Har jakta hjort i 5 år heima på garden her på vestlandet, med igjenngrodde bratte lier.
Fann allerede ut første året at skulle eg få skutt hjort måtte det skje når hjorten var framme på åpent område, alstså bøen.
La meg på post på ettermiddagene, hjortene kom aldri utpå før det var for mørkt til å skyte. (med ein tasco 3-9x42 frå 1976 arva etter far min.) Dei dagane det var skikkeligt månelys kom ikkje hjortene utpå i det heile. (for lyst?) Bygde meg ny rifle med 2 fot demper (for å dempe munningsglimt) og kikkert som taklar dårleg lys utruleg bra. (meopta 3-12x 56 m/lys)
har til nå i karrieren skutt 10 hjortar, og alle har gått ned i smellen mellom kl 12 og 4 på natta. Men det kal og seies at eg har nok latt minst 3- 400 hjortar "gå" pga for mange usikre momenter som: urolige dyr, vondt å dømme alder, feil sort,full kvote, for langt hold, står ikkje i ønska retning, for små opningar i skydekke,tomt for batteri i kikkerten, for trøtt til å slakte,
Nattjakt er den sikraste jaktforma eg kan få til her på terrenget mitt, men det krever ein del andre ting av jegeren og våpenet enn ved jakt på dagtid.