Jump to content

magnum_mauser

Members
  • Posts

    886
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    11

Posts posted by magnum_mauser

  1. Sitte i enden av ei myr i kjipt, vått og bratt vestlandstereng og lokke på ein brølande bukk som brått kjem som eit lokmotiv ut på myra i andre enden. Der er mangen fine situasjoner og opplevelser ein kan få på jakt. Men akuratt det og jakte på grov bukk i brunsten er det som står mitt hjerte nermast. Samt det og sitte i ein båt i januar. Det er stilt på sjøen, sol og masse snø. Ein tøffer sakte mellom holmer og skjær, og brått dukker det opp eit selhode! Det er også idyll :wink:

  2. Støtter Dachs her. Det er litt halvkomisk/tåpelig og sjå når enkelte går ut med høge kneløft og prater med veldig store ord, om korleis ting og tang skal være. Dei innlegga der det skrikast høgast, bærer også preg av att forfatteren bak desse store orda, er kanskje ikkje den mest mest jakterfaring bak seg heller. Og da blir det til att dei som gjerne har noko konstruktivt og komme med, dei velger og halde kjeft, fordi dei orker/gidder ikkje å bli moralisert av personer med nylig avlangt jegerprøve og stort mot.

  3. Eg har i mangen år vert fanatisk mausertilhenger, noko som eg fortsatt er. Det er noko heilt spesielt med eit custombygg med ei skikkelig M98 kasse som basis. Ingen over, ingen ved siden :wink: Men omstillinga fra gammalt smeltejern til hypermoderne tysk ingeniørkunst, gjekk da skremmande lett for min del. Men det er lett og lage teoretiske problemer ved eit produkt, dersom ein på død og liv vil!

     

    Men dette skulle jo egentlig ikkje diskuterast meir, det var jo ikkje ein for/mot blaser diskusjon, det har moderatorer vert inne og sagt ørten ganger no. Klarer ikkje folket og halde internasjonalt kjeft? :shock: Dykk er jo være en det verste av kvinnfolk jo :!:

  4. Bruker normalt så lite vann som råd er på slakt. Men dersom det er gått eit skudd i vomba, eller spiserøret er avskutt, så pleier eg bruke så mykje vann som eg trenger, for og få det skikkelig reint. Men eg passer på og sette ei vifte mot dyret, slik att det tørker, samt eg følger med under modning, i tilfelle der er vombinnhald igjen i dyret som surner.

  5. Eg har jakta (hjort) med ymse kaliber fra 6,5x55 til 416 Rigby. Eg havna tilbake på 6,5x55 etter div børser i andre kalibrer. Men eg ser absolutt nytteverdien av eit kaliber med så mykje ''drep'' som råd er. Dette her skjedde med meg for nøyaktig 8 dager siden.

    Eg hadde om natta snubla meg opp på fjellet, fordi der går eit tett granfelt fra bygda og heilt på toppen av fjellet, hjorten går opp dette feltet tidleg om morran og forsvinner videre innover på fjellet. Eg satt der med min høgt elska og æra Blaser :mrgreen: i 6,5x55 ladd med 140grs Nosler. Og nosler bruker eg fordi det er den kula eg opplever som den som legger dyra raskast i bakken, eg skyter som regel lungeskudd. Eg satt da i overkant på dette plantefeltet på morra'n og lokka på ein ganske amper bukk som sto heilt i toppen på plantetfeltet og morska seg. Han hadde med seg koller, så han var ikkje så hypp på og komme fram. Og brått ser eg der kjem ein flott bukk fra fjellet, med retning på plantefeltet, han var ganske bratt i nakken og på faktene og dømme, var han ganske klar for ein real nevekamp inne i plantefeltet. Han stoppa opp 50 meter før han nådde fram i plantefeltet, eg satt på ca 80 meters hold og skaut han klokkereint i bogen, han satte fart rett på plantefeltet. Eg tenkte i mitt stille sinn att - Du skal faen ikkje inn der! Og gav han eit skudd til, dette havna også i bogen. Han fortsatte som eit lokomotiv rett inn i plantefeltet, og eg blei sittande igjen litt vanntru, og lure på kva slags superbukk eg no hadde terga på meg, som nekta og daue! Like etterpå kom der ein bukk ut av plantefeltet igjen, og eg var skremmande nær og sette eit skudd i den på rein refleks, men eg tenkte meg heldigvis om, og såg att holdninga til den karen der, tilsa ikkje eit ublitt møte med 2stk nosler. Så han fortsatte videre inn på fjellet og forsvant. Eg ringte etter bikkje og dei kom ca 1 time etterpå. Etter det siste skuddet eg satte i bukken, fortsatte han 100 meter innover plantefeltet, før han snudde og gjekk rett oppover, nesten 150 meter før han la seg. 1 skuddet råka han i overkant av hjertet, litt av hjertet var treft, og alle blodårer til hjertet var klipt rett av, og det var gjennomskudd. Skudd nr 2 hadde gått rett gjennom lungane på han, også gjennomskudd.

    Eg har lenge hatt planer om att løpet i 6,5 skulle bli brukt til bøjakt/måneskinnsjakt samt anna småvilt, og så skulle eg ha ei pipe i litt grøvare kaliber til fjelljakt på hjort, samt elg og anna storvilt. Men eg hadde egentlig lagt det litt på is, pga eg hadde gjort meg opp den meining att 6,5 duger egentlig meir en nok. Men den bukken der gav meg ein liten lærepenge. Eg er fortsatt hellig overbevist om att eit marginalt kaliber er nok, MEN det kan føre til att dyret raser så langt etter skudd, att du må ha hund for å finne det igjen. Og den klumpen i magen du får, mens du sitter der og venter på bikkja, den er vond.

    Skaut forøverig ein spissbukk forleden kveld i måneskinnet på 50 meters hold. Klokkereint skudd med han satte avgårde som om ingenting hadde skjedd. Klok av gammal skade sendte eg eit nytt skudd i han :oops: Men det var jo heilt unødig, og det ressulterte jo berre i ein skamskutt bog.

    Eg er hellig overbevist om att dersom eg hadde sumla meg til og kjøpe det løpet eg hadde tenkt i 8x57 og sendt ei 196 grns i bogen på den store bukken, og hvertfall om han hadde fått nr 2, så hadde han ikkje klart det lange utraset. Og eg hadde spart meg eit ettersøk, og påfølgande angst, som gjorde att eg skaut på ein fjordbukk slik att han såg ut som ein sveitserost :oops:

  6. Eg skjønner frustrasjonen til fleire som skriver her. Det er forunderlig att det aller meste kan diskuterast opp og ned i mente her på forumet, og diskusjonane er saklige og alt er fryd og gammen. Men med ein gang ein skal diskutere blaser, da går alt i vranglås for enkelte. Nokon får hetta fordi andre liker blaser, mens nokon som har blaser, blir fornærma fordi ikkje andre liker den. Og til slutt har vi den flokken med vidstrakt erfaring, som begrenser seg til tafsing på blaser i butikken, som bidrar i store ord for å ytligare øke nivået på diskusjonen :shock:

     

    Hvis sidste delen et tiltænkt mig, kan jeg da oplyse, at selv om jeg ikke har vovet at skyde med vidunderet, har jeg set, skild, repeteret, analyseret og observeret en hel del flere end gennemsnittet.

    Årsagen til at jeg aldrig har skudt med vidunderet, er en angst for at blive ramt af må ha sygen, eller fragmenter deraf 8)

     

    Ingen fare, siste delen var ikkje tiltenkt deg :wink:

  7. Eg skjønner frustrasjonen til fleire som skriver her. Det er forunderlig att det aller meste kan diskuterast opp og ned i mente her på forumet, og diskusjonane er saklige og alt er fryd og gammen. Men med ein gang ein skal diskutere blaser, da går alt i vranglås for enkelte. Nokon får hetta fordi andre liker blaser, mens nokon som har blaser, blir fornærma fordi ikkje andre liker den. Og til slutt har vi den flokken med vidstrakt erfaring, som begrenser seg til tafsing på blaser i butikken, som bidrar i store ord for å ytligare øke nivået på diskusjonen :shock:

  8. Der datt ein fin fjordbukk for blaser'n i natt :wink: No er eg sliten, trøtt og lei, noko som ofte blir resultatet av måneskinnsjakt. Så no er det mat, dusj og så i seng til ei varm kjærring.

     

     

    Noen ganger er det alrigth! :wink:

  9. Oppspenneren er litt hard på Blaser ja! Men når ein har lært seg og betjene den, er det ikkje noko problem, det enklaste er som Ole seier, og spenne den når børsa er på vei opp til skulderen. Eg knakk høgre tommel sist vinter da eg sto på ski, og sleit eit halvår med og spenne opp/ned oppspenneren da. Men fekk det til da også, måtte berre bruke ein litt anna teknikk :wink: Har foresten sjølv opplevd ''klikk'' da eg har vert på bana og skutt, og har vert så avslappa/sløv i bevegelsane att eg ikkje har skubbe sluttstykke heilt fram. Men på jakt, eller når ein berre er litt strukturert når ein tar ladegrep, så smeller det igjen, igjen og igjen :wink:

  10. Har skutt ein del rever med 6,5x55 med alt fra heilmantel til blyspisser av ymse slag. Såfremt du ikkje bruker mantel eller blyspiss av den meir solide sorten, så vil reven ikkje komme seg særlig langt. Ei blaut(dårlig) storviltkule med god presisjon, vil funke supert. Av kjøpeammo, så er Norma elite eit godt valg til rev. Går som regel godt i alle børser, og kula er så blaut/sprø att eg har hvertfall fått ekspansjon i dei revane eg har skutt med den.

  11. Eg kan berre anbefale deg Nikon Monach, kjøpte ein 8x42 i haust, og er kjempegodt fornøgd med den. I ditt tilfelle kan kanskje 10x42 være det rette? Billig, skarp og god optikk, vantett og nitrogenfylt, slik att den faktisk fungerer i dårlig vær, lett og godt utforma, 5 gode egenskaper til ein kikkert :wink:

  12. Härkilla sine modeller har ganske lange bein. Eg har hatt ei Härkilla extreme i fleire år, som eg blei veldig glad i, og den modellen har bra beinlengde, samt ein kan få den med ekstra lange bein, dersom det blir nødvendig. Den koster litt, men slitestyrken er upåklagelig. Buksa er trekt med skinn i forkant, så den tåler utruleg hardt bruk også.

  13. Årets hjortejakt var småtrist, gitt. Akkurat tilbake fra noen dager vestpå med null resultat for min del. Kvelds-/morgen-/måneskinnsjakta endte med null dyr på bøen, antakeligvis siden dyrene syntes været var lite kjipt som jeg syntes det var og derfor ikke var frampå mens jeg var på post, og smygjakta ga null resultat. Æ'kke lett å smyge når man får vinden i nakken etter tjue meter uansett hvilken vei man lusker. Eneste lyspunktet var at gjengen der nede har hatt bedre uttelling enn på flere år, og at det ser ut som om det er mer hjort i terrenget enn det har vært den seinere tida.

     

    Men til neste år... :twisted:

     

    Eg skjønner deg godt! Eg har hatt ei veke fri no, og siden sist helg, har eg traska i fjellet dag ut og dag inn uten utelling! Ein djævelsk sønnavind som gjer jakta i mitt tereng særs vanskelig! Men lørdags morgen løsna det endelig, ein flott bukk gjekk seg frampå, og det føltes veldig bra. Så fatt mot, til neste år ligger den der :wink:

  14. Blodslått bog er noko herk!!! Og det vil ein få okke som, dersom dyret springer etter skudd. Da spiller det ingen rolle kva kule og kaliber ein bruker, har dyret eit utras på 100 meter, blir det blod pressa ut i bogen okke som. Derfor har eg ein liten forkjærligheit for Nosler, som blir blasert litt bak i bogen, for som regel, orker ikkje dyra så lange utras etter ein nosler gjennom lungene. Men klart, ingen regel uten unntak, eg skaut ein bukk i går, som fekk seg 2 nosler strategisk plasert i bogen, men likevell sprang han ganske så langt likevell. Faktisk 150 meter rett oppover :shock: Så av og til, må ein berre belage seg på blodige boger.

  15. Eg har komme fram til att den modellen fra Härkilla, wapiti karibo eller kva den no ein gang heiter, vil være ei jakke som vil passe meg bra(den utgaven med camo). Eg tviler på att ei packlitebukse vil holde til mitt bruk, da eg bruker klea ganske hardt, da særs buksene. Jakter i eit tereng med særs mykje einer osv, og ein presser seg gjennom tette felt med einer heile dager, og skraper mot skarpe kvister osv. Så eg må finne nokon som selger meg den jakka, samt eg skal ha meg ei Härkilla extreme, den buksa med skinn i forkant, som er ei utruleg solid og grei bukse, som eg hadde for nokon år siden, og som eg har savna mykje :D

  16. Ein salong passer til det alle minste av vilt, og til treningskyting. Der finnes det mangen butikker som har tilbudspakker på greie salonger med ok sikte demper osv fra 3000 til 5000kr. Av storviltbørse, er kanskje 6,5x55 rette kaliberet for deg? Der har du eit greit småvitkaliber, samtidig som du har ei børse til storvilt. Litt kjedelig kanskje, men gode gamle 6,5x55 er eit uforskamma alsidig kaliber :wink:

    Og kor mykje penger du bør legge ut der? Det er vanskelig og seie, alt etter kor mykje penger du vil, egentlig. Mi jaktbørse i 6,5 er forsikra til 60 000,- Men det er dog ein ekte Blaser, lux til og med :mrgreen: Og eit våpen eg er veldig nøgd med, men det trenger på ingen måte og bli så kostbart.

    Der finnes mangen produsenter som leverer gode børser til ein fornuftig pris. Eg vil da slå eit slag for tikka t3, den er rimelig og presis, samt hvis du leiter, så er der ørten andre børser i eit meir fornuftig prisleie. fra 4000 til 10 000 hvis du kjøper nytt, så kan du velge og vrake mellom mykje forskjellig. Og så må du ha kikkert også, der bør ein også legge litt penger, da optikken er ganske viktig. Eg har forkjærligheit for zeiss, men det er egentlig smak og behag kva ein velger, såfremt ein velger ein av dei bedre produsentane, zeiss, svaro, khales osv. Men ei tikka t3 ligth ss i 6,5x55 med ein Zeiss conquest 3,5-10x44(eller var det 48) Da kjem du vell ca på 15 000 kan eg tenke meg. Og har fått ei god børse, du kan ha glede av i mangen år.

  17. Endelig! Etter fleire dager med misslykka jakt i skikkelig uvær, løsna det! Skaut ein 11 tagger på fjellet i dag tidleg. Men sjølv etter 2 klokkereine treff i maskinrommet, fortsatte den 150 meter rett inn i eit tett plantefelt, så eg måtte få ein kompis til og komme med hund og finne den igjen. Har sett ein hjort som har komt seg så langt etter slike treff, og i oppoverbakke i tilegg :shock: Der kom ein 12 tagger ut av plantefletet like etter eg hadde skutt denne, så der er fleire flotte dyr i terenget :D Men der minker på kvoten no, 2 dyr igjen.

×
×
  • Create New...