Jump to content

VestlandsJeger

Members
  • Posts

    4,237
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by VestlandsJeger

  1. Når det gjelder videosnutten so har eg ein tommelfingerregel:

    - Legge børsepipa inn på auget. Er der teikn til blinkerefleks, setter eg fansgtskot i nakke/bakhovud.

    Bevegelsane hadde både likheiter og ulikheiter med krampetrekningar, so vanskeleg å seie ut i frå det vi ser.

  2. Å Krag'en, å Krag'en.

    Berre navnet er jo nydeleg.

    Starta mi DFS karriere med krag, lenge etter at alle andre skaut med Sauer. Herleg ladegrep, men det beste er følelsen og lyden ved omlading med hurtiglader på omgang, for so å smelle igjen magasinlokket.

    "Rutsj! Klask!"

    Kragen er forresten fortsatt einaste våpenet eg har skote 50 med 5 inner på kne med:D

     

    Treffpunktforandring ved våt ammo eller låsekasse har eg også opplevd. Skaut finfelt med den. Første skot på første serien sto fint, men resten gjekk i ein strek opp venstre. Resten av seriane stod i fine samlingar i soleklar bom opp venstre.

    Har hørt at gamlekara, vis dei visste at dei skulle skyte felt i regnver, dusja kragen og skaut den inn våt. Då traff dei:D

     

    Edit: Sorry OT :oops:

  3. Å dele gode erfaringar med ei bedrift, butikk, organisasjon etc. kan like gjerne skje anonymt, etter mi meining. Sopass må dei tåle, dei brukar tross alt mange kanalar til å reklamere for seg sjølv etc.

    Skal ein derimot kritisere ein person, noko ein bør vere særedeles forsiktig med, bør det skje under fullt navn.

  4. Skyter inn et lite spørsmål angående denne classic kikkerten til Zeiss. Er dette kikkertsiktet laget i Tyskland?

     

    Skal ikkje seie det sikkert. Men sånn som eg har forstått det, ja.

  5. Trur Jakt og Friluft og har den til under 7 laken.

     

    På Villmarksmessa på Lillestrøm i vår bestilte eg ein til brodern, den vart sendt heim omtrent på dagen. Fornøgd med servicen der i alle fall.

    Håpar det ordnar seg, som det gjer det som regel dersom ein pratar litt med dei.

  6. Dette må vel nesten styret eller mods svare på.

    Men etter mi meining må det kunne gå an å diskutere navngitte aktørar, i alle fall so lenge det er komersiell buisness det er snakk om. Privatpersonar som leiger ut jakt blir litt på kanten.

    Men firma som lever av jaktformidling, utleige, jaktreiser etc må tåle sopass, so lenge det foregår på ein redeleg og seriøs måte (les: ikkje skitkasting og usakeligheter)

     

    Edit: skirveleif

  7. Vel, må innrømme jeg ikke har problemer med å jakte kråke på lange hold med sprengladet V-max. Treffer kula noe som helst av kråka, så er det human avliving. Treffer kula ikke, så slipper kråka med skrekken. Ved slike ladninger er så godt som hele kråka vitalt område, om du ikke skyter av den ene foten eller noe :)

     

    Joda, veit at varmintkuler med hastverk kan ha den effekten, spesielt på mindre vilt som kråke. Tenkte mest på litt meir solid vilt, som feks rev. Men for den del, viss du treffer kråka i eine foten... Vil det medføre human avliving? (Ikkje meint som kritikk. Eg berre spør, har ikke erfaring med dette).

  8. Sjaubjønn trekke opp ei interressant porblemstilling her. Gjekk ein tråd på det på SL i gamle dager og.

    "Rangerar du viltets moralske verdi ut i frå størrelse?"

    Enkelte syns det e greit å skyte på f.eks. rev på over 200m, men vil ikkje gjere det på rådyr. Uansett om ein kallar det jakt eller rovviltkontroll, so har rev og rådyr det same sanseapparatet, og vil føle den samme smerte ved ei skadeskyting.

     

    Men dette får vi i så fall ta i ein eigen tråd, kanskje. Har potensiale til å ta av...:D

  9. No er det vel ein grunn til at dei på jegerprøvekurset ikkje seier at det er greit maxhold med 300m på ein hjort.

    Eg ville aldri brent av gårde mot ein hjort på det holdet. Om det er skyteferdighetane eller haue mitt det er noke gale med, får vere opp til andre å bedømme.

     

    Har ingen problemer med at folk skyt vilt på dryge hold berre dei veit kva dei driv med. Men ein bør unngå å legge ut om dette til ferskare jegerar på ein slik måte at dei får inntrykk av at dette er normalt.

     

    Personleg har eg ikkje skote noko som helst på over 130m, trur eg. Håpa vel egentlig eg sleppe å strekke meg so langt over det, men det vil komme an på situasjon, og kor trygg eg føler meg på skotet.

    Syns dei avstandane ein får oppgjeve på jegerprøvekursa er greie. Ok tommelfingerreglar til ein vert dreven nok til å bedømme dette sjølv ut i frå eigne begrensingar.

  10. Fellingsavgift til staten betaler ein berre om ein feller dyr. Dette bør ikkje grunneigar ta betalt for om ein ikkje får dyr. Svært mange grunneigarar på vestlandet leiger ikkje ut hjortejakta,men brukar den sjølv og i lag med venner. Andre som er med der grunneigarane ikkje er aktive på jakt deler kjøtet med grunneigar såmm som Bukkebrøl skreiv.

    Mitt inntrykk, i alle fall her eg bur, er at dei grunneigarane som leiger ut jakta til høge prisar er berre eit lite mindretal.

     

    Mitt inntrykk og. Men denne kulturen varierar frå område til område.

    Der eg jaktar er hjortejakta ei sosial greie som tradisjonelt sett er opne for alle (so lenge ein ikkje oppfører seg som ein komplett idiot, sjølvsagt). Terskelen for å få vere med slekt og venner på jaktlaget er lav, og som regel kostar dette ingenting, laget er berre glad for å få med eit ekstra børseløp. Men ein får som regel ingen spesialbehandling, betre postar etc., dette foregår som regel ved trekking, eller folk blir fordelt ut i frå kor kjent dei er med postane osv.

    Som regel vert enten kjøtet delt mellom grunneigarar og jegerar, eller at grunneigarane får kjøtet og delar med "sine" jegerar. Grunneigarane dekkar fellingsavgifta.

     

    Andre stader igjen er det litt annan kultur. Der er det ofte mindre vald/felt, gjerne eit felt per gard. Og utleige kan vere ei god inntekt for gradbrukaren, og jakta går derfor til marknadspris. Ofte ca 5000,- per dyr, varierar om det er inkl kjøt, eller om det må betalast kilopris i tillegg.

     

    Ved eit tilfelle fekk eg til og med betalt for å jakte hjort, men det høyrer sjølvsagt til sjeldenhetane :D

  11. Ja, for all del - men du må vel innrømme at det er når de kommer med henvisning til bestandsmål og bestandsestimat (minimumsestimat) at de vinner frem med klagene...

     

    Må innrømme at eg ikkje har oversikt over alle klagene og kortid dei vinne fram, so du har sikkert rett.

     

    Her klara vel klagarane å utnytte systemet, og ikkje minst det vedtatte "føre-var" prinsippet. Eit prinsipp som i teorien vil kunne føre til underbeskatning av einkvar bestand som skal holdast stabil.

  12. Hva om en fyrer av 6,5x55 i 30-06 kammer????? :roll::roll:

    Har sett det blitt gjort også :lol::lol:

     

    John-A

     

    Har hørt om det eg og. Gav dårleg presisjon i alle fall (traff ikkje hjorten). Ellers trur eg både jeger og børse kom uskada i frå det. (det gjorde ikkje hjorten, naboposten fiksa biffen)

  13. Nei, jeg er helt enig i dette - men det er da ikke noe universell bestemmelse om at rovviltforvaltning, eller annen forvaltning, skal følge statistisk signifikante data? Det er vel heller ingen regel som sier at forskere ikke kan tillate seg å synse - det burde være klart for enhver som har lest rapportene om dødsårsaker blant skandinaviske rovdyr...

     

    At dei gjekk litt vel langt i den rapporten, kan nok so vere. Men synsing er uansett lite populært i desse kretser. Det er so mange som voktar på dei som haukar å brukar alt dei seier for det som det er verdt, at eg trur dei fleste i ei slik stilling ville ha vokta sine ord :D

     

    Akkurat, men problemet som jeg ser det, er at forskernes statistisk signifikante tall totalt overdøver både debatten og forvaltninga. Vi har faktisk et politisk vedtak som sier at lokal kunnskap skal i langt større grad hensyntas i rovviltforvaltninga. Har du lagt merke til hva som skjer når rovviltnemndene kommer med kvotevedtak som er basert på sunt bondevett? FVR, WWF og Naturvernforbundet klager med henvisning til de offisielle bestandsestimatene, og DN setter kvota etter gjeldende bestandsestimat i forhold til bestandsmål i forvaltningsplan.

     

    Det av desse nevnte organisasjonane klagar på vedtak uansett f, og med alle tilgjengelege midlar, er vel både venta og naturleg. Like naturleg og forventa som at ekstreme grupperingar på andre sida av debatten også vil klage so lenge det eksistera pels med hjørnetenner på norsk jord. Det er jo berre sånn eit demokrati fungera :D

  14. Eg er og av den formeining at ein skapleg samekniv av typen Strømeng eller andre, er eit hendig reidskap til mykje rart på tur. Kanskje ikkje ideell til nokon spesifikk oppgåve, men brukbar til nesten alt!

    Lengde og vektfordeling gjer dei jo veldig fine til å hugge ned raier og småved med.

    No har eg aldri hatt gleden av å teste ein høgkvalitets rambokniv til samme formålet, men mitt inntrykk er at tyngdepunktet ligger lenger bak mot skaftet, og derfor ikkje er like god som samekniven til dette.

    Til brødskjering, fiskesløying, sjølforsvar mot skogens dyr og andre klassiske turrelaterte oppgåver so vil eg tru at dei er ganske likestilt.

    Men so lika eg utsjånaden og opprinnelse/tradisjon på samekniven betre enn på rambokniven.

  15. Då eg lånte kle av kongen, fekk eg testa Bergans Recon Pack relativt hardt. Den synest eg funka veldig bra, i alle fall. Er vel på 120l, såbb ca. No hugsa eg ikkje om der var kompreimer på sida som ein kunne feste våpen i, men trur der skal vere bra med festemulighetar generelt sett.

  16. Jibrag, som vanleg veldig einig i mykje av det du seier.

     

    Men du veit like godt som eg at dei som utarbeida tala må forholde seg til statistiske reglar og signifikans. (Og heldigvis for det, ellers hadde vi fått mange rare resultat...)

    Som regel p<0.05 (95% sikkerhet). Det er veldig få statistikkprogram der ein kan hake av for funksjonen "sunt bondevett". I tillegg har godtar "sunt bondevett" ca. p<0.5 (50% sikkerhet), noko som ikkje vert godtatt av den vitenskaåpelige verden.

     

    Derfor kan ein ikkje forvente at forskarane skal bruke "sunt bondevett" når dei kjem med sine minumumsestimat. Det sunne bondevettet må komme når ein skal lese desse tala som det der er, nemlig absolutte minimunstal. Og det gjeld både forvaltninga og den sunne bondebefolkninga.

     

    Dersom ein ikkje klarar det, får vi fort same veksten hos rovviltet som vi har hatt hos enkelte hjortevilt siste 50 åra. Her har forvaltninga heile veien basert avskyting på sikre minimumstal, og det med god sikkerhetsmargin. Dette fordi dei var redd for å skyte ut stammen.

    Ein slik vekst hos store rovdyr er det nok ingen som er tjent med.

  17. Ein ting er kva ein tåler å lese og ikkje.

    Ein annan ting er forumreglane som interimstyret har satt for at ting ikkje skal utarte seg so mykje her som det til tider gjorde på SL. Eg meinar å minnast at det i følge reglane ikkje skal komme personangrep på Kammeret.no

     

    Det er vel ingen tvil om at det har vore litt høge kneløft i denne tråden. Og at noko av det har lukta littegrann av nevnte personangrep. Men eg er ikkje mod so det sleppe eg heldigvis å ta stilling til.

     

    Rambokniv ja... Har det ikkje. Ville ikkje hatt det om du kasta ein etter meg :D

  18. Her lukta det Tikka T3.

     

    Eller Zastava med Bushnell på dersom tryket i trådtittel ligger på "Billig".

     

    Og so er det massevis av pakkar å velge i mellom, dersom du går for eit litt meir amerikavenleg kaliber enn 6,5x55. (Howa, Remington etc)

  19. GreyGhost, eg syns spørsmålet ditt er heilt på sin plass. Har tenkt den tanken sjølv før.

     

    Fins sjølvsagt både fordelar og bakdeler med ei slik ordning slik som eg ser det.

     

    Fordelen blir at ein får ei mindre gruppe folk som skal jobbe med dette, og ein kan der med få inn noken få folk som verkeleg har peiling på dette. Altso folk som skjønnar kva vi snakkar om når vi skal argumentere og definere behov for våpen. Både dei og vi er, slik som eg ser det, tjent med at dei som arbeider med dette har betre kunnskapar om emnet enn slik det er dei fleste plassar i dag.

    Og vidare kan vi få eit skikkeleg svar og begrunningar på eventuelle avslag som er mogelege å forholde seg til.

     

    Eg er heilt einig med andre her at denne oppgåva i eit slikt system burde ligge til nokon andre enn politiet. Politiet skrik etter folk, og har andre ting å prioritere folk på, enn desse søknadane. Denne instansen måtte gjerne samarbeide med politiet når det gjelde vandel på våpensøkerar etc., men ikkje vere underlagt politiet.

     

    Men her er klart ein del bakdeler og. Lang avstand mellom søkar og instansen, på godt og vondt. Mest vondt.

    Og eg ser heilt klart faren med at ein slik instans ville legge lista noko nærmare praksisen i Oslo, enn praksisen i Ytre Lillevik, når det gjelder "strenghet".

     

    Men igjen; eg skjønnar godt tanken din, GG. Eg syns det er veldig flott at du luftar det, og eg ser ikkje poenget med å gje deg pes for at du stiller spørsmålet.

  20. Dessverre vert denne interressa og fascinasjonen for rovdyr ofte forveksla med ektreme pro-rovdyr holdningar.

    Så de ville overhode ikke bli deppa om det kom en sterk reduksjon av antallet? Mindre prosjekter mindre lønn mm.

     

    Deppa er nok eit sterkt ord. Dette er folk som er utdanna på eit meir generelt felt enn berre rovdyr. Dersom ikkje det kjem løyvingar til rovdyrprosjekt, so jobbar dei kanskje på prosjekt som omhandlar elg, storfugl, flått, huggorm, jukkapalme eller noko anna innanfor biologien. Sjølv om dei er interressert og fascinert av rovdyr, er dei framleis interressert i andre ting som kan vere like nyttig å forske på, og blir ikkje sosialklientar om rovdyra forsvinner.

    I tillegg er det vel ofte sånn at jo sjeldnare eit dyr er, jo meir midlar får det, nettopp pga sjeldenhet. Mindre rovdyr -> fleire prosjekt og meir midlar

     

    Det med underraportering/registrering skjer jo stadig vekk. SNOs fotfolk var da med her i vinter, det var 2fam.grupper av gaupe nær hverandre, og ups så ble de registrert som en.

     

    SNO har ein minsteavstand både i rom og tid for å standardisere registreringane. Det er ikkje til å unngå at av og til blir 2 registrert som 1, og 1 registrert som 2.

  21. Forskjellen? Først og fremst i prisen...:D

     

    Neida, spøk til side. Kombi er vel ei forkorting for utrykket kombinasjonsvåpen, der ein kombinerar rifleløp og hagleløp. Drilling kjem slik sett under definisjonen kombinasjonsvåpen, men forkortinga blir stort sett kun brukt om to-løpa, altso eit hagleløp og eit rifleløp.

    Den klassiske og mest vanlege drillingen har to hagleløp og eit rifleløp, men her fins ei bråte med kombinasjonar. Dette er i alle fall slik som eg ser det, fins nok mange syn på dette.

     

    Men kort fortalt, i daglegtale, Kombi: to løp, rifle og hagle. Drilling: Tre løp

  22. Og hugs for all del på ein ting:

    Det som er god latin og riktig teknikk for ein instruktør eller ein eller annan god skyttar, treng ikkje nødvendigvis passe for deg.

    Høyr for all del med interresse på alle tips og triks du får, og prøv deg fram med litt forskjellig. Med ein del prøving og feiling, og ikkje minst masse trening vil du til slutt finne den teknikken som funka best for deg.

    Lukke til!

×
×
  • Create New...