Jump to content

magnum_mauser

Members
  • Posts

    886
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    11

Posts posted by magnum_mauser

  1. 6 hours ago, Stefflus said:

    Eller "The new and improved fleece bulletstop" som Paul Harrell bruker.

    Vil det der fungere til ekspanderande kuler i storviltkaliber? Eg har ørten gamle pledd liggande, og utover det er dei nesten gratis på f.ex europris. Betydelig meir lettvint enn å drakse med seg ørten kanner med vann for å teste litt kuler 🤔

    • Like 1
  2. Det har vore ein haust med mykje fine opplevelser og like mykje fortvilelse og forbannelse 😂 Eg begynte veldig bra og skaut fleire dyr på smygjakt der dyra vart skutt på avstander frå 20 til 50 meter. Men so hadde eg ein lengre periode der eg støkka ut so mykje dyr at det gjekk på psyken laust! Gjenntatte turer der eg oppdaga hjorten ETTER den oppdaga meg - og då veit ein korleis utfallet som regel blir. Men so løsna det og ei fjordkolle eg hadde skremt på i halanna veke måtte bite i graset til slutt.

     

    Eg har trent mykje siste åra på "uformell" skyting med 22lr på små mål som knuste leirduer på avstander frå 20 til 100 meter, og berre jaktrelaterte skytestillinger - dvs ikkje liggande. Og det har vore veldig konstruktivt med tanke på jakta. I år har eg ikkje skutt eit einaste skudd på jakt liggande, men sittande, kneståande og ståande med skytestokk - og treninga har gjort meg mykje meir komfortabel.

    Det var forøvrig kjekt å reise på jakt med nye blaseren, og ha eit lettare og smidigare alternativ til den den andre blaseren med kkc stokk - den blir brukt til postjakt heretter.

    Og kombinasjonen 9.3x62 og nosler partition viste seg å være ein framifrå kombinasjon. Dyra gjekk rett ned i smellen og slakta såg veldig bra ut.

     

    Legger ved nokre bileter frå hausten solangt.

    20201021_115622.jpg

    20200920_134459.jpg

    20200920_093829.jpg

    20200916_202247.jpg

    20200915_065727.jpg

    20200912_193431.jpg

    20201028_103305.jpg

    • Like 10
  3. Eg lada tidligare barnes tsx i 9.3x62 til 740m/s. Og etter kva eg har forstått, so skal ttsx ekspandere raskare enn tsx (her får folk med betre kompetanse arrestere meg hvis eg tar feil). Og eg skaut hjort med denne kula opp til 220 meter og hadde aldri problem med manglande ekspansjon. So for meg høyres dette rart ut, då du har merkbart bedre utgangshastighet enn kva eg hadde.

  4. Eg har begge deler. Og som skaubjønn skriver, so liker eg å kombinere min x10 med ein skytestokk på smygjakta for å få bildet rolig. So i slike situasjoner er nok ein x8 eit bedre valg. Men til jakt der eg sitter og skal leite fram hjort i tett vegetasjon er x10 super. 

     

    X8 er nok eit bedre allround alternativ - hvis du ikkje skal bedrive mykje spotting.

  5. I desse corona-tider får ein prøve og tenke langt fram og på noko positivt. Eg har økonomi til - og foreløpig tid til å realisere ein jakttur. Men med små barn i hus og fleire på veg, so må ting planleggast og bestillast snart - hvis ikkje renner det ut i sanden. Og mange operatører har no gode tilbud der ein bestiller og får reise når det passer (pga corona).

     

    Det ultimate hadde vore bøffel, det er det eg alltid har drømt om. Men eg har ikkje det våpenet eg ønsker og ha på ei slik jakt - og 100 000,- +++ har eg økonomi til, men det er feil tidspunkt i livet for å bruke so mykje penger på sjølvrealisering.

     

    Men bjørn står også høgt på lista og det er lettare å forsvare prisen på bjørnejakt. 

    Men eg er ingen troféjeger, det eg er ute etter er opplevelsen, det og ha skutt ein bjørn og det og oppleve noko anna enn å klarte i vestlandslier og drukne i vestlandsmyrer på hjortejakt.

     

    Om det blir posteringsjakt plager meg heller ikkje, då eg forbinder jakt med beinhardt arbeid her heime, og derfor har eg ingen behov for at jakta må være eit blodslit for at eg skal føle at det er skikkelig jakt. Men eg har lest om bjørnejakt på søppelfyllinger og det verste var om jakt på bjørner som var dopa, slik at jakta vart enklare - eg er ikkje der! 

     

    Det er i utgangspunktet brunbjørn eg har tenkt på, og eg har fått eit tilbud på ca 65 000,- for jakt i Kroatia.

    Men eg ser at dersom eg "går ned til" svartbjørn, so er prisen omtrent det halve. Og det er derfor eg prøver å finne ut om det er verdt å betale over det dobbelte for brunbjørnen? Eg bryr meg som sagt mindre om troféer, men eg vil ha opplevelsen, det å ha skutt ein bjørn - og at eg faktisk får bjørnen når eg først reiser.

     

    Er her jegerer med erfaring frå jaktreiser og bjørnejakt som kunne tenkt seg å dele sine tanker om dette?

     

     

     

    • Like 1
  6. Eg vil anbefale deg Steiner Wildlife XP 8x44. Eg har den som heiter doscovery 10x44 som er forgjengeren og i praksis omtrent samme kikkert - og eg er utruleg godt fornøgd med min! Dybdeskarpheit og fargegjengivelse som er heilt rå! Skal eg sette fingeren på noko, so må det være at eg vart litt småsvimmel og kvalm dei første gangane eg brukte den 🤢

     

    Eg hadde i alle år brukt ein Nikon monarch 8x42 og vore fornøgd med den, og det er ikkje rart heller - for ein får vanvittig mykje kikkert for lite penger om ein kjøper ein nikon. Men etter eg fekk min Steiner, har eg angra på at eg ikkje kjøpte premium kvalitet på eit tidligare tidspunkt.

    • Like 1
  7. Eg trenger hjelp godtfolk. Eg har sett etter eit løp til blaseren min, i storviltkaliber og med opne sikter. Omsider dukka det opp noko so skjeldent som ei flett ny pipe i 338 win mag, med opne sikter. Ikkje mitt førstevalg i kaliber, men når det ikkje blir produsert piper til r93 lenger, kan ein ikkje være kresen.

     

    Denne pipa tenker eg då og kombinere med lux'n eg har, med ein snedden liten kikkert. Då blir børsa ca 3,5 kg (isj), snasent til skogsbørse og der ein ellers har lange dager med børsa på ryggen.

     

    Eg har ein bushnell ultra legend hd 1 75-5x32 liggande ny i eska som eg setter på pipa i første omgang. Den fungerer greit, det er lite, relativt lett, klår og skarp nok til jakt på dagtid og det er veldig god augeavstand, noko som er vesentlig på ei 338 win mag på ca 3,5 kg, men det har begrensinger. Eg liker ikkje retikkelet, som er eit ultratynt duplex. Eg har heller ikkje 100% tillit til det mekaniske i eit sopass billig sikte, so dersom eg i jaktsituasjoner skal skyte på lengre hold enn planlagt, vil eg ikkje våge og stille på siktet, og til slutt so er spennet på forstørrelsen ikkje allverden, blir det skudd på lengre hold synes eg x5 er litt snevert.

     

    Drømmesiktet (sett vekk frå ein litt for kort augeavstand) hadde f.ex vore ein z8i 1,7-13x42 med ballsistisk tårn. Men eg må bruke fornuften og tenker at ca 10 000 er det eg tenke å bruke - er open for å kjøpe brukt.

     

    Men eg har kjøpt ein montasje med ringer som er 25,4 mm for å kunne sette på bushnelen, og alt til blaser er idiotisk dyrt, inkludert montasjer - so det må bli eit sikte med samme mellomrør, men som generelt yter litt bedre enn det eg har. Eg ser etter noko med:

     

     - Gjerne litt større spennvidde på forstørrelsen.

     

     - Eit meir fornuftig retikkel eller opplyst retikkel/prikk.

     

     - Litt større objektiv, slik at ein hadde hatt ein sjanse i skumringa hadde vore ein fordel, men ikkje nødvendig f.ex 40 eøøer 42 mm.

     

    - ballistisk tårn er eg blitt veldig glad i, men ikkje eit must.

     

     - det må være god augeavstand 

     

     - budsjett ca 10 000,-

     

     - mellomrør på 25,4 mm

     

     

    Nokon tips etter kva eg kan sjå etter?

  8. Når eg kom over eit fletta nytt løp med opne sikter til blaser r93, då klarte eg ikkje å halde mine kjensler attende, og eg kjøpte det - sjølv om det er i 338 win mag 😂

     

    Så då blir lux'n utstyrt med denne pipa (uten demper) og ein liten snedden kikkert - snasen sak til fjell, skog og ei eventuell elgjakt. 

     

    Men i utgangspunktet har eg ein sterk aversjon mot alt frå USA, magnumbelter på patroner og stygge slakt. So kunne eg velge og vrake mellom løp til blaseren, hadde det ikkke blitt 338 win mag 😂 So her trenger eg litt råd frå garva magnum-entusiaster 😀🤫

     

    Fine slakt - minimalt med blodslått kjøtt og dyr som teikner godt for skudd, det liker eg. Ei 250 grns kule vil gjerne være eit fornuftig valg?

     

    Vil oryx bli for blaut i 338, slik at ein med fordel kan velge ei hardare kule, finnes der eventuelt ein mellomting mellom oryx og swift?

     

    Oryx er etter mine erfaringer ei god og solid kule, men relativt blaut til å  være  bonded . Swift er beinhard og eg ser ikkje poenget med ei so hard kule til jakt på storvilt her heime og vil helst unngå den.

     

     

     

     

     

     

  9. Eg har tidligare handla mykje hjå jakt og friluft men hadde ein absurd opplevelse med ein ansatt som oppførte seg so til de grader uprofesjonelt og frekt at ein skulle ikkje tru det var mogleg. Eg har fleire ganger i ettertid av den opplevelsen sett jakt&friluft selge ting eg kunne tenkt meg å kjøpt via finn.no. Men når eg ser det er den selgeren som står oppført som kontaktperson - då lar eg heller være. 

     

    I utgangspunktet ein plass som har gitt meg god service og oppfølging, men der finnes desverre skikkelig råtne epler i den korga.

  10. Som ettersøksjeger veit eg det at min oppklaringsprosent ville vore høgare dersom folk skaut skudd nr 2 og 3 hvis dei var i tvil på første skuddet. 

     

    So eg meinar du har gjort heilt rett, skyt til dyret detter eller du er 100% sikker på at du har plassert eit skudd der det skal stå.

    • Like 2
  11. 9 hours ago, M67 said:

    IKEAposer er smarte, og fine bakpå pickuper. Inni bagasjerommet på moderne, finslige SUVer tør jeg ikke det. ØKH har innvendinger, og ØKH har innvendinger mot alt det andre rotet i bilen.


    😂😂

    Her i huset har ØKH skissert følgande generelle innvendinger:

     - rev skal ikkje leggast i frysen i påvente av skuddpremie før det er avklart med ØKH.

     - organ som hjerte og lever skal ikkje leggast i kjøleskapet eller i vann på vaskerommet uten at ØKH er informert og forberedt.

     - fluesneller eller patroner - sjølv ikkje fornikla, skal ikkje på noko tidspunkt oppbevarast på nattbordet.

    • Thanks 1
    • Haha 6
  12. On 10/9/2020 at 8:27 PM, finnclassic512sc said:

    Takk for innspill! I hvilken grad har hjorten faste ruter de velger når de har hund i hælene? Er det slik at de i alle terreng har stier som de helst bruker? Kjenner litt til bandhund og bruk av dem. Løshund er mest tiltalende av en eller annen grunn. Dersom basset henger på hardt og lenge, hva er da den praktiske forskjellen til dachs, beagle og drever? Er disse alle ganske like under praktisk jakt?

    Min erfaring er at dersom hjorten ikkje har fått lukta av eller på andre måter er klar over at her er mennesker, velger dei sine naturlige trekkruter ut av eit område, dersom dei får hund etter seg - og farten er gjerne lav/moderat (basert på eigne erfaring med tjt). Men hvis hjorten merker at der er mennesker i tillegg til hunden, er det tilfeldig kor dyra går, og farten er gjerne høg.

  13. 9 hours ago, Tom90 said:

    Har lenge hatt lyst på en rifle i et litt grovt kaliber, har lest litt om 460 weatherby magnum. Er det mulig og få tak i nye rifler i dette kaliberet som ikke er ekstremt dyre? Og hvordan er tilgangen på ammunisjon i Norge?

    Eg skal forsøke å ikkje framstå som ein party pooper, det her er meint som vellmeinande råd og innspel. 

     

    Har du lyst, har du lov! Sjølv har eg 416 rigby - fordi eg hadde lyst! Men har du erfaring med rekylsterke våpen frå før? Hvis du har det, so veit du kva du går til. Men hvis du ikkje har det, vil eg anbefale deg å prøve litt forskjellig før du velger kaliber.

     

    Min erfaring er at kaliber som 9,3x62 og 375 h&h i våpen med kurant vekt og form er kaliber som dei aller fleste vil klare å handtere, dvs skyte godt og avslappa med. Men det er alikevell eit betydelig hakk opp i rekyl samanligna med normalkaliber som 6,5x55 og 308.

     

    Når ein går vidare frå 375 og opp til kaliber som for eksempel 404 jeffery eller 416 rigby, då er eg heilt i øvre grense i forhold til kva eg klarer å handtere. Og med handteting meiner eg at eg klarer å prestere omtrent det samme som eg klarer med f.ex 308'n min. Når eg skyter med grovare kaliber en dette, so klarer eg fortsatt å treffe, men eg merker at rekylen er blitt sopass merkbar at den har betydning for skytinga mi.

     

    Og 460'n er absolutt i verstingklassen det kjem til rekyl - vi snakker om migrene etter ein tur på skytebana. Ein bør vite kva ein gjer seg ut på, før ein prøver seg på ein av dei skumlaste damene i klassen 😂

     

     

    • Like 1
  14. 9 hours ago, Skaubjønn said:

    På min mobil gikk jeg nederst på siden, trykket på Theme og forandret denne. Etter tips fra moderator. 

    Takk for hjelpa, no er eg tilbake til slik det var, einaste minuset er litt sprø farger 😝

  15. Min it-kompetanse er ikkje all verden, so det er mogleg eg spør dumt no. Men korleis får eg tilgang til meldingane mine? Eg fekk ei ny melding i dag, men eg rakk ikkje klikke på varselet og vekke var den. Eg bruker mobiltelefon og den funksjonen der ei  kunne gå inn på eigen brukar og meldingarer vekke hjå meg.

  16. Løfter denne her litt. Eg rusler ofte ut etter hjorten på ettermiddagen og setter meg nærme trekkrutene hjorten bruker til dyrka mark. Eg liker å være ute i god tid og bli gjerne sittande på post i 2-3 timer, og då trenger ein eit eller anna slags form underlag å sitte på. Stolsekk har eg og synes den fungerer greit nok, hvis underlaget er greit - men den eg har behandler ikkje rifla fint. Det klinker og dunker mellom metallet på stolen og børsa, so bruker eg den, er alternativet å bære børsa i handa.

     

    Eg har også ein liten stol som eg kan feste til ein sekk, den fungerer greit igrunn, men den eg har er simplaste sort frå biltema og egner seg ikkje i blaute myrer - erfaring tilsier at ein kan få slagside 🤭

     

    Sitteunderlag hadde egentlig vore det beste, om det hadde eksistert eit sitteunderlag som faktisk var brukande. Dei i skummgummi bråker som eit helvete, og i mine terreng er det stort sett alltid lyng og då er desse i praksis ubrukelige. Eg sendte mail til ein produsent av fjellduker og spurte om det var mogleg å få ein bit på f.ex 1 x 1 meter av den tjukkaste varianten dei hadde. Den hadde blitt betydelig stillare og meir smidig i bruk enn dei stive tradisjonelle underlaga, men dei viste ingen interesse for å imøtekomme den forespørselen. Alternativt ein tilsvarande bit i grov bomull med ein eller anna vantett membran i midten - trur eg kunne blitt ein funksjonibelt sitteunderlag.

    Kanskje eit sitteunderlag av dyreskinn kan gjere nytten?

  17. No sitter du i ein jaktstige og vitringa frå deg blir mindre, men du må uansett gå fram til posten din. Og då har du satt lukta di i terrenget, og det trur eg dyra merker. Vi har som fast regel i det terrenget der vi er 2 stk som jakter hjort, at vi er maks 1 til 2 ganger i utmarka på jakt kvar veke. For sjølv om vi ikkje skremmer dyr når vi er på jakt, so sprer vi menneskelukt over alt, dyra merker det og trekker seg ut av området. So ved å gå til samme posten og sitte dag etter dag, trur ikkje eg er optimalt. Men det er min subjektive meining, det kan godt være du sitter på posten i kveld igjen og då skyter du 😉 Når det gjeld jakt er ingenting hogd i stein 🙂

  18. Vi har fått skotørker i hus, småtroll krever ymse investeringer 😂

     

    Skikkelig klamme alfa bever bruker jo gjerne 2 døgn på å bli skikkelig tørre innvendig. Eg lurer derfor på om det er innafor å bruke skotørker på jakt/fjellsko med skinn/lær? Eg hugsar at når eg kjøpte nye jaktstøvlar for mange år sidan, sa selger at eg måtte være veldig forsiktig med varme, ein skulle for eksempel aldri la sko med lær stå på golv med varmekabler.

×
×
  • Create New...