Jump to content

magnum_mauser

Members
  • Posts

    886
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    11

Posts posted by magnum_mauser

  1. Sjølvinnsikt er viktig, og det prøver eg å ha, eg kan dermed berre innrømme det først som sist: Eg eiger ikkje retningssans! Eg har forsøkt å trene på det gjennom eit heilt liv, men det er rett og slett håplaust dårlig, lukker eg auga og snur meg rundt 2 ganger kjapt - kan eg gå meg vill på eige gards og bruksnummer!

     

    Det er svært upraktisk når ein er jeger, men der eg jakter mykje har eg gradvis blitt kjent, og jakter eg med andre - so går det seg til. Men det som stadig skjer, er at når hausten kjem på hell, so ringer telefonen og desperate grunneigere med hjort igjen på kvoten, ringer å spør om ein kan jakte på deira områder og kanskje få skutt resten av kvota. Og i slike tilfeller merker eg at min mangel på retningssans fører til at eg jakter dårligare enn kva eg kunne gjort, når eg er på fremmede plasser, eg brukar for mykje tid med nasa ned i telefonen og sjå på kartet og forsikre meg sjøv om at eg klarer å finne vegen heim.

     

    Men, norgeskartet er på sett og vis geinalt i den forstand at der kan ein legge inn eigedomsgrenser, men meg bekjent er det ingen navigasjonsfunksjon i den appen. Norgeskartet frilufsliv skal vistnok ha navigasjonsfunksjon, sjølv om den aldri har fungert skikkelig på min telefon, men den viser sjølvsagt ikkje eigendomsgrenser.

     

    Eg leiter egentlig etter noko som  viser eigedomsgrenser, som også har ein navigasjonsfunksjon som faktisk fungerer. Gjerne noko der ein då kan legge inn ei rute langs etter grensa på eit nytt terreng og so er det so enkelt som at ein skal følge ei pil og har antall meter til det punktet - noko liknande som garmin astro når den viser deg kor hunden din er.

    Eg har ein eldre garmin, som kanskje har denne funksjonen, men det viser ikkje eigedomsgrenser på det kartet, og den garminen er so gammal og tungvint i bruk at den er i praksis ikkje brukande.

     

    Men kva blir det enklaste for mitt vedkommande, finnes der ein app som har det eg trenger, eller blir det å kjøpe ny garmin og bedre kart som må til?

  2. 11 minutes ago, Haavard said:

    Dere skriver mest om fjellsko, men jeg regner med at dere egentlig mener fjellstøvler? (Det der er vel dialektalt.)

    Hva mener dere med "lett". Skulle vært interessant å få det i tall. 

    Fjellsko, med det meiner eg nok fjellstøvler ja 😉 Desse er 650 gram og etter mine begrep er det ein relativt lett sko - basert på kva mine tidligare fjellstøvler frå crispi og treksta har vist på vekta. 

  3. @PerS Det er rett og slett absurd bratt enkelte plasser her på vestlandet! Eg hadde aldri gått opp der vi var, hvis eg ikkje hadde hatt med ein kjentmann - ein risikerer og gå seg totalt fast hvis ein drar det langt nok. Men du verden for eit nydelig jaktterreng! Glissen furuskog, akkurat passe tett og godt med dyr - eg kjem til å trivast godt her framover!

  4. Eg ser crispi titan blir nevnt. Eg kjøpte meg nye arvtakere til mine alfa bever og enda opp med titan. Dei sitter godt på foten og er merkbart lettare enn mine gamle bever - men dei er fryktelig kalde! Eg har i løpet av min jegerkarriere aldri vore kald på beina, aldri! Raggsokk eller ullfrotésokk på beina og gore tex utanpå, og har aldri tenkt på føttene og temperatur. Men det var heilt til eg kjøpte titan, då fekk eg også oppleve kva det vil seie å fryse på beina. Og skoa er ikkje for trange, so eg skjønner ikkje kvifor eg opplever dei som kalde.

  5. Eg har lenge leita etter nye fjellsko. Eg hadde som krav at dei skulle være lette, dei skulle være sopass stive at dei tåler gåing i relativt krevjande terreng - og dei skulle være so enkle å vedlikeholde som overhodet mogleg. Dei første skoa eg prøvde var Alfa orre aps. Hadde det ikkje vore for at dei skoa hadde ein idiotisk smal lest - hadde det vore dei beste skoa eg nokon gang har hatt på meg. Syntetiske og dermed omtrent vedlikeholdsfrie, dei var fjørlette, akuratt passe stive til at dei var behaglige til vanlig gåing, dei tålte tøft terreng, dei hadde ein genial sokk som gjorde at ein ikkje kunne få barnåler og anna rusk inn i skoen og dei hadde det råaste grepet på glatt underlag som eg har kjent. Men desverre var dei for smale, og føttene verka som he#¤%&%¤ - so dei vart levert inn igjen.

    Eg fekk tilbake ein rimligare modell av alfa, som også var lett og syntetisk - men so til de grader glatt at dei var livsfarlige og gå med. Dermed vart det Alfa Juvas, dei skulle ha bedre grep og breiare lest enn alfa orre, men desse var også for smale.

     

    Til slutt falt valget på Alfa walk king air, og solangt virker alt veldig bra! Dei er ikkje like bra i forhold til støtte som orre, dei mangler sokken som orre hadde og dei kunne med fordel vore 2 cm høgare. Men dei innfrir dei krava eg hadde i utgangspunktet. Men det som blir spennande for min del, er og sjå om syntetiske fjellsko holder like lenge som sko med skinn&lær. Eg er møkk lei smøring av sko - som i tillegg bruker fleire dager på og bli skikkelig tørre. So hvis Alfa klarer å lage syntetiske sko som har samme slitestyrke som lær, med alle fordelane til syntetiske materialer - kan dette bli spennande.

     

    Er her andre som har desse skoa  og som har brukt dei litt over tid - som vil dele sine erfaringer?

  6. Flott men knallhard dag på hjortejakt. Nytt terreng og der er so bratt att eg fekk høgdeskrekk ved fleire tilfeller i dag! Sneik meg bortover ei fjellside og 100 meter rett over meg, dukka der opp ei kolle som sto som ei saltstøtte og solte seg i ei evighet før ho gjekk det lille nødvendige skrittet fram. Eg gjekk med 338 win mag og vart sittande i ei skikkelig kødden stilling, med annlegg på knea og sikta som sagt temmelig bratt oppover. I det eg begynte på avtrekket so tenkte eg "dette blir vondt for oss begge" og i neste sekund so fekk eg bushnell'n i pannebrasken so det sang! Men kolla gjekk ned i smellen, pga kvist i skuddfeltet måtte eg skyte eit lavt bogskudd, so begge frambeina var skutt av i nedre del av bogen, hjertet var pulverisert. Resten av dagen gjekk med på å få slaktet heim. No har eg konsumert ein diger biff og ein liten Bareksten botanical aquavit - eg kjem til å sovne greit i kveld :D

    20201206_150307.jpg

    20201206_105531.jpg

    • Like 8
    • Haha 2
  7. 12 minutes ago, Per-S said:

    Jeg har dyret hengende på kjøl, skal prøve å få bilder av innsiden senere. Jeg finner sjelden ekspanderte 9,3 kuler, men fant en fra en hjort som ble skutt skrått forfra der kulen var i nakkebeinet. Restvekt 245 gr (opprinnelig 286) og ekspandert dia ca 17 mm. Samme kule og samme ladning.

    Det skal seiast at for nokre år sia forsøkte eg å lokke ein bukk ut av eit plantefelt, men den ville ikkje forlate skjulet sitt. Plutselig kom der ein anna bukk innover den lia, i full fart mot plantefeltet. Eg stoppa den med eit bjeff og gav den eit lavt bogskudd, dvs hjerteregionen. Dyret viste ingen skuddteikn og fortsatte rett mot plantefeltet og eg gav den eit skudd til for å stoppe den, uten effekt og den forsvant inn i plantefeltet - etter 2 klokkereine treff med nosler partition i 6,5x55. Eg måtte ha ettersøkshund på plass og vi spora dyret ca 200 meter innover i plantefeltet, før det vinkla rett oppover! Der gjekk dyret ca 100 - 150 meter rett opp og la seg på toppen og der fant vi bukken liggande dau. Hjertet låg laust inne i brysthula etter første skotet, andre skotet hadde perforert begge lungene. Det er også eit tilfelle som i utgangspunktet skulle være umogleg - eit daudt dyr som sprang i bratt stigning. 

     

    So lærdommen er vell strengt tatt at på hjortejakt kan alt skje 🤔

    • Like 1
  8. Eg blir so til de grader mobba av mine heller tvilsomme bekjente, fordi eg er so fornøgd med, og glad i mine Blasere. Derfor har det gått litt sport i det å gje dei ytterligere ting å frustrere seg over, det her er siste tilskuddet - det neste blir blaser logoen brent inn i eine skinka 🤣

    20201201_182125.jpg

    • Like 5
    • Haha 1
  9. Eg er einig med deg i forhold til pris, eg hadde aldri kjøpt til noko som nærma seg veil pris, aldri! Men hvis den er på høgde med, eller nærme f.ex ein swaro el, då har eg gjort eit kodt kjøp. I tillegg har eg då noko som ikkje alle andre har, og eg er blitt so gammal og sær at det i seg sjølv har ein viss verdi 🤣

  10. 3 hours ago, vannebo said:

    Mange her som har fått montert høydejusterbar kinnstøtte på BBF 95/97 eller D99? Blir 95% av tia brukt med en micro på så lurer på om jeg skal få montert etter Jul. Type kalix CR2 e.l. som er kjapp å justere.

    Veldig fornøgd med calix!

    20200902_143241.jpg

  11. Eg har fått eit svært godt tilbud på ein blaser primus 8x30. Dei eg har snakka med som har kikka gjennom desse, seier at dei er fult på høgde med f.ex swarovski el 8x32 - men den er for dyr. Dette er folk som er tilknytta våpenbransjen.

     

    Eg får denne kikkerten til ein pris som ligger nærmare swarovski CL  enn EL, og har igrunn bestemt meg. Men er her nokon som har testa desse og vil dele sine tanker - hadde eg satt stor pris på det. 

     

    Dei som aldri har sett gjennom desse, men synes Blaser er teit, og kan holde seg til gardenakoblinger, trenger ikkje svare. Eg er ute etter faktiske erfaringer, ikkje synsing.

  12. Ein dag med godvær siste tida, nysnø attpåtil. Eg fekk tommelen opp frå ØKH til å stikke til fjells den morgonen - og det viste seg å være lurt. Denne bukken sto so fint med breisida til, oppå ein liten topp, i perfekt horisont - kulenedslaget hadde blitt i nabobygda 🤐 So eg forsøkte å gå rundt den, men den var sporlaust forsvunne. Eg gav opp og gjekk tilbake til der eg kom frå, med intensjon om å gå dit eg opprinnelig hadde planlagt å gå. Og plutselig kom bukken travande over myra, kor den kom frå begriper eg ikkje. Eg slengte meg og fekk stoppa den med eit bjeff, skotet sat litt høgt so han gjekk rett ned i smellen - ein nydelig dag på fjellet.

    20201120_101858.jpg

    • Like 4
  13. 29 minutes ago, Swift said:

    Jeg synes jeg blir sittende for høyt på Fauna sekkene og mange andre. Endte opp med Bergans, den er litt lavere, ikke stubbelav, men bedre å skyte fra. Bra med lommer og virker til å være bra kvalitet. Hadde kjøpt den samme igjen...

    Korleis er den når det gjelder beskyttelse av våpenet? Skulle gjerne hatt meg ein stolsekk, men dei to eg har hatt (billigvarianter), der har ikkje sekkane vore tilstrekkelig polstra - slik at våpenet har fått slag og merker.

    • Like 1
  14. 20 hours ago, Per-S said:

     

    I 9,3 har jeg vært svært fornøyd med gammel Alaska med stålmantel, og senere med Lapua Mega. Derfor har jeg ikke prøvd seriøst med kobberkuler der.

     

    Eg ser du også har erfaringer med 9.3 (x62?). Hvis du setter dine erfaringer opp mot kvarandre på 9.3 og 338, med tanke på kvalitet på slakt og effekt i viltet - kva er dine tanker rundt det? No speler kulevalg sjølvsagt ei rolle her, men det kunne vore interessant og høyrt kva erfaringer du har gjort deg.

  15. 30 minutes ago, Per-S said:

    Andre kobberbaserte kuler har jeg prøvd uten å få god nok presisjon til at jeg ville bruke dem på jakt.

     

    Innbefatter dine erfaringer med dårlig presisjon også ttsx? Det er uansett ei interessant erfaring, for min erfaring med kobberkuler er generelt det motsatte, i kaliber 30, 9.3 og 416 har  dei har gitt særs god presisjon.

     

    Eg gambla og kjøpte 4 pakker med barnes vor-tx til 338'n til grei pris - uten å ha testa dei først. Det blir julafta hvis eg erfarer at dei samler som ei hagle med halv trangboring 😂

  16. Er i utgangspunktet ikkje glad i lette kuler og høg hastighet, då min personlige erfaring tilseier at det er det motsatte som gir finaste slakta og korte utras. No er ikkje 225 grns veldig lette kuler i 338 win mag, men ein del hastighet er det jo - samanlikna med 9.3'n min og 18,5 grams kuler. Og når eg fekk mine klamme hender kring ei ubrukt pipe i 338 win mag, so var det ein knallpris på nevnte 225 grns ttsx som vart den tilgjengelige ammunisjonen. 

     

    Men er det nokon her inne som har testa denne kula, eller tilsvarande kule i 225 grns i 338 og har gjort seg erfaringer om korleis slaktet blir, er det f.ex mykje blodslått?

  17. 28 minutes ago, Sakoen75 said:

    Den har eg brukt i fleire år og eg har vore fornøgd. Det skal seiast at den blir litt voldsom på veldig korte hold, men utover det har den fungert veldig bra frå 50 til 250 meter.

    • Like 2
  18. 11 minutes ago, Stefflus said:

    Ja så lenge de har gått gjennom noen dunker først, er ekspandert og liten restfart bør det gå an å spare noe vann.

    Et negativt resultat er også et resultat, f.eks ei kobberkule som suser gjennom og blir borte.

    Jeg så noen kuler ble borte for Harrell, men han bruker bare ribbe, appelsiner og ribbe for å simulere dyr.

     

    Europris, sier du? Mange takk, da skal jeg prøve selv i nær fremtid.

    20 kr pleddet på jysk b.la 😉

×
×
  • Create New...