Jump to content

bosnes

Members
  • Posts

    600
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by bosnes

  1. Følelsen av å stå å vente på at sleiden tilslutt skulle tusle seg frem igjen var fryktelig, aldri mer skal jeg kaste bort tid på en 6" 1911 i 9mm.

     

     

     

    Nei, men kjære Vingemutter! Du må ikkje ha det så travelt! Du må no vente til siktebildet kjem på plass igjen! Etterhold, heiter det visst...

     

     

    Eg held på å konvertere frå ein Pardini GT45/9 til ein SVI singel stack 6"....

     

    Skal bruke våren til å finne ut kva eg likar best.

  2. På amerikanske forum ser eg at det er vanleg å skyte moderne 32 s&w long ammo (fabrikk) i gamle norske og svenske (og sveitsiske) Nagant revolvarar. Er dette trygt? Nagant revolvarane var konstruert i overgangsperioden mellom svartkrutt og røyksvakt, men kva trykk genererer fabrikkammo i 32s&w long i forhold til det Nagant revolvaren er konstruert for?

    Eg har eit par slike Nagantar. Førebels har eg kun skote svartkrutt i dei, men det hadde no vore greitt å brukt litt fabrikkammo av og til for å sleppe pussinga...

    Nokon som veit? (Er i utgangspunktet litt skeptisk til amerikanske forum..)

  3. Kjøpte eit skjefte til Sauer STR 200. Synes skjeftet var fint og kvalitet og finish helt topp, men eg kunne ikkje bruke det fordi eg har for små fingrar/pistolgrepet var alt for stort. KKC skjeftet til STR 200 passar meg utmerket. Dette er eit år sidan, så veit ikkje om dei har gjort pistolgrepet mindre, men det burde dei! Har aldri sett eit skjefte før tilpassa til så store hender...

  4. ..... Jeg skjønner ikke hvorfor du på død og liv skal sette kula di på 41,5 når du helt klart uten problemer kan sette den til 40,5....

     

    Neida, eg treng absolutt ikkje sette kula på 41,5 mm. Men det er H&N sine offisielle ladedata for denne kula eg snakkar om. Og eg har alltid tidlegare hatt svært gode erfaringar både med kulene og ladedataene frå H&N. Men eg vart litt misstenksom til den lange patronlengda, det var difor eg spurde. Men eg skal no prøve både 41,5/41/40,5..

     

    Her er data frå H&N:

    Kule: H&N HP .357 HS 180 grain

    Patronlengde: 41,5 mm

    Hylse: Starline

    Hette: CCI500

    Krutt: 7,7 grain 3N37

    Tapercrimp

    Testvåpen: S&W 686

    Oppgitt hastighet: 318 m/s = faktor 188

  5. Eg har heilt frå første post spurt kun om kor lang tønna i ein .357 s&w 686 er. Dvs kor lang kan patrona vere før den subbar i løpet.

    Eg har frå anna hold enn kammeret.no fått bekrefta at 41,5 mm ikkje er noko problem. Då satsar eg på å bruke laddedata frå H&N. (41,5mm patronlengde). Etter PPC skyttaren si teikning hadde det ikkje gått, 40,39....

  6. Om ein pistolskyttar har vore borte frå sporten i fleire år så bør vel vedkomande uansett for sin eigen del ta kurset på nytt? Har jo tross alt vore ein heil del regelendringar (NSF) dei siste åra.

  7. Vi i Ørsta/Volda PK har i fleire år hatt 1/2 løype i det årlege stemnet vårt i 1S. Begrunnelsen for det er ikkje å tene meir pengar, heller ikkje at vi har liten plass. Men derimot relativt få deltakarar, ca. 15 stk. i år (32 startar totalt). Synes då det er litt "overkill" med heil løype. 1/2 løype kan også gjennomførast med færre funksjonærar (eit stadig problem dette med funksjonærar). Etter kvart som 1S blir meir populært/fleire skaffar seg våpen, vil vi vel arrangere heil løype også i 1S (eller når vi arrangerer KM). Men filosofien så langt har vore at det er betre å arrangere 1/2 løype, enn å IKKJE arrangere.

    Dette med klassesetting må eg seie eg er langt mindre oppteken av (eg er jo som kjent motstandar av alle desse klassene...).

  8. Eg er ute etter maksimal patronlengde i ein s&w 686 i .357 magnum.

    Bl.a. skal eg ladde med ei H&N 180 grains kule (ikkje krymperille) der H&N oppgir patronlengda til 41,5 mm, men kva er maks? (H&N oppgir s&w 686 som våpen for denne ladninga)

    Nokon som kan måle nøyaktig på ein slik revolvar?

×
×
  • Create New...