Jump to content

magnum_mauser

Members
  • Posts

    886
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    11

Posts posted by magnum_mauser

  1. Vestlandsjeger: Eg støtter deg fult ut, audmjukheit må gå begge vegar. Men diverre trur eg at den glanshistorien du fortel, med ei bygd som einast om drivjakt, der små og store jaktar i felleskap - det høyrer til skjeldanheitane.

    Mange plassar er det ikkje ''tradisjon'' for noko som kan minne om samhald eller samarbeid i heiletatt. Det einaste jegerane er nokolunde einige om, er at hundejakt er noko fæle greier, som vil radere heile hjortestammen. Skepsisen og hatet mot hund, skuldast ikkje frykt for utvisking av eigne tradisjonar for drivjakt, det skuldast jantelov og manglande kunnskap.

    Og i desse områda treng ein ikkje ivaretra den eksisterande ''tradisjonen''. Den kan med fordel pensjonerast, saman med jegerane som sit der å voktar sine teigar - samtidig som dei engstar seg for at det skal smelle på nabovaldet.

  2. Skulle servere hjortesteik til ein heil hær i dag, familetreff hjå foreldra mine.

    Hadde funne fram ei kjempeflott steik, som blei krydra og svidd i gårkveld. Sette den inn i omnen på 50 grader i går kveld ved midnatt.

    I dag tidleg når eg sto opp og skulle sjekke omnen, hadde termostaten tydlegvis tørna :shock:

    Det hadde blitt så varmt at steika var blitt vrengt. Steiketermometeret var blitt blått, grunna temperaturen :shock:

    Så det blei mykje banning, men hell i uhell likevell. Det kunne enda med husbrann.

    Men fant ytrefilet i frysen, så det blei hjortemiddag på familien likevell :wink:

  3. Eg hadde for nokre år sidan ei Husqvarna 310 x på hand, men av ulike årsakar blei den ikkje kjøpt.

    Det har eg angra på sidan, men har ikkje klart å spora opp fleire slike hagler. Veit de om ei slik hagle, set eg pris på om de tek kontakt ;-)

    Einaste eg har funne, er ein opprusta ''standard'' 310, som er så overprisa at det ikkje er i nærleiken av å vere aktuelt å kjøpe :shock:

  4. Tja eg synst ingenting er som breiflabb, desidert den beste fisken eg får.. Men eg liker stort sett alt som blir dratt opp av havet, det er nydelig mat, berre den er laga av ferske råvarer og ein som kan lage det.. Saltafisk er eg riktignok ikkje så veldig fans av, eg likte ikkje fisk i yngre år, nettopp fordi det var aldri fersk fisk å få i innlandet. Mem både torsk, brosme og lange har eg spist litt lettsalta, og god mat når den er fersk. Uer har eg kun spist 1 gong, den må eg ta meg ein runde med, veeeldig lenge sidan eg har spist den. :)

     

    I dag hadde eg steikte raspekaker/komler med bacon og skikkelig korv til.. Nydelig, spesielt med kulturmjølk inntil.. :mrgreen:

     

    Saltafisk er best, heile tida :mrgreen:

    Eg skal ha lettsalta brosme til middag i dag. Saman med lettsalta flesk :wink: Eg salta det i 14 timar, men kjenner at eg kan gå ned til 10 - 12 neste gong :wink:

  5. Tips til nettbutikker i Sverige som har mykje brukt våpen? Angrar bittert på at eg ikkje kjøpte ei husquarna 310x når eg hadde den på hand :cry:

     

    Har ikkje sett fleire slike her til lands. Men det burde vere håp i sverige?

  6. Eg fant ein tabell på nettet, som viste kor mykje ein kvalp som skal bli ca 10 kg i vaksen alder, skal ha av kvelpeforet til sportsmann.

    Min sekk på 15 kg kjem til å vare i eit halvt år, minst :shock:

    10 kg i vaksen alder: 1mnd: 40 – 80 g. 2 - 3 mnd: 90– 140 g. 4 mnd: 150 – 180 g. 5 -6 mnd:180 – 200 g. 7 - 8 mnd 200– 280 g

  7. Sorry at eg kupper tråden din :oops:

    Men eg var å henta meg ein sekk kvelpefor frå sportsman pride i dag. Eg hadde forventa at det skulle stå på pakken ca kor mykje hunden skulle få pr dag. Men det gjorde det altså ikkje.

    Nokon som kan hjelpe meg med tips om kor mykje ein liten tjt kvalp bør ete av det foret i løpet av ein dag?

  8. Då henger salta flesk til tørk. Det fekk 13 timar i grovsalt først.

    Eg har også forsøkt meg på den oppskrifta på pancetta, har gnidd inn flesket med ''marinaden''. No skal den få ligge i kjøleskap å kose seg i ei god vekes tid. Blir spennande å smake, når den omsider er ferdig :wink:

  9. Husverten min sa også 5 dagar :shock:

    Eg prøver eit lite stykke først i 12 timar, og så tek eg det derfrå. Enorme variasjoner ute å går :shock:

    Hadde eg høyrt på husverten, hadde eg vell daua av dehydrering :mrgreen:

  10. Tidligare hadde vi lettsalta flesk som standard tilbehør til det meste av fisk, men det har blitt stadig vanskligare å skaffe det. Og den butikken eg veit om, som sel dette, tek blodpris!

     

    I diverse butikkar, får ein jo no kjøpe tynnribbe til ein latterlig lav pris. 18 kr kiloen her :shock:

     

    Eg tenkte at tynnribber må jo vere ypperlige til dette formålet?

    Ser føre meg at ein skjærer vekk den delen der beina sitter og tørrsalter resten i grovsalt nokre dager, før ein henger det opp litt.

     

    Men er det nokon som har forsøkt dette, og veit ca kor lenge det bør ligge i salt og kor lenge det bør henge før det frysast ned?

  11. Trur ein må trene ein del for å få den lyden til på fløyta? :shock: Eg har probelmar med å få lyd av den, når eg skal blåse heilt ytterst på membranen, slik han tydligvis gjere i den videoen der.

  12. Ok, så du bruker den ytre delen av membranen når du lokker?

    Men eg har fått med meg at når ein lager hareskrik, så bør ein ha vinden i ryggen, korleis blir dette med den flyta og fuglelyder?

  13. ang Verminator Psycho Tweety.

    Hvis ein plasserer leppene ytterst på membranen og inn til litt over midten, så høyres dette ut som fuglelyder for meg. Men hvis ein plasserer leppene innerst, så er det hareskrik, har eg oppfatta det rett?

    Og nokon som har gjort erfaringar med kva lyd som verkar best? Den lyse, eller den forferdlige låten som kjem innerst på menbranen?

  14. Skyt ein hjerte/lungeskot treng ein ikkje stikke.

    Det kan dessutan vere greitt å ha litt blod framme i brysthola, dersom ein skulle vere uheldig og fått restar av vominnhald inn i dyret. Det er ikkje alle plassar ein har tilgong på vatten til å skylle det vekk med, då kan blodet som ligg i brysthola redde situasjonen.

  15. Kammerfolket har dårleg innflytelse på meg :shock:

    Har i løpet av helga klart å bestille:

    Lokkjakt på rev (dvd)

    Verminator syco tweety

    pusepip (hugser ikkje namnet på den lokken)

    pee wee

    Dan Thompson Pc-1

     

    Eg blir gal av utstyrshysteriet :shock::shock:

    Hadde eg enda ikkje vert så fordømt interesert i alt som er nytt (og dyrt for ein som lever på studentbudsjett på sine gamle dagar)

     

    Meeennn, her er skuddpremie på rev i min kommune, godt med rev og som student har ein ofte godt med tid :wink:

    Skal bli spennande å sjå om eg lykkast framover seinhausten/vinteren :P

  16. Kokte to svære panner med kjøttkraft forleden, etter ein bukk som blei utbeina på torsdagen.

    Fredag serverte eg madammen heilsteikt ytrefilet av hjort med viltsaus. Ho var skeptisk i forkant, men trykte i seg så mykje, at ho var både sur og dorsk i mangen timer etterpå :mrgreen: Restane av ytrefilet'n har blitt snadderpålegg i helga ;-)

     

    Sausen eg lager til hjortesteik/biff er som følgande:

     

    Ein solid klatt med margarin som får bli brunt i panna, før ein tilsetter to ss med mel og bruner til det er så brunt, at vanleg brun saus vil smake litt brent.

    Spe på med veske, ca 4-5 dl med kjøttkraft skulle være nok. Sausen skal no vere tjukk, og den skal få koke i 10 minutt ca.

    Tilsett så eit beger seterrømme, 4 - 5 gode sneier med god brunost, 3 knuste einebær, grovkverna pepar og salt. Det heile skal få kose seg i 10 minutt ca, så er det klart til servering :wink:

    Ein kan sjølvsagt tilsette både sopp og løk, dersom ein ønsker det ;-)

     

    Etter ein har fått i seg ein god porsjon av denne sausen, med dertil mengder kjøtt og anna tilbehør, skal ein ikkje rekne med å få gjort noko særlig på fleire timar :mrgreen:

  17. Ok, nordic-fløyta blir ikkje kjøpt, takk for tips ;)

    Ein kompis anbefalte meg Verminator syco tweety, så den er bestilt og kjem i løpet av neste veke.

    Men eg blir anbefalt Crit'r Call, eg vil også bestille meg ein av desse, men de blir nemnt både standard og pee wee. Kva fløyte meiner de eg burde satse på? Kunne sjølvsagt kjøpt begge to. Men det kan vere greitt å lære meg å beherske eit par lokker, før eg utvider og kjøper meg ørten stk :oops:

    Så standard eller pee wee?

  18. Tidligare har eg jakta rev ved åtejakt, eller eg har ramla over rev på hjortejakt.

    Lokkjakt på rev verkar spennande og eg vil prøve dette i vinter.

    Hvis eg kjøper filmen - lokkjakt på rev (den svenske som blir anbefalt) og den fløyta som heiter nordic predator, har eg det som trengs? Er det fleire fløyter eller filmer/bøker eg bør ha?

     

    Arnfinn

×
×
  • Create New...