Jump to content

flanged

Members
  • Posts

    3,403
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by flanged

  1. Jeg henger meg på de tre siste inleggene, gleder meg til det kommer is. (Selv om det blir mye kaldere brrrrrrr). Noe som kan tipse om et greit røyevann på Østlandet ? Mye forlangt kanskje, men jeg er den fødte optimist :D .

     

    Du er nok inne på noko der graahund, ikkje godt å få greie på gode tilgjengelege røyevann her på Austlandet. Men, blir det is på Tinnsjøen i år òg, så er det i alle fall verd turen :-) Eg har ete mykje røye gjennom tida, og fisken frå Tinnsjøen er i ei klasse for seg ! Synd at dagsfangsten varierer valdsamt, men er du på rett stad til rett tid kan fort mengda bli overraskande stor. Persen min ved Tinnoset er på 47 fine steike røyer, men fyså mange bomturar eg har hatt.

  2. Éit forbod i Noreg lèt seg sjeldan eller aldri reversjere, sjølv kor idiotisk forbodet er. Virkar som om det rår anarki i slike sammenkretser, all logikk og viten frå dei pårørende grupper blir lagt lengst opp på hylla. Dette er ein smule av den såkalla miljøavgiften vi pustande nordmenn må betale. Dei kan godt seie at "Stat og regjering" betalar miljøavgifter, men det er vi som sponsar.

     

    Krem idiotar som ikkje har evna til å sjå at dette var feil, og endå mindre handlingskraft til å stryke forbodet..

     

    Om eg har tru på at bly blir teke opp frå eska og inn i hagla igjen ? - Aldri !!

  3. Jeg synes man skulle oppheve helligdagsfredningen de dagene man ikke har lov å jakte nå.Samt utvide jakttidsrammen på Storfugl og Orrfugl(kun hannfugl) ut januar måned.

     

    Må seie meg 100% samd med denne herremannen...pluss vårjakt på råbukk :!:

  4. Min favorittliste rangsjert etter iver og interesse:

     

    - Rådyrjakt med drivande hund.

    - Hjortejakt. (postering/smyg)

    - Fellefangst. (mår/bevar)

    - Gåsejakt med bulvaner og lok.

    - Duejakt med bulvaner.

    - Bukkejakt på rådyr med lok.

    - Beverjakt. (postering/smyg)

     

    Eg har enno til gode å jakte utanlands, men villsvinjakt med drivarar ser utruleg morosamt ut !

  5. Gratulerer @knutis, slikt er moro :-) trur jaggu du har funne recepten til meir mår i fella òg ;-)

     

    Av en eller annen grunn er fangsthyppigheten når ungene har vært med ca 5 ganger så stor som til vanlig. Slo ikke feil denne gangen !
  6. I Hof kan vi òg setje opp pappskiver til dei grøvere ! Eigenleg synest standplass leiarane (og vi andre) at det er moro når det ein sjeldan gong kjem ein klassisk gammal slit som verkeleg brommer litt. Av einkvan merkeleg grunn så pleier desse å stå åleine og skyte dei få skota sine 8)

  7. Eg har ingen dokument som beviser dette villdyret, men frå gammalt av (bestefaren min) unnlot de å skyte anna enn nettopp rev på åta. Årsaka var at døydde fugl ville gjordt reven meir mistenksom sidan det er "unaturleg" ved éit åtsel. Mykje fugl er difor bra fordi dei lokkar rev fram til åte...

  8. Posteringsjakt - der jegeren sit og ventar på at rådyra skal dukke opp, er å tilrå dersom terrenget er tørt eller det er veldig lydt (lite vind). Dette er ein metode som krev tålmodighet hos jegeren. Den viktigaste faktoren er å vere på lag med vinden, slik at vinden kjem ifrå den retninga du ventar dei vil kome.

    Hugsar at rådyr vil reagere på raske rørsler, unaturlege lydar og alt som er nytt i terrenget. Sett deg slik at du har god oversyn og vil oppdage dyra før dei oppdagar deg. Sitt for all del ikkje i silhuett, og huskar, rådyr høyrer utruleg godt!

     

    Smygjakt kan vere ein effektiv jaktform etter å ha sete på post på morgonen, eller han kan bedrives i lysninga slik som posteringsjakt. Nøkkelord er lydløs og roleg fremferd og flittig bruk av kikkert. Stopp gjerne opp, lote og følg med på vinden. Du må røre deg mot den.

    Gå gjerne mot område der du anten vil kome overraskande på rådyra eller inn mot meir opne flater der du kan nytte kikkerten. Einskilde gonger kan det vere lurt å oppføre seg som ein vanleg turgåer, småprat og rør deg i ein jamn fart langs ei rett linje. Ta einskilde retningsforandringer der du rører deg stillare og vêr førebudd på eit kort møte med rådyra.

    De står ikkje lengje når dei først møter deg. Så lenge dei følar at dei har kontroll på kor du befinner deg, er du ikkje nokon trussel og dei tillèt deg kome nær. Ofte dei han i ein bue rundt deg, og inn på baksporet for å avsløre deg...

  9. Eg synest det er fint og lese tankane dine om samspillet i naturen Jenny, takk skal du ha. Det er òg viktig at du postar meiningane dine her inne, det er nok mange fleire som deler synet ditt enn vi kjenner til, og du er han einaste eg kjenner til som har bein nok i nesa til å skrive i éit jakt og skyteforum.

     

    Mennesket blir regnt som ein alteter, og dei aller fleste er veldig glad i kjøt. Men mange er òg rane planteetere – akkurat som bjørnen!

    I LIKSKAP med andre rovdyr jaktar mennesket på maten sin.  Menneska har utvikla reiskapar for å kunne ta livet av byttedyr som rein, elg og rådyr. Dette kan vere gevær, spyd, feller, gropar, boomeranger eller pil og bue. Nokre brukar til og med gift! Menneska har jo ikkje store tenner eller skarpe klør – slik dei andre rovdyra har.

     

    Men i MOTSETNAD til andre rovdyr har mennesket utvikla metodar for å temme byttedyra sine. Anten blir desse gjetet i store flokkar, eller dei blir halde i fangenskap gjennom heile året på noko som blir kalla gardar. Det har vist seg veldig arbeidssparende og gjev mat til mange.

    Tidlegare hadde nestan alle menneskefamilier sine eigne byttedyr på sine eigne små gardar, men no overlèt flesteparten husdyrholdet til andre på større gardar. Det medfører eit avansert byttesystem der den einskilde mottek verd mot dagleg arbeid, som igjen kan bytast mot kjøt, fisk, grønnsaker, frukt og godteri.

     

    Mykje av av maten blir lagra over tid, og mennesket kan dermed òg regnast som ein åtseleter, i likskap med jerven.

     

    Altså vi menneske et kjøt, og kan difor regnast som eit rovdyr. Vi deler byttedyr med mange av dei store rovdyra i Noreg, og vi har tenner som gjer oss i stand til å tygge kjøt.

     

    Nokre vil nok ikkje like å bli samanlikna med bjørn eller ulv, men vi har mange likhetstrekk med rovdyra. Kanskje kan det vere både artig og nyttig å studere mennesket som eit rovdyr?

  10. Aahh, han var fin :-) Eg likar å ta meg ein nying når eg er på jakt, er denne dressen litt meir "samarbeidsvillig" mot bålgnist enn f.eks microfiber stoff ?

     

    Ser forresten ut som ei kjempe dress til bukkejakt og tidleg hjortejakt :-D

  11. Når det gjelder påstanden om at jeg har sagt at jeg ikke er imot jakt, så må det være en misforståelse. Har vært imot jakt hele livet og aldri hatt problemer med å stå for det. Er ikke imot jegere personlig, og kan ha sagt noe om dette, men dreping av dyr, enten det foregår i skogen eller på slakteri, mener jeg vi klarer oss uten. Det forutsetter at man tillater naturen å fungere på sine premisser, og ikke fortrenger arter som er nødvendige for å opprettholde balansen. Når det oppstår ubalanse, slik det er skjedd i forhold til hjortedyr, får både dyrene og naturen et problem. Ingen vil at dyr som mangler naturlige fiender skal dø av sult og sykdom, men mange ønsker at vi skal gi naturen mulighet til å gjenopprette den balansen som vi har forstyrret.

     

    Ja ein natur og verda i harmoni er ein flott tanke @Jenny, men du gløymer at det mest intellekte rovdyret i naturen er mennesket ! Vi kan ikkje leve/eksistere med lauvmat alle saman. Vi er som rødreven, avhengig av kjøt. Tek du vekk maten til reven så dør han, på lik linje som oss. Det finst masse høve for å leve éit vegetariansk liv, men viss vi ALLE skulle nytta oss av dei ressursane så måtte vi hugga ned all skog for å dyrke økologisk mat, og kor skulle då dyra vore ?

    Sjølv så foretrekker eg vilt fordi som oftast skjønar ikkje dei noko før det er slutt !! Samlebånd med gris på Gilde slakteri er noko heilt anna....men det kan du sikkert ta i ein annan tråd ! ;-)

  12. Det som virkar så håplaust når det kjem til slike menneske er at dei alt for ofte blir sett til vegg sin... Noko har dei sjølvsagt rett i, medan andre ting er fullt bomskudd !

     

    Dei greier sjeldan å svare på spurnader, men grev seg ned i nye/!gamle dokument som som oftast ikkje har noko med saka å gjere. Ei slags lobbyvirksomhet med skyggelapper og alt for ensformig tankegang !

     

    Det økte fokuset på rødrevjakt på Varangerhalvøya var/er vel med tanke på å øke fjellrevbestanden. Det blir vel litt feil å kritisere jakttrykket/skuddpremier på rødrev der om man vil få opp en truet fjellrevbestand?

     

    Svar meg på akkurat det, Jenny.

     

    Svar mork på dette @Jenny, og svar meg kva de gjorde for

    redde rødreven den gongen skabben kom ?

     

    Greier du det ?

  13. Vi har i ei årrekkje freda produktive rågeiter i terrenget vårt. Dette blir skulda det etiske og at vi har ein aukande gaupebestand. De geitene vi skyt er anten skadd eller for gamle til å bere fram avkom. Datt ei tannlaus gammal geit i går... Vi veit at dette dyret (og éit til) er utan kje. Dei har vorte observert heile sesongen både før og under jakta. Akkurat den geita vi felte, har vi i tillegg hatt på beina fleire gonger i haust... (får ikkje liggje i ro med dachs i fua !)

  14. Eg meiner ikkje jakt er den største trusselen mot korkje predatorar eller matviltet. (i denne samanhengen rype) Stadig inngrep i naturen og dessutan aukande trafikk i kjerneområda tærer nok meir på viltet !

     

    @Jenny,- kva for tilltak gjorde de den gongen revskabben kom for fullt ? Eg veit ikkje styresmaktene gjorde noko, men eg regnar med at de bretta opp erma og gjorde ein innsats for å ta knekken på dette ? Ps: sidan forsking og dokument er ditt holdepunkt, så regnar eg med at du/de hadde ein skriven handlingsplan den gongen òg ?

  15. Eg har berre vore innom JD Drammen éit par gonger. Har ikkje handla noko der enno, men regnar med nokre nye Kaniafeller snart må kjøpast ! Det einaste som forbauser meg litt med denne butikken er han eine tilsette.....ut ifrå språk, fremgangsmåte og allviten kunnskap om jakt og hundar så trur eg jaggu han nærmar seg 204 år !!!

×
×
  • Create New...