Jump to content

Stihl Crazy

Members
  • Posts

    4,328
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    3

Everything posted by Stihl Crazy

  1. Èin anna ting og ta i betraktning er pressa, får litt meir kvalitetsfølelse av ei støypejarnspresse enn alu. Held seg bra i pris gjere dei og. Pressa er jo «hjerta i brurå» så er kanskje lurt og legga litt pengar i ho. Akkurat kva type kan eg ikkje seie så mykje om har Lee Classic cast sjølv og likar den, men det dere brech lock greiene til lee har eg prøvd og likte ikkje det. Har ikkje prøvd RCBS sjøv men har lagt merke til èin ting, pressa har ikkje hol til festebolt på baksida, det burde ho hatt spør du meg. Er jo mange som har den pressa då men likevel, må nå flexa det der. Kan ikkje forstå noko anna.
  2. Eit anna element er og at den ammunisjonen eg ladar no er meir presis enn den fabrikkammunisjonen eg har prøvd, har ikkje prøvd mykje då. I tillegg veit eg ikkje om varmint ammunisjon fins som fabrikkammunisjon i 6,5x55, men kunne vel ha brukt noko anna då.
  3. Jo, eg gjere det no. Gjer det du seier. Sparer sjølvsagt ikkje ( spare er noko anna) men fabrikkammunisjon hadde vorte dyrare over tid enn det regimet eg har no.
  4. Har brukt permanent marker tusj.
  5. Du kan låna ho på biblioteket men ho er kjekk og ha. Her følger ei lista fritt etter hukommelsen som eg brukar. Har ho på veggen heima etter og ha fylt på krutt før eg sette tennhettene èin gong… 1. inspiser hylsene og bruk decaping die og bli kvitt tennhettene. 2. Dersom du kan Nick siza så bruk collet dia, reingjer hettelomme samtidig. 3. Mål hylselengd, trim dersom nødvendig. 4. set tennhettene. 5.veg opp kruttet og fyll opp hylsene. 6. set kulene og mål hylselengd. verre er det ikkje, sjekk undervegs att alt vert skikkeleg gjort. Eg måler ei og ei hylse i punkt 3, at dei ikkje er for lange. I punkt 4, kjenn med tommelen at hetta er satt langt nok inn. Dersom du brukar eigne hylser og hevearmen ikkje går treigt når du skal kammra kan du neck siza, er iverfall den regelen eg går etter. I punkt 5, lys nedi og sjå at du har fylt på krutt i alle hylsene.
  6. C pressa frå Lee var den eg byrja med, var heilt ok. Grei og flytta rundt på dersom èin ikkje har laderom. Ellers når du har funne dei ladningane du skal bruka kan du laga deg dummier. Alltså skot som berre består av hylse og kula. Når du skal lada ei anna kule enn forige gong set du dummien i pressa og skrur ned kulesetterdia slik at COL vert rett. Eg har og notert på dummien kruttvekta, kula skal ladast med samt den allerede nemde COL eller patronlengda på godt norsk. Har 3 slike ei for blyspiss, ei for treningskota og ei for ting eg ikkje skal eta. No veit eg ikkje kva type gevær du har og presisjon, ei heller kva du har tenkt og lada men sierra kuler er ofte lett og få bra presisjon med. Veit det eg som hadde eit kresent gevær. Eg ville nå så sant det berre går brukt collet dia eg då men det er nå meg.
  7. No har eg lada berre til 6,5x55 og 222 rem så har ikkje allverda av erfaring men iverfall når èin kjem inni det er det ganske lett. Vær nøyaktig, sjekk og dobbeltsjekk. ALLTID rett krutt ingen feil der. Trur kanskje eg ville begynt med eit kaliber om gongen, ville byrja med .308. Vanlig enkeltstasjonpressa men verkar jo som det du har peila deg innpå. Eg har ikkje krutmål, vege ladningane. Går relativt kjapt når èin får flyten. Når det gjeld og setta tennhettene så brukar eg berre pressa, trur «dingsen» som eg brukar kom med pressa, fungerar veldig greit. Så du treng ikkje forkjøpa deg, på den andre sida kjøpa enkeltvis som eg gjorde kostar nokre kroner det og, så eit sett er vel det mest fornuftige. Ser Alvestad har Lee sett iverfall, fins jo andre og då men https://hjemmelading.no/produkt/challenger-breech-lock-ladesett/
  8. Collet dia er grådig bra ja, brukar berre den, har ei forster kulesetterdie men lee si duge nok den og.
  9. Stihl Crazy

    Sako 90

    Men blir jo så inni granskauen dyrt Bly, for og komma med sure oppgulp.
  10. Er vel berre og gå i gong, blir vel ikkje billigere kan eg tenka meg. Har sjølv støypejernpressa til lee, eit diesett, kruttvekt (Dillon) digitalt skyvelære, lee si universal deecaping die, krutttrakt, hylsebrett, lee si 2,8 kruttskei, skrutrekkar til og gjera rein hettelommer,. Trur eg har det då. Eg har alltså gått veien og kjøpt litt etter litt etter kvart som eg har trengt. Det eg har er minimum. Eit anna alternativ er og kjøpa eit ladesett, lee er populært pgs pris, vekta er litt bob bob aktig, alupressa har eg ikkje prøvd. Duger mest sannsynlig. Mi er iverfall tung nok og flytta rundt på. Hylser, bruk Lapua. Etter eg fekk dei og t3x har eg ikkje måtta trimma.
  11. Stihl Crazy

    Sako 90

    Kanskje feil plass og skriva dette, men noi sommerhalvåret er det litt lite aktivitet på forumet så eg skriv det allikavel. Vart inspirert av deg Bly. Eg har i nokre år hatt lyst på ei rifla i .223 Remington. Problemet er at eg ikkje klarar og bestemma meg for kva merke eg skal kjøpa. Spriker i alle retninger og prisklasser, frå brno fox i 222 ( ja er innom det kaliberet og avogtil) til tikka t3x, der eg har bytta ut èin god del ting. Har og være innom 6,5 grendel i CZ 527 eller howa mini. Eit anna problem er at eg har litt den tanken, èin ting inn, èin ting ut. Så dersom eg kjøper ei rifla i 223 så skal eigentleg 6,5 rifla mi ut. Det går jo eigentleg ikkje då eg skyt èin hjort i ny og ne. I så måte er kanskje 6,5 grendel betre den kunne kanskje gjort jobben der og. Uansett er eg «stuck in zorba» er jo eit luksusproblem då, klar over det.
  12. Eg ladar 108 gr scenar med 38 gr Vv 150, COL trur eg er 72 eit eller anna. Bra presisjon.
  13. Vv 150 kan du bruka, vil tru Vv 140 er litt kjapt men går vel i eit nødsfall iverfall dersom Vv har ladedata med omtrent same kulevekt og fasong på kula, har du lese ladeboka foresten? Du får den kommentaren før eller seinare allikavel.
  14. Ja då går det bra. Er vel individuelt kor mykje rekyl me likar.
  15. Ikkje for og skremma men har høyrd at 1640 sparkar ganske godt, iverfall med original bakkappa.
  16. Stihl Crazy

    Sako 90

    Eg har jo null peiling på mekanikk og våpentekniske ting, men må innrømma at eg av og til har tenkt mitt når eldre riflemodeller blir lovprist.
  17. Stihl Crazy

    Sako 90

    Sant det men er uansett det fyrste som slår meg og det fyrste mange tenker vil eg tru. Gjeld jo ikkje berre våpen då.
  18. Stihl Crazy

    Sako 90

    Ja det eg og har tenkt, får jo ei med mest sannsynlig bra presisjon for 13-14 tusen.
  19. Stihl Crazy

    Sako 90

    Ja 30 er jo ikkje så heilt gale då, var vel prisen på nokre av dei andre eg stussa litt på.
  20. Stihl Crazy

    Sako 90

    Det er jo verre prisar enn på butikken heima (skikkeleg utkantbutikk)
  21. Tar opp igjen denne tråden her, tenkte og kjøpa meg ei fløyta så eg er klar til neste sesong. Kva type vil de andbefala? Red river banditt, eller andre?
  22. Vart ikkje noko meir skriving her.
  23. Her har me ein med orden i sysakene og ikkje minst sysaker.
  24. Lagar vel knapt så lette sikter i dag av nokonlunde kvalitet.
  25. Er jo sant det då, berre eg som er ein sånn kjedelig fisk som berre har ei rifla og eit sikte.
×
×
  • Create New...