Jump to content

bosnes

Members
  • Posts

    600
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by bosnes

  1. Eg synes at DFS-skyttarlag skal overlate til NJFF å stå som arrangør av jaktfeltstemner. Men dette kan sjølvsagt gjerne skje på DFS-baner, utleigd til NJFF, eller i eit samarbeid mellom lokale DFS/NJFF lag. Ingenting i DFS regelverk som skulle stoppe det.

  2. DFS ønskjer ikkje at skyttarlaga skal arrangere reine jaktfeltstemner då dette er ei grein NJFF arrangerer. Ein vil vel ikkje trakke i beddet til NJFF. Men DFS sentralt har vel ingenting imot at eit DFS skyttarlag låner/leiger ut banen sin til jaktfeltstemner. (Veeeldig mange NJFF jaktfeltstemner vert arrangert på DFS-baner).

    Løsninga er vel berre å alliere seg med nærmaste NJFF lag og arrangere i fellesskap? Arranger etter NJFF sine reglar med NJFF laget som arrangør og med DFS laget som "teknisk" med-arrangør.

  3. Då ser det ut til at eg kan få med meg første dag av NM Spesialfelt på Oppdal. Gledar meg til det eg reknar med blir eit svært godt arrangement også i år.

    Denne evindelege premiediskusjonen der vaksne mannfolk synes dei får for lite i premiar synes eg er patetisk.

    Om det skulle bli eit bra overskot til dei klubbane som gidd å arrangere, så er ingenting betre enn det.

  4. @bosnes Er vel ingen her som diskuterer hverken styrets innsats eller den ekstraordinære kontigenten? Fristende å spørre om du bare gikk i vranglås av eller om du faktisk leste det som blir skrevet?

     

     

    Tråden handler vel om endringa som vart vedteken på årstinget.

  5. DSSN (Tidlegare NFPS) er eit lite forbund med berre vel 2000 medlemmer. Men vi har eit proaktivt styre som jobbar godt både i notid og med framtidig strategi. No held vi på å skaffe oss ein del meir midlar som gjer at vi kan skaffe oss langt meir innflytelse enn medlemstalet skulle tilseie. Dette vil nok bli benytta i samarbeid med NSF til beste for alle som driv konkurranseskyting med pistol i Norge. Styret fekk full tilslutning av årstinget, og medlemmane burde juble for at vi har eit så aktivt og framsynt styre. Berre framtida vil vise kva resultatet vert, men ingen skal seie at forbundet DSSN ikkje jobba godt for saka.

     

    Til dei av medlemmane i DSSN som ikkje vil betale 700,- ekstra i 2013 for dette har eg ingen lukkeønskingar!

     

     

    PS: Og no gidd eg ikkje høyre meir om Amerika og 2. amendment/og liknande i denne saka/tråden...

  6. Når det gjeld kva .22 matchpistol som blir mest brukt frå land til land, heng dette også saman med kven som er importør og kor god jobb denne gjer. I Norge har dei siste åra Pardini SP teke ein stor del av marknaden. Dette er mykje på grunn av at Børselars AS er importør og gjer ein kjempegod jobb både med marknadsføring, salg og ikkje minst service. Pluss at det er ein veldig god pistol. Ser ein internasjonalt, så har framleis Pardini SP ein høg marknadsandel blant dei beste, men då kjem Feinwerkbau betre ut enn dei gjer i Noreg (legg m.a. merke til at Feinwerkbau AW93 er mykje brukt blant utøvarane i VM-fin/sportspistol (damer) internasjonalt. Det same med Morini og Walther SSP. Treng ikkje gå lenger enn til Sverige for å sjå skilnaden.

    Det er mange svært gode .22 matchpistolar på marknaden. Salstala og populariteten her i Noreg seier ikkje alt.

    Men for all del Pardini SP er ein svært, svært god pistol, som du godt kan bli verdsmeister med, men det kan du også med.....

  7. Ein tragisk datokollisjon gjer at eg ikkje kjem til Oppdal, då MÅ eg i alle fall til Larvik!

     

    PS: Skjønar ikkje Brassy sin negative kommentar om at han ikkje vil gå same løypa som i fjor. Etter mitt syn var NM i fjor eit kjempeflott arrangement på alle måtar, med ei kjempefin løype.

  8. Eg var med på å vedta dette på forbundstinget og eg synes styret hadde gjort ein god jobb i førekant, heilt i samsvar med strategiplanen som også vart vedteken (samrøystes - trur eg). Må også få gi ros til strategiutvalget i forbundet. Mykje seriøs jobbing. Eg trur vi har dei heilt rette tillitsvalde i forbundet for tida. Det er mykje god og rett jobbing. Dette var også konklusjonen til årstinget som nesten 100% stod bak alle framlegga til styret. Ynskjer lykke til med det krevande arbeidet forbundet, og alle tillitsvalde, har framfor seg.

    Mvh Bjørnar Osnes, Nordvestlandet Sportsskytterlag.

  9. QuickLOAD:

    95 grain Hornady V-Max, 49 grain N-160, COL 73 mm, løpslengde 55 cm, gir PSI 44759, dette er heilt opp mot max og skal gi 5% komprimert ladning. Kalkulert utgangshastighet 1105 m/s. Hadde vel redusert litt...

  10. Synes umiddelbart at ladninga di med 95 grain V-max var i overkant. Kan sjekke denne i morgon (har ikkje programmet tilgjengeleg i dag) i quickLOAD om du vil (om ingen andre kan gjere det i kveld).

  11. Programkomiteen i AP har akkurat no publisert forslaget til nytt partiprogram. Her er det einaste dei skriv om våpenlovene:

     

    "22. juli-kommisjonen foreslo endringer i våpenlovgivningen for å sikre bedre oversikt over

    det store antall våpen privatpersoner er i besittelse av, og for å redusere tilgjengeligheten

    til de våpnene som kan forårsake størst skade, som halvautomatiske våpen. Vi vil vurdere

    strengere regler og overveie ytterligere tiltak for å få bedre oversikt over og kontroll med

    våpen. I dette arbeidet er kriminalitetsforebygging og sikkerheten til innbyggerne for oss det

    viktigste hensynet."

  12. Synes det funkar heilt fint slik det er i dag.

     

    Muligens litt høgt faktorkrav i mag 1. Men dette har vore grundig diskutert før og forslaget om lavare faktorkrav i mag 1 fekk vel ikke gjennomslag på fagkomitekonferansen for eit par år sidan.

×
×
  • Create New...