Jump to content

vest

Members
  • Posts

    1,232
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by vest

  1. www.ralfy.com som eg linka til i forrige innlegg har ingen fordommar mot amerikansk whiskey eller frå andre land enn Skottland. Hans anmeldelsar inneheld sjølvsagt mest skotsk singel malt ,men også maltwhisky frå andre land og andre typar. Sjekk ut hans innslag og sjå om Pavlov hadde rett :winke1:
  2. Skal no byfolka få kritikken for at sherpaene blir leigd inn fleire stadar i landet for å få utført steinarbeid? Her trur eg du retter bakar for smed.

     

    Når det gjeld søppel så vil eg påstå at det ikkje var noko betre før det vart "in" å gå i fjellet. Brukte hermetikkboksar og gassboksar er eit gammalt fenomen i fjellet. Gjerne lagt igjen av lokale folk. Her er min kommune finnes det ei røys av gamle ølboksar som folk har drukke opp og kasta frå seg på veg inn til hytta i reinsjakten. Trur ikkje det har så mykje med "in" og byfolk å gjere. Natursvin er natursvin uansett kvar dei kjem frå.

  3. Det burde kanskje være en moderatoroppgave å ta grep tidlig når noen står i fare for å hetses på forumet?

    Denne gangen var det sauebønder og folk som bor på landet som fikk driten.

    Å overse eller å anbefale at man ikke svarer på innlegg virker noe svakt.

    Rett nok så lever provokatører av at noen reagerer på provokasjonen.

    Tar man grep tidlig slepper man å stenge tråder fordi de gikk av sporet.

     

    Vi ønsker å fremstå som ansvarsbevisste og seriøse mennesker de aller fleste av oss her på forumet. Et mindretall bryr seg ikke om hvordan de oppfattes og skriver kun for å eksponere seg selv etter prinsippet on at all oppmerksomhet er god oppmerksomhet.

     

    Som gammal sauebonde på Vestlandet lar jeg meg provosere, og når når det tillates at hetsing fremsettes så forutsetter jeg at det også kan svares (saklig).

     

    At noen har sett seg lei på en næring er ikke nødvendigvis næringens feil.

     

    No las eg tråden og driten som du seier vart nok slengt begge vegar. No er det heller ikkje sånn at berre fordi folk bur i byar så er det negative til sauenæringa eller berre fordi ein bur på landet så er ein ukritisk .

  4. Skal du kjøpe superundertøy så velg nettingundertøy fra Brynje eller Aclima. Og som ein anna sa:hugs boxershortsen, kald blaut bomullsunderbukse er ubehagelig sjølv om resten av kroppen er tørr. Min anbefaling er ein tynn ullboxer då den tørkar fortare enn ein av tjukkare stoff, i tillegg til at ull har varmeisolerande evner i forhold til bomull. Eg har prøvd syntet boxer,men merkelig nok blir dei berre kliss blaute ved mykje sveitting.Ein anna fordel er at ull gir minimale eller ingen luktproblem i forhold til syntet.

  5. No når det nærmar seg jaktid for mange så vil det og sei at mange finn fram whiskyen som dei skal ha med seg på jaktturane. Som eit ledd i "forberedelsane" kan eg anbefale å ta ein kikk på http://www.whiskyreviews.blogspot.no/ der finn du ein av Ralfys 479 anmeldelsar (og det blir stadig fleire) av Whisky + litt anna. Eg trur han må vera skotsk, og han snakkar ein engelsk som er lettforståelig for oss nordmenn. Skikkeleg morsom og engasjert fyr med godt ordforråd i beskrivelsen av whisky. God fornøyelse med Ralfy! Den nemnte Laphroaigen blir anmeldt i nr 272

     

    Eg er ingen erfaren whiskydrikkar,men har for det meste smakt singel malt whisky uten særleg røyksmak, Prøvde i dag Laphroaig 10 years old for første gang. Trudde dette var noko eg måtte venne meg til etterkvart då røyksmak i anna whisky ikkje akkurat har vore min favoritt,men utruleg nok så treng denne ingen tilvenning. :) Skikkelig godt!! Er det forresten nokon som har smakt ein Munro bagger? Om du ikkje veit kva det er sjå anmeldelse nr 465.

  6. Søk på BSA CF 2 så finn du ein del. Eg har berre vore borti 1 slik rifle,men etter det eg finn ut så blei den produsert mellom 1972 og 1986. Den har modifisert mausermekanisme, men ein temmelig ordinær skyvesikring. Etter det eg kan finne ut har mange framheva presisjonen. Eg kan ikkje finne akkurat den stokken di rifle har, om den er original så ser den svært lite brukt ut. Den rifla eg var borti i dette kaliberet var ganske tung, kanskje 3.6kg noko som er mykje i forhold til mange av dagens rifler. Såvidt eg hugsar var dette ei forholdsvis rimeleg rifle.

  7. rs83 er det nye våpen dette er snakk om? Den første du nemner M77 MK II All Weather er vel forgjengaren til Ruger Hawkeye All Weather om eg ikkje tar heilt feil. Kva som egentlig er forskjellen på dei utanom meir justerbart avtrekk på Hawkeyen og mindre rustffri delar som du skriv om det stemmer, er eg ikkje heilt sikker på. Muligens er stokken litt endra ,men etter det eg forstår så er Hawkeyen meir matt som rustfri. Eg har den gamle modellen kjøpt i 2006 og er svært fornøgd og det utan å ha bedda eller frilagt løpet. Presisjonsmessig er det beste jaktrifla eg har skote med.Ein kamerat av meg kjøpte frå samme årgangen og han er og svært fornøgd.

  8. Vil berre minne om at Villreinjegerens spørsmål opnar opp for å disktere meir enn berre kikkertsikter og mørkeegenskaper. Jakt foregår også i den lysare tida av døgnet og ikkje minst med bruk av håndkikkert. Sjå viltet før viltet ser deg er aldri ein dårlig strategi.

    Eg gløymer aldri første reinen eg skaut, strategien var å finne seg ein høg topp i jaktområdet og så speide etter rein.Også nokre andre mykje meir erfarne jegerar hadde same strategien. I motsetning til dei som hadde billige kikkertar så hadde eg ein splitter ny Swarovski. Som dei fleste som har vore på rensjakt veit så er det ikkje så lett å sjå rein i fjellet sjølv midt på lysaste dagen. På svært lang avstand såg eg faktisk ein flokk,mens dei andre ikkje såg noko anna enn stein i sine kikkertar. Eg jakta ikkje i lag med dei og sa ingen ting om kva eg såg,men gjekk den lange avstanden og fekk rein,mens dei andre ikkje fekk noko. Hadde eg ikkje hatt ein slik bra kikkert så hadde eg nok aldri klart å skilje ut reinen, årsaken var god oppløysing og bra fargegjengivelse. På rifla hadde eg derimot ein Bushnell. Hadde det vore omvendt , altså ein Swarovski på rifla og ein Bushnell håndkikkert hadde eg neppe sett reinen. No er dette mange år sidan og Bushnell leverer i dag ganske bra optikk i dei dyrare modellane.

    I ettertid har eg nesten følt meg avhengig av ein topp håndkikkert. Ein gong seinare vart eg dessverre nødt til å bruke ein billeg russisk kikkert som reserveløysing. Eg syntes den var forferdelig å bruke og svimmelheit og kvalme vart resultatet. Rein blei det likevel,men det var av andre årsaker. Eg forbante meg på at så dårlig optikk skulle eg aldri meir bruke i ein håndkikkert på jakt.

  9. hjortefot er det nokon her som har sagt at Schott lagar linser for Zeiss? Poenget mitt er at nokon (mis)brukar Schott i markedsføringa berre fordi dei og leverer råglass til Zeiss. Forresten så har Zeiss produksjon av optikk i Kina ,men det er mikroskop o.l. http://opt.zju.edu.cn/attachments/2013- ... 103401.pdf Ein skal ikkje tru på alle slags seljarar som vil promotere sine eigne merker som kanskje gir større fortjeneste enn Zeiss eller Swarovski når dei kjem med påstander om at den og den produserer deler eller linser for toppprodusentane. Det er svært mykje rykter ute og går vær skeptisk.

     

    Når det gjeld Zeiss Terra håndkikkerter så står det at dei er laga i Kina på Zeiss heimeside http://www.zeiss.com/sports-optics/en_d ... ---answers

  10. Om Zeiss lagar noko i Kina skal ikkje eg påstå ,men påstanden fra hjortefot om at Zeiss lages i Tyskland er sant,men ikkje den heile fulle sannheiten for Zeiss lagar også optikk andre stader. Som andre har nemnt Conquest har ikkje vore 100% tysk. Er den nye billigserien Terra 100% laga i Tyskland? Ein skal merke seg at Zeiss brukar Schott linser, Schott har fabrikkar i Tyskland ,men også i USA og Kina. Zeiss har no fleire modellar enn nokon gong og sjølv om dei lagar toppmodellane sine i Tyskland så treng ikkje nødvendigvis alle Zeiss sine produkt vera laga der.

    Swarovski kjøper for eksempel råglass fra japanske Hoya så om optikk ikkje er 100% laga i Tyskland eller Austerrike så treng ikkje det bety at produktet er noko dårlegare av den grunn. Foresten så er det fleire produsentar som reklamerer med at glasset i optikken er frå Schott,det i seg sjølv er jo ikkje avgjerande for kor bra sluttresultatet blir.

  11. Støtter Norwegianwoods her, Svensk Kvit Elghund burde passe bra til ditt bruk. At det også er ein rase med usedvanlig godt gemytt burde og passe for deg. Har sjølv ein slik hund, jaktmessig er det for tidleg å sei sidan han var kvalp i fjor haust,men interessa for vilt er absolutt der. I omgang med folk og andre hundar har eg kun masse posistivt å sei.

  12. Bondøl`n, har du lest hva som står i de 156 treffene? Desverre ikke noe om det jeg spør om.

    Vær vennlig å svar på spørsmålet mitt og la flisespikeri og gulp være

     

    Vel, å spørje etter skumringskikkert når det egentlig er kikkertsikte du er ute etter gjer det heller ikkje lettare for dei som seinare skal bruke søkefunksjonen for å leite etter kikkertsikte til skumringsjakt.

  13. At VX-1 ikkje har knepp stemmer kun for eldre modellar. Dagens VX-1 modellar er kraftig forbetra http://www.leupold.com/hunting-shooting ... flescopes/ med klikkjustering og har mykje betre optikk enn før, ja den er i praksis det samme som forrige VX-2 . Når det er sagt så er og VX-2 blitt mykje betre. det er sikkert fint med lyspunkt,men til elgjakt der ein ikkje jaktar om natta treng du ikkje noko slikt. Om du finn ut at du klarer deg uten lyspunkt så vel Heavy Duplex eller tysk nr 4 dei er litt lettare å sjå enn det tunnare duplex retikkelet.

  14. Som tidlegare nemnt så fyllte eg ut eit par skjema som skulle gjere at eg fekk tilbud frå fleire forsikringsselskap,men utanom dei få eg nemnte her så fekk eg ingen henvendelsar. Tja eg ser at det er eit nummer som har ringt meg eit par gonger og reknar med at det kanskje er Gjensidige, ellers 0 kontakt. Det er tydeleg at ein hundeforsikring ikkje er så interessant. Ho som ringde meg frå IF var mest interessert i at eg skulle gå gjennom alle forsikringane mine i lag med ho,men det var ikkje det eg var ute etter. Er det ikkje forresten typsik at dei som vil selgje forsikring helst ringer? Dei lærer vel på "seljarakademiet" at det er lettare å overtale ein potensiell kunde muntlig enn skriftlig. Det har eg og tidlegare opplevd, dei som vil selje forsikring ringer helst.

  15. Fekk svar få If at eg kunne prøve deiras kalkulator der ein kan legge inn ein del opplysningar, det gjorde eg og fekk då eit tilbud http://www.if.no/web/no/privat/forsikri ... forsikring" target="_blank Frå KLP fekk til svar at eg måtte vere totalkunde dvs eg måtte ha minst ein hus eller bilforsikring i tillegg. Frå Tryg fekk eg svar at eg ikkje kunne tegne kun hundeforsikring,men om eg hadde fleire forsikringar der i tillegg kunne dei regne på det. Altså er det ulik praksis, hos nokon kan du tegne kun hundeforsikring om du hos andre må du ha fleire forsikringar.Agria er vel blant dei som spesialiserer seg på dyreforsikring.

     

    TV2 har gjort ei samanlikning av katte og hundeforsikring og ikkje overraskande er det store forskjellar; http://www.tv2.no/underholdning/hjelper ... wVAGeXh7Ak

  16. Er det nokon som har prøvd desse anbudssidene på forsikring http://www.forsikringsselskap.org/?gcli ... tAodtD0ANQ" target="_blank eller https://tjenestetorget.no/forsikring/?g ... tAodTyQADg" target="_blank ?

     

    No prøvde eg å sende inn desse , på tjenestetorget kom det opp 3 aktuelle selskap som opplysningane eg la inn blir sendt til, og på den andre stod det berre at eg blir kontakta av aktuelle selskap,men der kunne eg velge sjølv kor detaljerte opplysningar eg ville legge inn om forsikringen .

  17. http://theopticzone.com/products-page/b ... x42-black/" target="_blank Eg har kjøpt ein slik frå denne butikken,men då i dimensjonen 10x42. Prismessig inkludert frakt,moms m.m så er den omlag i denne prisgruppa. Sjølv om eg er "bortskjemt" med dyr europeisk optikk så synes eg denne er veldig bra i forhold til prisen.

     

    Her er ein norsk omtale http://www.klikk.no/helse/dinkropp/fril ... 796759.ece" target="_blank Når eg samanliknar min 10x42 med min Zeiss FL 8x42 så synes eg ein 4'ar riktig om Zeissen er ein 6'ar. Korleis den er mot andre rimelegare kikkertar kan eg ikkje sei. Leg og merke til at denne har Rainguard HD noko som ikkje er så vanleg på "billegkikkertar." Det følger med ikkje berre vanleg brei reim,men og ein bæresele som gjer belastninga rundt nakken minimal.

     

    Det er forresten med fleire andre kikkertar i denne testen,men dei har eg ikkje erfaring med forutan ein Nikon Monarch 10x42 som eg hadde på prøve,men den var så dårlig at det sannsynleg var feil på den. Eg vart rett og slett svimmel av å sjå i den.

  18. seawolf eg har brukt retikkel 4a på begge dei riflene eg har til storviltjakt og har kun positive erfaringar. Veldig godt retikkel til raske skot,vil nesten påstå det er bedre enn 4 til slikt bruk. Den tynne delen er 2cm tjukt og stolpane er 20cm så Kahles C 1.5-6x42 burde vere det eg kallar målraskt. Kva Docter har på sin tilsvarande modell fann eg ikkje. Trur nok at uansett så er Kahles C i denne dimensjonen blant dei som har kraftigast retikkel. For eksempel så har Zeiss sine tilsvarande modellar Classic og Victory 1.5cm og 15cm ,men då med retikkel 4.På lågste forstørrelse har C modellen eit synsfelt på 25m mot Docter 19.1m om det har nokon betydning for deg.

  19. Kuli

    For det første ein test eller fleire er ingen fasit.Testar skal ein ta med ei klype salt. Outdoorlife har tidlegare testa Zeiss Victory 3-12x56 og sa den hadde skuffande skumringsegenskaper. Trur eg på det? Ikkje tale om sjå side 11 http://www.outdoorlife.com/photos/galle ... 1001315769" target="_blank" target="_blank

    Vapentidningens test nr 1 2012 ligg ikkje ute på nett ,men du kan bestille bladet sjølv fra Vapentidningen om du vil,eg gjorde sjølv det. HT eller KXi var ikkje med det der,men Victory,Classic, Varipoint og Duralyt kom ikkje ut med bedre skumringsegenskaper enn Swarovski Z4i og Kahles CBX som kom svært bra ut der.CBX fekk karakteristikken beste skumringsegenskaper men den fekk ikkje bedre karakter enn dei andre beste.

     

    Ingen her har fronta KXi som bedre berre fordi det er noko anna enn Classicen eller bedre i det heile tatt, så den påstanden er kun din eigen.

    Kven er det forresten her som er forhandlar og har fronta eit anna merke i denne debatten? Om det er Sauer 150 du siktar til så har han da vel ikkje fronta noko anna merke her?

     

    Folk bør bruke eigne auger når dei vel sikte, det som er best for den enkelte er best for den enkelte sjølv om nokon seier noko anna. Eg kritiserer ikkje Zeiss i det heile tatt då eg har det sjølv,men den måten å diskutere på som eg nemnte gjer ikkje saken noko bedre. At nokon brukar slik argumentasjon sarkastisk er vel ikkje noko verre enn den argumentasjonen dei gjer narr av? Det er jo og dei som gjer narr av folk som anbefaler Meopta.

     

    Hjortefot.com Kvifor kan ein ikkje samanlikne Lotutec med Rainguard? Berre fordi Bushnell brukar Rainguard så treng vel ikkje det bety at det er dårligare ? Av dei brukarerfaringane eg har sett så er begge deler berre ein liten forbetring kontra sikter uten. Kor har du sett den påstanden om at produsentar seier dei brukar samme linseglass som Zeiss HT? Eg har sett at einkelte seier dei brukar glass frå Schott,men det er egentlig ikkje så spesiellt,mange gjer det. Schott har fabrikkar mange stader i verda også i USA og Kina. Det viktigaste er kva produsentane gjer med glaset, ikkje berre kvar glaset kjem frå.

     

    At Zeiss og spesiellt Classic er "rimeleg" i Norge er eg enig i.

     

    Om KXi har 0 dorulleffekt fordi minste forstørrelse er 3.5x veit eg ikkje. Når det er sagt så får ein nærmast inntrykk av at sikter med dorulleffekt ikkje er noko å ha,men så er ikkje tilfelle.

×
×
  • Create New...