Jump to content

Julebad og Vestlands tapas!


Mauser68

Recommended Posts

Då er årets julebading overstått, so no er gutane reine til jul.

Kvar Fredag, er det bading i det lokale badet her i bygda. Det er tradisjon heilt tilbake til den tida, då det vart dreve ut mykje skifer i bygda. Då samlast folket kvar Fredag og lauga seg, som det heiter her. Dette var fordi dei fleste ikkje hadde verken innlagt vatn på den tida, eller varmtvatn. Det er garderobe, dusj og badstu.

Siste Fredag før jul er det julebading. Då skal gutane vegast, og hvis ein har gått ned i vekt, så får ein lappe med heim til mor, om at ho må sørgje for å opprettholde matstandaren i huset, slik at gutane ikkje svelt. Eg har forresten hatt ein liten økning dei 5 siste åra, så eg har ikkje fått med meg lappe heim til mor enno. :mrgreen:

 

Tidlegare så var det standard med pølser i brød, på julebadinga. Dei siste 3 åra har eg hatt kloa i det ærefulle oppdraget å lage til julebadinga. Første året hadde eg også vanlig wienerpølse med brød, greitt nok men ikkje i nærheita av det ein kan kalle god mat. I fjor, så laga eg til Bønes Lammegrill pølse, det var nydelig, og fekk masse skryt av den. I år måtte me finna på noko som var like godt eller kanskje betre ?

 

Vel årets mat blei Vestlands Tapas. Det vart grove baguetter, som blei dynka lett i vatn, og stekt i steikeoven på 200 grader i 10 minuttar, så ein får nett ei lita hard skorpe på den. Baguettane blei kjølt ned og sneia opp i små skiver.

Så kokte eg opp 2.5 kg med hjortepølse, som eg tok skinnet av og kjølte ned. Så blei pølsa kutta opp i små skiver. Så ein boks med Sæter smør. ( skulle selfølgelig hatt Kviteseid smør, men det var tomt i butikken, og hadde ikkje tid til å farte rundt etter det.. ) Så etter ein liten diskusjon med meg sjølv, så tok eg sjansen på Bergbys pølsesennep, fordi eg ikkje har spist den på ei god stund, og pølsene er ganske salte, så er det ein fin kombinasjon.

Det var også folk som hadde med flatbrød, røykelaks, og spekelår av hjort. Så ingen skal sei at me hadde det særlig vondt. :mrgreen:

Og i år også blei det skryt av maten, ingen som lengter tilbake til sundkokte wienerpølser fullstappa av bindemiddel og krydder. Så dette lover godt til neste års prosjekt. Får vel lage ei eige eige julebadepølse kanskje ? 8)

 

Her er bildet av maten, desverre pga ein del nakne eldre gubber, så kan eg ikkje poste ut stemningsbilde av aftenen. :mrgreen:

Tapas.jpg

Link to comment
Share on other sites

  • 11 months later...
  • 2 weeks later...

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...