Jump to content

bosnes

Members
  • Posts

    600
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by bosnes

  1. Det er viktig gjere seg godt kjent med reglementa, slik at ein raskt finn det ein treng på rett plass. Det har vore ein del omskrivingar, redigeringar etc. i dei nye reglementa. Så også gamle dommarar bør gjere seg godt kjende med dei nye.

     

    Skal du bli ny dommar og skal på dommarkurs med det første kan det kanskje vere lurt å sette seg godt inn i alt som har med prosedyrar rundt funksjoneringsfeil og omskytingar i dei ulike baneprogramma. Trur mange får litt problem her. Det viser seg i alle fall ofte i praksis at dette er eit "problemområde". Også for erfarne dommarar.

  2. P.S bosnes Siden vi har en "ørsting"? i tale. Så kan jeg kansje driste meg til å spørre om hvorfor man aldri får oppgitt premieringen på listene når en skyter i ørsta. :wink:

     

    "Off topic", men la gå..

     

    Resultatprogrammet vi brukar har ikkje plass for premiesummen på resultatlistene. Men premielista skal vere sendt klubben.

    Vi skiftar no til resultatprogrammet som Sandnes PK har laga. Då kjem premiesummane inn på resultatlista.

    Helsing volding, ikkje ørsting :D

  3. Trur vingemutter må ta opp internt manglande planlegging i eigen klubb. I M&R har det vel vorte halde dommarkurs annankvart år. Vi (Ørsta/Volda) har i alle fall aldri hatt problem med å få plass til folk på kurs. No sist søndag var vi 7 stk. som tok oppdateringa.

    Dommarkurset har vore annonsert i lang tid og klubbleiinga har hatt god tid på seg til å melde inn behov for dommarar.

  4. Eg har i dag ein Morini CM22M og ein CM22M RF. Den første har sleide i stål og er kanskje litt framtung etter min smak. Den andre har sleide i aluminium. Svært gode pistolar begge to, bør selge ein av dei, men veit ikkje om eg klarer...

     

    Morini lagar ikkje MG2, det er det Match Guns som gjer. Har ikkje erfaringar med den. Men sjekk mange innlegg på targettalk.org.

  5. Synes klassene spesialpistol og spesialrevolvar fungerer utmerket. Sidan dei vart innført som offisielle greiner i NSF for få år sidan har populæriteten auka år for år. Og det ser ut som folk trivst utmerket i løypene, enten dei går med ein blodtrimma Smith, kappa Hammerli eller noko lite, gamalt og søtt.. Likar også godt at alle skyt i same klasse! Likar ikkje at vi skal plagast med all denne klassesettinga på opne stemner.. Men sjå det, det er nok ein annan diskusjon!

  6. Har ein 629 med 5" løp. Svært hendig og pen å sjå på, men vert nok litt "vilter" i Magnum II løypa. Har planer om å skifte til 7-8" løp. Er det Børselars som har gjort jobben på din Bromark?

  7. Du finn det du treng i "Forskrifter om anlegg av, kontroll med og godkjennelse av sivile skytebaner av 1. juli 1988.". Du kan laste den ned her: www.dfs.no/no/Fagstoff/Anlegg+Skytebane ... layout.pdf

    Legg merke til at det er svært stor forskjell i krava om bana skal brukast berre til .22, eller om den skal brukast til kraftigare saker. Dette betyr at ventilasjonsanlegget blir svært dyrt for ei bane som skal brukast til grov.

  8. .. og det hjelper også å ha en revolver som er bare nydelig ;-)

     

    K.

     

    Gratulerer med gullet. Har du fått ny revolvar? Type? Og kva har du gjort med den?

    Har liggande ein kjøpetillatelse på ein revolvar til revolvarfelt. Det kunne vore interessant å vite kva norgesmesteren i år brukte, og eventuelt vil anbefale.

    Skal bruke den kun til revolvarfelt, ikkje Magnum I (der brukar eg pistol i 10 mm auto), så er i første rekke på jakt etter ein i .38 spes.

  9. Ser at det på standplass 10 for fin, grov og revolver er 7 mål... Hvordan fungerer dette, med 6 skudd i magasin/tønne?? :shock:

     

    Då er det eit av måla du slepp å skyte på. Fritt valg.

×
×
  • Create New...