingen ting skjer)

  8. Når senior brukarane annonserer at dei ikkje lenger ynskjer å vere her inne, så bør dette takast alvorleg. Det er ein eller fleire årsaker til at brukarar som har bidrege mykje på Kammeret vel å logge av for godt, så lenge dei loggar av utan annonsering greier ingen og finne ut av eventuelle årsaker.

     

    Har sjølv annonsert min tilbaketrekking, og huskar godt korleis han vart motteke, og seinare fjerna av ein idiotisk og uforklarleg grunn. Eg var mykje meir aktiv på Kammeret før, men forsvinn sakte men sikkert vekk frå skriveri...

  9. Har du lyst har du lov!! :D

     

    Hadde vært utrolig moro å smelle av ei slik en en gang, men bør vel ha Aspirin innen rekkevidde da... :lol:

     

    Kanskje vi skulle børste litt støv av tanken om et skytetreff for de med dobbeltrifler?? Nå går det fort til sommeren, og da er det jo fint å skyte slike i solsteiken? Dersom man legger opp til noe slikt nå, så er det muligheter for at folk kan planlegge litt også?

     

    Knakande god ide @Kiwi :thumbup:

     

    Sjølv meiner eg Grove-Safari kaliber byrjar på .450 i dobbelrifler/enkelskuddsrifler og minimum .400 i bolt/rettrekker mekanisme ! Hadde vore skikkeleg moro om bolt/rettrekker folket òg skaut med opne sikter slik det var ein gong. Safari klede/kostyme og grillings høyrer kanskje med ?

  10. Har ein først råd til ein H & H dobbel i Royal, så trur eg ikkje prisen på patronene spelar noka rolle i denne samanhengen ;-) Viss dette er ein Kongsberg-kar, så trur eg veit kven det er ! Uansett er vell så grove kaliber regnt som sjeldne i bruk, eller ser du ein veksande trend "der nede" Rino, at safari jegerane kjem med skikkelege sigarar :?:

  11. Riktig at han er ulovleg til jerv/gaupe, men viss valet skulle stå mellom 17 Hornet eller 17 HMR, så hadde eg utvilsamt gått for Hornet'n. Skulle vore moro å prøve denne på fugl òg...

     

    Hehe, ja det ville vore flott om Sako fekk laga ei børse i dette kalibret.

  12. Fullt mogleg det Toby. Har sett andre nyheiter som forsvinn eg òg, men denne "trur" eg skyt blink hos mange predator/fugle jegerar...

     

    Ladekomponenter er allereie å få ...

  13. 1.jpg

     

    17 HMR er i grunn litt liten ved sida av 17 Hornet, så dette har eg trua på. Håpar kaliberet er bra for "pelsen" òg, synst reven rundt omkring her har mykje fin pels, lite skabb :-)

     

    Ser Hornady har 20gr V-Max ferdigammo...

  14. Fenn mk6 er etter meininga mi betre eigna til mink, og mk4 til røyskatt...synst sjølv mk6 er litt svak til måren.

     

    Ser at det er lenge sidan eg posta første innlegget i denne tråden, og Aasbøfella er endeleg tilbake for fullt :-)Har nokre av dykk synspunkt eller andre feller som ikkje er i "guiden", så fyll gjerne inn.

×
×
  • Create New...