Jump to content

vest

Members
  • Posts

    1,232
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by vest

  1. Eg har opplevd klikk med patroner med cci 200 tennhetter,MEN det var ikkje tennhetta sin feil. Det skjedde med nokre patroner i eit parti eg lada og feilen var kun min. Eg hadde ikkje latt hylsene tørke lenge nok etter vasking før eg sette i tennhette ,krut og kule.Slik at det vart fuktigheit i krutet. Det såg eg fort då eg drog ut kula og tømde ut krutet. Sjølvsagt kan ei tennhette svikte,men når folk seier tennhettesvikt er dei då 100% sikker på at det er tennhetta som er årsaken og ikkje andre ting slik som for eksempel i mitt tilfelle? Utover denne eine gongen har eg aldri opplevd klikk med det eg ladar.

  2. Elite Ekspress er utvikla av Norma i Sverige. Etter det eg forstår er det ei konvensjonell kule,men om den liknar mest på Forbedra Elite(altså Hornady Interlock) Lapua Mega eller andre veit eg ikkje. Den leveres som 9,1grams patron i 6.5x55 og 11.5gram i 308w og 30-06.

  3. I tråden Bruk av jaktradio på reinsjakt skreiv eg følgjande :

     

    For den som vil ha kommunikasjon når mobildekningen er vekke og sikringsradioen heller ikkje når fram så finnes det alternativ til å ringe via dyre satelitelefonar. Her er to løysingar som fungerer som tovegskommunikasjon via tekstmelding: http://inreachdelorme.com/product-info/ ... tphone.php" target="_blank http://inreachdelorme.com/product-info/inreachse.php" target="_blank http://cerberus.briartek.com/cerberlink/features" target="_blank

     

    Desse ordningane er heller ikkje billige,men er normalt ei langt rimelegare løysing enn satelittelefon. For dei som ferdas mykje utanfor dekningsområde for mobil og i strøk med få utbygde basestasjonar for sikringsradio så kan det vera ei god forsikring.

     

    Om det er nokon som har erfaring med dette så hadde det vore fint med tilbakemelding, gjerne i ein eigen tråd.

  4. Det kan nok stemme at denne Meoptaen har kortare augeavstand enn Leica. Meopta er ikkje kjent for å vere blant dei som har lengst augeavstand,spesiellt ikkje Artemis modellen. Når det gjeld oppgitt augeavstand frå produsenten så har eg opplevd sjølv og sett mange testar at dette ikkje alltid stemmer med augeavstanden i praksis, dette gjeld dei fleste merker. Det beste er å prøve det sjølv i praksis før ein kjøper om ein er usikker.

     

    Eg justerer alltid augeavstanden slik at den passar til ståande skyting då denne stillinga blir brukt mest til raske skot, ved sittande og liggande har ein litt bedre tid å justere augeavstanden ved å flytte hovudet om det skulle vere nødvendig.

  5. Trur ikkje eg haqdde slått til ro med svaret om at no er alt i orden før dei fann ut årsaken til funksjonsvikten

    For 22-23 år sidan hadde eg ei hagle av merke Monte Carlo som etter kvart fekk den feilen at skota gjekk av når eg lukka hagla igjen, dvs eg oppdaga feilen uten skot i hagla. Forhandlaren tok den i innbytte då eg kjøpte ny rifle så akkurat årsaken til feilen veit eg ikkje heilt.

     

    Så eg er enig med dei som poengterer kor viktig sikkerheit er, feilen treng ikkje alltid vere menneskeleg,men kan også vere mekanisk.

  6. For å komme med eit kanskje litt uvanlig tips, bruk hund på post! Der eg ofte sit på post er det over skoggrensa og hjorten kan komme mange stader, fordi posten er slik at den dekker eit stort område. Slik postering er nok ikkje så enkelt for om eg ser i ein retning så kan hjorten komme på motsatt side. Då er hunden min god å ha sidan han oppdagar dyra lenge før eg ser dei. Han brukar å ligge enten ved sida eller litt over og bak meg. Eg sit i ein bakkeskråning. Eg har aldri lagt merke til at hjorten har reagert på hunden då han ligg ganske i ro. Og sjølvsagt er stille når det kjem dyr.

    I motsetning til KnuteriK som seier han er utålmodig så er det ikkje uvanlig at eg sit opptil 8-10 timar på samme posten, gjerne lenge etter at jaget er over og dei andre har gått ned igjen. Muligens er dette litt bortkasta tid for det er ikkje så mange dyr eg har fått etter at dei andre har gått ned igjen til hytta,men eg veit i alle fall at inne i hytta er det mindre sjanse for å få hjort.... :winke1:

  7. No er det snart 4 år sidan eg spurte om du skulle prøve deg på bandhundprøve,men eg ser i Dogweb at du enno ikkje har gjort det. Eg synes at alle som kjøper elghundraser bør ein eller anna gong melde seg opp til enten bandhund eller laushundprøve. For deg vil jo då bandhund vere mest naturleg. Eg vil som i forrige innlegg absolutt anbefale deg dette. Ein bandhundprøve er ikkje noko hokus pokus så dette vil eg tru du og Sita klarer fint. Etter kva du har fortalt om korleis ho opptrer i nærkontakt med hjort så lover dette bra.

    Hunden min var nesten 10 år då eg prøvde meg,men det er ingen grunn til å vente så lenge. Og du vil nesten garantert lære mykje av ein slik prøve om du ikkje har gått ein før.

     

    Korleis går det ellers med Sita?

  8. Du har gløymt elghundrasene. Dei blir jo brukt mest på elg,hjort,bjørn og gaupe . Å spørje Kammeret sine medlemmer, der ein svært stor andel jaktar spesiellt elg og hjort, uten å ta med desse rasene blir vel litt feil.

  9. Ser du har fått mange gode og ulike råd her, alt etter kva ein legg vekt på. Eit moment å tenke på i den forbindelse er om dette er bjørnejakt med hund. Kanskje derfor ein del hundefolk foretrekk ei kule som det er stor sjansen for blir i viltet? Ikkje at den nødvendigvis feller viltet noko meir effektivt,men for i verste fall å ikkje risikere å skade hunden.

  10. For den som vil ha kommunikasjon når mobildekningen er vekke og sikringsradioen heller ikkje når fram så finnes det alternativ til å ringe via dyre satelitelefonar. Her er to løysingar som fungerer som tovegskommunikasjon via tekstmelding: http://inreachdelorme.com/product-info/ ... tphone.php" target="_blank http://inreachdelorme.com/product-info/inreachse.php" target="_blank http://cerberus.briartek.com/cerberlink/features" target="_blank

     

    Desse ordningane er heller ikkje billige,men er normalt ei langt rimelegare løysing enn satelittelefon. For dei som ferdas mykje utanfor dekningsområde for mobil og i strøk med få utbygde basestasjonar for sikringsradio så kan det vera ei god forsikring.

     

    Om det er nokon som har erfaring med dette så hadde det vore fint med tilbakemelding, gjerne i ein eigen tråd.

  11. Kanskje litt feil årstid ,men for den som vil ha rimeleg kvit anorakk til vinterjakta så finn ein no kvit anorakk i str L og M Åsnes Bratt All-Year til 599kr Dette er 70% avslag http://www.whiteplanet.no/index.php?map ... rand=ASNES Finns og ein del andre bra Åsnes klær med 70% avslag. Bestillte sjølv ein slik anorakk ,men det var den siste i min størrelse. Finns og ein del kvite ullluer (med svart mønster) kjøpte meg ei modell Stølen til 89kr.

  12. plå den siste linken din viser til Kenneth Svendsen fra Frp som sammenliknar dette påbudet med KGB og den tyske okkupasjonen. Han har dessverre ikkje fått med seg at slik id påbud er meir utbreidt enn som så. Også einkelte stader i USA, som eg viste til i ein link, har og slikt påbud. Det gjer ikkje saken noko bedre berre så det er sagt.

  13. Dette forslaget med legitimasjonsplikt utover våpenkort og eventuellt jaktkort er eg imot. Årsak : Det er ei "løysing" på eit problem som ikkje eksisterer. Eg vil heller ikkje risikere å miste for eksempel sertifikatet mitt ute i naturen,berre fordi eg må ha det med for å identifisere meg. Eg har ikkje registrert noko problem med at nokon har brukt andre sine våpen og jaktkort så dette er ei unødig oppkonstruering av eit problem.

     

    Eg ser at nokon trur dette er eit forslag frå SNO, men det er då vel ikkje SNO som har komme med forslaget. Det er Miljøverndepartementet som har komme med forslaget. Villreinjegeren skriv at forslaget egentlig kjem frå DN. Sida DN er faginstans for Miljøverndepartement så ser eg ikkje på det som usannsynleg. Har du dokumentasjon som bekrefter dette Villreinjegeren? Vidare skriv du :"jeg synes slike lover som forslaget minner mere om et totalitært styre framfor et fritt demokrati." Eg forstår din bekymring ,men vil berre minne om at dette også er utbreidt i samfunn vi ikkje reknar som totalitære http://en.wikipedia.org/wiki/Stop_and_identify_statutes" target="_blank" target="_blank

     

    ivara du viser til noko som visstnok skal vere NJFF's Siri Parmanns syn på legitimasjonsspørsmålet. Kanskje du vil vere grei å vise til spørsmålet som blei stillt og kven som er avsendar? Eg mistrur deg ikkje,men for ordens skyld så bør ein og kunne vite kven spørsmålstillar er og kva han spør om.

  14. Problemet her er vel at ein del trur at ein med denne oppmjuking av lovverket så er det fritt fram for snøscooterkøyring i utmark. Ser ein på ulike forum så er dette veldig tydelig. Mange tilhengarane trur at no kan dei endeleg få boltre seg fritt i naturen, og motstandarane trur det samme og er imot av den grunn.

     

    Når nokon blir sure for at NJFF går mot oppmjukinga av lovverket så bør ein hugse på at NJFF ikkje er ein motorsportorganisasjon.

  15. Er det nokon som brukar å sitte 2 på post når de lokkar? Er ein del som opplever å få reven inn bak ryggen `sjølv med rett vindretning så å ha ein som ser motsatt retning er kanskje ein ide?

×
×
  • Create New...