Jump to content

bryren

Members
  • Posts

    7
  • Joined

  • Last visited

bryren's Achievements

Newbie

Newbie (1/17)

  • First Post
  • Week One Done
  • One Month Later
  • One Year In

Recent Badges

0

Reputation

  1. bryren

    Lokking av rev.

    Tok meg ein liten lokkjakt tur no nettopp. Nesten fullmåne og kaldt, så det vart flott lokkevær. Sette meg på ein liten høgde med oversikt over eit hogstfelt. Høyrde reven skreik før på kvelden, så eg hadde god tru. Etter 15-20 min var eg tenkt å ta siste lokkeblås før eg reiste heim. Men då kom det ein ungrev fram på ca 3 meters hold. Men sidan han såg meg midt i augene turte eg ikkje å røre meg. Og då fekk han vinden av meg og stakk. Såg i spora hans etterpå at han hadde gått bakom ein høgde i medvind, for so snu og komme inn i motvind framfor meg. Artig at eg får det til å funke! Bruke Nordic fløyta pre-tuned med hareskrik. Blir nok fleire turar etter dette! Dette var årets jaktoppleving!
  2. Ja, midt i hjortejakta er det nok ein del hjort, men utover vinteren vil dei trekke meir ut mot kysten. Har òg ein del sau på beite ut til oktober, så det vil nok ikkje vere so mykje jakting på barmark. Må nok belage meg på å straume hunden for at eg skal få grunneigarar med sau med på laget Men eg har forstått det slik at det som oftast er valpestrekar som gjer at hunden spring etter hjort og sau? Det er vel om å gjer å ver hard på kva spor han skal gå på ifrå starten av.
  3. Har eit par spm ang revejakt med støver. Begynte som smått med åtejakt i fjor vinter, noko som ga meirsmak. Så kom eg til å tenke på at hundejakt på rev ikkje var så dumt, så det kanskje var ein meir effektiv jaktform(?) og det er ikkje ofta ein kan høyre los her eg bur. Sidan eg bur på vestlandet, so er det enkelte plassar veldig bratt og kan ver lite snø. (mest slaps og drit). Vil det då bli problem for støveren å henge på? Eller er det berre postane som vil bruke lenger tid på å komme seg på post? Har svært lite skogsbilvegar, så å finne ferske spor vil bety nokre timar med ski/truger. Vil då åte vere eit godt alternativ, slik at eg slepp å gå igjennom heile terrenget for å finne spor? Vil støveren etterkvart bli meir sjølvstendig slik at kan sleppe han også heller sette ut postane når eg veit kor losen går? Er ingen her i nærleiken som brukar laushund til noko som helst type jakt, så difor stiller eg meg litt skeptisk til om det verkeleg går an. Men det kan ver pga ein gamaldags måte å tenka på? Rev er det i massevis, så eg trur det burde gå.. Einaste er at det blir kjedeleg å henge på losen dersom han dreg fleire km i bratt terreng.. Hihund vil jo bli eit spm seinare, men eg trur eg tek eit skritt om gangen i første omgang.
  4. De kan skrive opp ein rev på meg òg. Hannrev på 8kg, datt i smellen etter remington 700 og norma elite .308. Vart stygt utgangshol i han, så han er ikkje mykje å samle på! Men her (sogndal) så er skotpremien på 500kr
  5. Det verste var eigentleg på føtne. Men eg sat med sko på. Tenkte eg skulle ta med nokre tøfler neste gang. Blir så dårleg blodsirkulasjon inni fjellskoa
  6. Har akkurat begynt med åtejakt, og har nokre spm. I løa der eg sit, er det ikkje moglegheit for straum, så eg har verken lys eller varme. Åte ligg på ein bø, så eg har greitt nok lys frå snøen, men det er sjølvsagt bedre med kunstig. Nokre idèar til korleis eg kan skaffe lys? Har ikkje solcellepanel, og å bruke 10 000kr på det er ikkje aktuelt. Eit anna problem er varme. Trudde eg skulle fryse av meg føtne i går. Sidan eg ikkje har varme, korleis kler brukar de for å ikkje fryse så mykje?
×
×
  • Create New...