Jump to content

vest

Members
  • Posts

    1,232
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by vest

  1. ko-stens

     

    Kahles KXi 3.5-10x50 har ingen dorull effekt. Størrelse på rødpunktet sto i mitt forrige innlegg,men eg kan gjenta Classicen sitt er 3cm på alle forstørrelsar , KXi har 6.5cm på 3.5x og 2.2cm på 10x Når det gjeld prisar så er både Classic og KXi tilbudet som trådstartar viser til billigast i heile verden så langt eg har funne ut.

     

    hjortefot.com eg ser du reklamerer for Zeiss :mrgreen: , det er OK det,men eg har faktisk sett argumentasjon som "Zeiss er best uansett så kvifor diskutere noko anna?" Kva skal ein sei til slikt?

     

    Zeiss er flinke å sette standard,men om du les litt om Kahles så har faktisk denne "vesle" kikkertsikteprodusenten vore først ute med fleire ting http://www.kahles.at/eng/company/history/" target="_blank

    Lotutec er Zeiss sin variant av Rainguard som Bushnell var veldig tidleg ute med. ASV+ har eksistert lenge, BDC som det heiter på engelsk fekk eg alt på mitt første kikkertsikte i 1984 ein Bushnell(sjølv om det sjølvsagt ikkje var så nøyaktig), HT linser som det blir reklamert med gir 95% lysgjennomgang,men som testar visar i praksis ikkje gir noko betre lysgjennomgang enn dei beste konkurrentane i skumring. At HT linsene også kan ha andre fordeler som gjer dei betre enn konkurrentane er muligt foreløpig har eg ikkje sett dei testa opp imot dei beste konkurrentane. Men det er no uansett lysgjenomgangen Zeiss trekk fram i reklamen som om det skulle vera noko revolusjonerande nytt.Kahles hadde for øvrig 90% lysgjennomgang alt i 1972(sjå linken)

     

    Akkurat når det gjeld rødpunktet så ser det ut til at HT har ein ledelse for øyeblikket, då ingen andre såvidt eg veit har eit så lite rødpunkt noko som kan vere ein fordel i mørket.

  2. Amen to that :!:

    God kikkert til god pris, løp og kjøp!

     

    Også så gøy å ha noe bra som det ikke står Zeiss på da.. :mrgreen:

     

    Hvorfor det? Om classic er en bedre kikkert, noe den mest sansynlig er, så ser jeg ikke hvordan det kan være "gøy" å heller kjøpe Khales :roll:

     

    Kuli når du beskylder andre for hersketeknikk og ber andre argumentere medan du sjølv berre skriv at Classicen er sannsynligvis bedre uten vidare argument så er du ikkje noko betre enn dei du kritiserer.

     

    Ja i tyske Jaktpraxis så kom Zeiss 3-12x56 HT bedre utsamanlikna med andre sikter t.d. Kahles CSX av samme dimensjon. Denne Zeissen er ein ny modell og er ikkje samme siktet som Classic. Dessuten var dei beste sikta i Vapenjournalens kikkertsikte test nr 1 2012 ikkje med i testen.

     

    Zeiss Classic er eit utmerka sikte,men det er og Kahles KXi og den er ein del lettare og slankare. Classicen har litt større synsfelt på minste forstørrelse,men det er fordi den har 2.5x mot KXi som har 3.5x Kahles har ikkje medforstørrande retikkel,motsatt av Classic. Rødpunktet på Classicen er 3 cm på alle forstørrelsar,mens KXi har 6.5cm på 3.5x og 2.2cm på 10x

     

    Eg vil tru begge er eit trygt val, eg har ikkje samanlikna begge direkte ,men har sett i begge to. At Kahles har mykje betre optikk enn Zeiss som ein her påsto trur eg ikkje påi det heile tatt . Denne merkedebatten om kva som er best synes eg berre er tull, det som er best for ein treng ikkje vere best for ein anna.

    I anna samanheng har eg sett at nokon synes 30-06 og 308w er kjedelige kaliber fordi "alle "har det og at nokon då vil ha noko anna for ikkje berre å følgje "flokken". Sånn sett forstår eg at Mork seier det kan vere kjekt å ha noko som ikkje "alle" har. Zeiss Classic er uansett eit utmerka val,men det hadde no vore litt kjedelig om alle gjekk rundt med det når det og finnes så mykje bra optikk å velje mellom.

  3. Ein ting er om grunneigar kan overstyre regelverket i eit grunneigarlag. Ein anna ting er bergunnelsen for ikkje å tillate bruk av bandhund. Viss begrunnelse som Haraball nemner stemmer så bekrefter det berre at antijakthundfundamentalistane fortsatt er aktive i Norge.

    Då me begynte med hund i mitt jaktterreng for nokre og 20 år sidan høyrte eg det samme. Eit jaktlag hadde hatt med seg hund i naboterrenget eit helg uten at dei såg hjort. Ergo var det bandhunden som skremte vekk hjorten ved at den avsatte lukt. Den teorien var til gjengjeld smadra da me begynte med hund og avskytinga aldri hadde vore så stor som etter hundens inntog i mitt jaktterreng. No skuldas no ikkje den sterkt forbedra avskytinga hunden ,men det avkrefta i alle fall teorien at med hund så skydde hjorten terrenget. Sidan har me hatt hund med kvart år og no er synet på hund berre positivt. No skal det og seiast at den personen som var skeptisk til hund ikkje var sjølv med på jakt,men berre var ein besserwissar uten praktisk erfaring.

  4. Wolverine 67 i min kommune betaler både kommunen og folk som har hytter i området for oppkøyring av løyper.

    Kommunen er veldig restriktiv til fornøyelseskøyring, dvs kun nyttekøyring som t.d snøscoterkøyring av Røde Kors,tamreindrift, og einkelte privatpersonar som køyrer ved o.l. på oppdrag er tillatt.Røde Kors driv og transportoppdrag, ikkje berre redningsoppdrag for på den måten å få mest mogeleg trening. Eg veit at Røde Kors må levere logg over kvar einaste tur dei køyrer, om det og gjeld dei andre veit eg ikkje då eg ikkje har snakka med dei om det. Her er det ingen krav om løyper til fornøyelseskøyring korkje frå privatfolk eller kommune. Og slik eg forstår det ønsker folk å ha det slik her. Om lokaldemokratiet får adgang til å tillate fornøyelseskøyring så trur eg det er 0 politisk vilje til det per no.. Eg kan ikkje prate for andre ,men eg trur det er fordi at tillet ein løyper og fornøyelseskøyring så stoppar det ikkje med det, da kjem og den ulovlige trafikken til å auke og det ønsker ikkje folk her. Det finnes fleire eksempel på at snøscooterar via typiske hyttekommuner som grensar til min heimkommune tar seg inn i fjellheimen her og sidan dette og er ein villrein kommune er dette lite ønskeleg. Vilreininteressene i distriktet her er difor veldig skeptiske til slike løyper som generer meir scootertrafikken. Det finnes fleire tilfeller der scooterar er observert køyrande etter villrein. Klart dette er ulovlig,men villreininteressenes argument er at aukar du den lovlige trafikken med tilrettelagte løyper for fornøyelseskøyring så aukar og den ulovlige trafikken. Og det er dei ikkje interessert i. Og når lokaldemokratiet vil ha det slik så kjem det til å bli slik også i framtida,uansett om det blir opna for mindre restriktiv regulering fra kommunane.

  5. Det er vel kanskje dette ein kan kalle eit tilbud? Det er for eksempel ikkje så lenge sidan Gmax hadde tilbud på Docter VZF 3-12x56 til 5999kr,mens dei andre mindre modellane kosta mykje meir. Ulogisk? Javisst,men sånn er det av og til når det er tilbud/kampanje på einkelte modellar som forhandlaren håpar med dei kan tjene inn igjen på ekstra volumsalg.

  6. Ja eldre Zeiss har 30 års garanti,men no er det lenge sidan Zeiss innførte 10 års garanti. Eg har ein håndkikkert kjøpt i 2003 og den hadde berre 10 års garanti,mens for eksempel Swarovski håndkikkerten eg kjøpte i 1990 har 16 år igjen. Zeiss var nemleg tidleg ute med dette. I dag er det ganske vanleg med 10 år,men ein del har lenger for eksempel Leupold som har livstid.

     

    Når det gjeld gule linser så var det ein del som laga optikken slik fordi det skulle gi bedre sikt under visse forhold, tenk for eksempel på ein del pilotbriller som brukar noko liknande. I dag er dette i mindre bruk, spesiellt i håndkikkertar der fuglekikkarar, som utgjer ein veldig stor andel av markedet, etterspør meir naturlige fargar. Men som tidlegare sagt ein del optikk gulnar pga av alder. Om det er fordi nitrogenen sakte forsvinn eller andre ting skal ikkje eg ha sagt sikkert.

  7. No er det einkelte sikter som er naturlig ein anelse gule om du for eksempel ser inn gjennom objektivlinsa mot eit kvitt ark uten at dei nødvendigvis er noko dårlegare av den grunn. Ser ein gjennom ulike sikter så vil ein ofte sjå at det er små nyanseforskjellar i fargegjengivelse. Når det er sagt så brukar Zeiss, i alle fall dei eg har sett i å gjenngi kvitt temmelig kvitt.

     

    Eg har sett påstander om at kikkertsikter fyllt nitrogen kan få eit lite gulskjær i optikken når sikta blir gamle, difor har ein del produsentar begynt å bruke argon/krypton gass som visstnok skal vera bedre. Europeiske produsentar held seg fortsatt til nitrogen,mens for eksempel Leupold brukar argon/krypton gass i sine bedre modellar slik som VX-6 du har.

    No veit eg ikkje om dette har skjedd med Zeissen du har kjøpt. 10-12 år er da ikkje så gamalt, om det då ikkje er ein lekkasje i siktet slik at oksygen har komme inn i det. Det kan du lett finne ut ved å legge sikte i vatn for å sjå om om det kjem opp bobler :shock: ,men eg vil frarå deg det. Send det heller inn om du er misfornøgd med gulskjæret slik at Zeiss kan testa det. Hadde garantien fortsatt vore gjeldande så kunne du gjort det, for siktet skal jo vera garantert vasstett, men er garantien gått ut så blir det berre ekstra kostnad og arbeid for deg. Siktet kan jo og ha fått seg ein smell som ikkje er dekka av garantien,sjølv om det ikkje er synleg utvendig.

     

    Her er forresten kva Leupold skriv om bruken av Argon/Krypton gass :

    2nd Generation Argon/Krypton Waterproofing

     

    While we still waterproof other optics with bone-dry nitrogen – technology pioneered by Leupold® – Select models feature our exclusive, proprietary Argon/Krypton gas blend. Its advantages are two fold: it nearly eliminates the effects of thermal shock, and the Argon/Krypton molecules are significantly larger than nitrogen molecules, reducing the diffusion of gases sealed inside your scope even more than our proven nitrogen technology already does. We pioneered riflescope waterproofing, and now with Argon/Krypton we’re exceeding the standards we set ourselves.

  8. jegeren79 det som står i dei linkane er at det planleggast å sette ut, ikkje at det faktisk har skjedd. Dette har eg høyrt om før,men ulven kan ikkje ha blitt mindre sky pga av dette viss det faktisk ikkje har skjedd enno. Det var derfor eg spurte. Våren 2014 sto det, og me er enno ikkje komen dit.

    At jakt vil gjere ulven meir sky trur eg nok,men om den er lite sky så treng ikkje det bety at den er van med mennesker. For eksempel er ikkje arktisk ulv så veldig sky fordi den blir jakta lite på, ikkje fordi den har hatt menneskelig kontakt. Det kunne ein for eksempel sjå på TV2 programmet nyleg om dei som var på ekspedisjon på Ellesmere Island i Otto Sverdrups skispor.

  9. Kanskje moderatorane kan minne seg sjølve og debattantane om Arne Næss sine normer for saklig diskusjon når debattane byrjar å "skli ut"

     

    1 Unngå tendensiøst utenomsnakk

    Eksempler: Personkarakteristikker, påstander om motpartens motiver, årsaksforklaringer til argument.

    2 Unngå tendensiøse gjengivelser

    Gjengivelsen må være nøytral med tanke på stridsspørsmål.

    3 Unngå tendensiøs flertydighet

    Flertydigheten gjør at argumentet kan tilpasses kritikken.

    4 Unngå tendensiøs bruk av stråmenn

    Dette vil si å tillegge motstanders standpunkt et innhold han ikke står inne for.

    5 Unngå tendensiøse originalfremstillinger

    Informasjon som legges frem, må ikke være usann, ufullstendig, skjev og/eller holde tilbake relevant informasjon.

    6 Unngå tendensiøse tilberedelser av innlegg

    Eksempler: ironi, sarkasme, skjellsord, overdrivelser eller trusler

     

    Normene er nok ikkje alltid så lett å overholde ,men kan kanskje vere eit mål for oss alle.

  10. Ein liten digresjon:

    Må berre tilføye at i bladet Jakt har Jørund Lien testa den Swarovskien eg nemnte, altså 3-10x42 (som egentlig er ein 3.3-10x42) Og Kahles ,men då KXi 3.5-10x50 altså med lys. Swarovskien hadde eit synsfelt på 11m på minste forstørrelse og 3.9m på høgste,mens Kahlesen har 11.2m på minste (sjølv om det altså er ein litt høgre forstørrelse)og 4m på høgste. For Swarovskien sin del så fann han ikkje noko negativt å sei om dette. For Kahlesen så skreiv han at den hadde 11m på minste og 2.4m på høgste. Altså var 11.2 og 4m blitt til 11 og 2.4m. Dette skreiv han fleire gonger og kritiserte Kahlesen for lite synsfelt på både høg og låg forstørrelse. Uansett om Kahlesen hadde 11m eller 11.2m på høgste forstørrelse som var riktig så var det likevel ikkje mindre enn på Swarovskien . Altså var det berre tull å kritisere eine siktet for dette,men ikkje det andre. Og for synsfeltet på minste forstørrelse greidde han ikkje å lese dei oppgitte data riktig og hadde ikkje grunnlag for å sei det han gjorde. Mottoet på bli stol ikkje på alle testar av optikk. Det er som eg pleier å sei ;ein test, sjølv om han står i eit jaktblad, er ingen fasit.

  11. Stykkjunkeren ikkje berre kan ulv vandre langt , den har faktisk også gjort det.Det er med anna dokumentert ulv som har vandra frå Hedmark til nord-Finland på tross av alle hinder for ikkje så veldig lenge sidan. Kjente grensepasseringar mellom Sverige og Finland er Kvarken og Tornedalen. No har ikkje overvåkinga pågått i så veldig mange år så antakelig er ikkje dette einaste dyret som har vandra så langt. Og sidan det er dokumentert ulv i Skandinavia på 1800 med "russiske gener" og det ikkje er kjent at det var ei eigen stamme av desse dyra her så tyder det på langvandring.

     

    Uten å skulde nokon for ulovleg felling så vil det ikkje undre meg om mange ulvar har blitt felt på veg vestover uten at det har blitt rapportert vidare. Ulven som er her i Skandinavia stammar frå få individ, det skal altså ikkje så mange individ til for å bygge opp ei stamme. Dette uansett kva slag måte ein trur dei kom hit på.

  12. Kva slags systemrifler finns det på markedet der ein kan kombinere desse to kalibra uten å måte bruke ein mekanisme tilpassa lengre patroner enn 308win? Om det i det heile finnes slike våpen. Merkel Helix ser ut som ei flott rifle,men etter det eg forstår er låskassa til 308w også tilpassa lengre patroner,men utover det så er systemet for montasje idelt med fast Picatinny skinne uten at ein må ha dyre spesialmontasjer som einkelte andre rifler.At den og har oppspennar likar eg. Prisen derimot er høg,men ein sparer jo litt på montasjen, spesielt om ein vil ha fleire sikter.

     

    Kaliberkombinasjonen som eg nemner synes eg er ideel til stor og småviltjakt spesiellt for den som vil ha kort mekanisme om noko slikt finnes.

  13. Manglande garantikort kan vere eit problem, da er det i så måte veldig trygt å kjøpe Leupold. Einkelte har og den bakdelen at garantikortet berre gjeld den opprinnelige kjøparen.

     

    Om eit sikte er ripete utvendig så kan det vere ein fordel for kjøpar om optikken ellers er fin. Prisen blir nemlig lågare for eit slikt sikte enn eit i prikkfri stand også utvendig.

  14. Det at ulven vandret fra Finland til Trysil/Sverige er vel det jeg forbinder med den store norske ulveløgnen.

     

     

    Du får tru kva du vil,men det er dokumentert at ulv kan vandre svært langt. I bind 5 av " Jakt,fiske og firluftsliv" 1986 side 38 står det sitat; " I Norden finnes den tetteste bestanden i Finland. Der har antallet ulver økt de senere årene, og en regner nå med det finnes ca 150-200 individer fordelt i det meste av landet. Tettheten er størst i øst og nord (reinbeitedistriktene),men det ser nå ut som de sørlige og vestlige distriktene får økt sin bestand gjennom forflytninger. Etter at den nesten var utryddet i 1960-årene, har ulven altså erobret tilbake de områdene den bebodde i 1880-årene.

     

    I tillegg er det langt tilbake på 1800 tallet dokumentert ved DNA tatt av ulveskinn av ulv felt i Skandinavia at "russiske gener" alt fanns her den gang. Men dei dreiv kanskje med utplantering av ulv i Skandinavia for 150 år sidan? Ein ting er i alle fall sikkert, den ulven kom ikkje med helikopter.

     

    Uansett kva ein måtte meine om ulv i Norge så bør ein vite om at ulven var på gang vestover før ein berre avfeier det som "ulveløgnen" og ukritisk sluttar opp om ideen om utsetting. Det har uansett vore nok ulvedebattar her på forumet det dukkar sjelden opp noko nytt, det aller meste er berre repetisjon av tidlegare debattar.

  15. OK sidan det er så populært å rakke ned på andre merker enn Zeiss så kan eg godt nemne at det var Zeiss eg meinte då eg sa at ein del sikte har hatt problem med elektronikken. I optikk FAQ'en på det svenske diskusjonsforumet Robsoft så står det til slutt under Zeiss :"Zeiss sikterna håller världsklass, dock har deras senaste modeller haft en del problem med bla belysningen samt slarvfel i hopsättningen."

  16. Dette med Habicht namnet på Swarovski kikkertsikter er litt forvirrande for Habicht namnet(som betyr Hauk) har blitt brukt om ulike sikter som og har ein anna benemnelse i tillegg.

     

    I dag har du den velkjente Z6 med 30mm mellomrøyr, Z5 med 1 tomme, Z4 med 30mm røyr og Z3 med 1 tomme. Dei to første er Swarovski's siste seriar og eg har ikkje sett dei også under Habicht namnet. Z4 heitte tidlegare PV for dei variable modellane (PH på engelsk) og PF for dei med fast forstørrelse, dei gjekk og under samlebetegnelsen Habicht ifølgje ei instruksjonsbok som fulgte med ein PV modell eg har.

    Før PV/PF modellane kom heitte sikta berre Swarovski Habicht og ellers berre benemnt med dimensjonane.

    For eksempel så er ein 3-12x56 av den gamle typen, det samme med 2.2-9x42,mens 2.5-10x56 kom med PV serien. I tillegg så vart 2.5-10x56 etter ei kort tid oppdatert med ein litt kortare modell.Det står kurtz på eska dei blei levert i.

    Z3 serien heitte tidlegare AV og før det igjen Nova. Akkurat når skiftet av namn og modellar kom har eg ikkje heilt oversikt over.

     

    Så ja står det for eksempel Swarovski Habicht i ein annonse så kan det vere av gamle typen,men det kan og vere av PV serien.

    Swarovski oppdaterer stadig optikken på sine modellar også uten å skifte namn så det er ikkje alltid så lett å vite kva ein har med å gjere.

    Z4i serie har ikkje med forstørrande retikkel og alle modellane har lys. PV modellane var medforstørrande,men for å gjere det endå meir forvirrande så kom dei på slutten med PV-I som var ikkje medforstørrande og med lys. Dei andre PV modellane med lys heitte PV-N/PF-N

×
×
  • Create New...