Jump to content

Marlin 1895 - Demontering og montering


Marlinman

Recommended Posts

I og med at ei bøylerifle har ein annan mekanisme og inneheld ein del flerre deler enn ei vanleg boltrifle så kan det vera greitt med ein HowTo på koleis ein demonterar ein slik mekanisme.

marlin--1895.jpg

 

Einaste verktøy som er naudsynt er flate skrujern i ymse storleikar. Det beste er sjølvsagt holslipte skrujern i akkurat rett storleik. Eg brukar i nøden ein Leatherman med tilhørande bits og det fungerar fint. Eit gamalt laken e.l. oppå arbeidsbenken hindrar striper i våpenet og at skruer og andre smådeler rullar på golvet.

 

1. Sjekk at kammer og magasin er tomt.

 

2. Sjekk at kammer og magasin er tomt ein gang til.

 

3. Spenn hanen (33) og opne mekanismen om lag 1/3.

 

4. Skru ut bøyleskrua (24) og trekk ut bøylen (20):

01-Skru-ut-byleskrue.jpg

 

5. Trekk sluttstykket (6) bak og heilt ut av låskassen. Plukk ut utkastaren (18):

02-Ta-ut-sluttstykke-og-utk.jpg

 

No er rifla klar for løpspuss frå kammerenden. Krav til at vital del (sluttstykke) er fjerna er også oppfylt. Om ein skal transportra rifla med sluttstykket fjerna så kan det vera lurt å setja bøylen på plass att for å verna avtrekkaren. Sett på kryssboltsikringa og spenn ned hanen slik at den kviler på kryssbolten.

 

Vidare demontering for grundig puss og vedlikehald:

6. Skru ut skjefteskrua (68):

03-Skru-ut-skjefteskrue.jpg

 

7. Trekk bak skjeftet (10):

04-Trekk-bak-skjefte.jpg

 

8. Spenn ned hanen (33). Dette er litt komplisert. Avtrekkarsperra (74) må trykkast inn samtidig som ein tek avtrekk og slepp ned hanen. Med eit grep som vist på biletet let det seg gjera:

05-Spenn-ned-hanen.jpg

 

9. Demonter slagfjøra (35). Skubb mothaldet for slagfjøra (36) sidevegs ut av inngrep med sporet i underbeslaget (92):

06-Demonter-slagfjr.jpg

 

10. Skru ut haneskrua (34):

12-Skru-ut-skrue-for-hane.jpg

 

11. Skru ut underbeslagsskrua (73) på venstre side av låskassen, rett over bøyleskrua.

07-Skru-ut-skrue-for-underb.jpg

 

12. Skru ut framre underbeslagsskrue (72):

08-Skru-ut-fremre-skrue-for.jpg

 

13. Trekk ned undebeslaget (92):

09-Trekk-underbeslag-ut.jpg

 

14. Plukk ut låseblokka (44):

10-Plukk-ut-lseblokk.jpg

 

15. Plukk ut hanen (33):

13-Plukk-ut-hanen.jpg

 

16. Skru ut skrua for patronheisen (15), på høgre sida av låskassen, rett ved sida av sikringa:

11-Skru-ut-skrue-patronheis.jpg

 

17. Plukk ut patronheisen (11):

14-Plukk-ut-patronheis.jpg

 

18. Skru ut skrua (43) for ladeportdekselet (42) og plukk det ut:

15-Skru-ut-skrue-for-ladepo.jpg

 

19. Skru ut skruene i fortrebeslaget (32), lat beslaget (30) stå som det gjer til ein har fått løyst magasinet:

16-Skru-ut-skruene-for-fort.jpg

 

20. Skru ut magasinskrua (48):

17-Skru-ut-skruen-for-magas.jpg

 

21. Plukk ut magasinskrua (48) utan å trekkja ut magasinet:

18-Plukk-ut-skruen-for-maga.jpg

 

22. Lirk magasinet ut frå løpet samstundes som ein hald magasinpluggen (47) på plass:

19-Skubb-magasinet-ut.jpg

 

23. Ta ut magasinpluggen (47) samtidig som ein prøver å unngå at både magasinplugg og magasinfjør(49) går ut i bane. Ta ut pluggen med høgre handa og lat venstre hand bremsa på fjøra:

20-Slepp-ut-magasinplugg.jpg

 

24. Trekk fortrebeslaget (30) litt fram på magasinet (45) og trekk fortreet ut og fram frå løpet (81):

21-Trekk-fortrebeslaget-fra.jpg

 

25. Ta vekk fortre (29) og magasin (45) og plukk ut tilbringaren (46):

22-Trekk-fortre-ned-og-fram.jpg

 

26. Vri magasinet med bulken opp og trekk ut magasinet.

23-Vri-magasin-og-trekk-ut.jpg

 

Då er alt klart for grundig reingjering og smørjing.

 

Ytterlegare demontering er eigentleg svært sjeldan naudsynt og krev ein del meir verktøy. Som den klåfingra personen eg er har eg sjølvsagt gjort det og, men meir om det ved eit seinare høve.

 

MONTERING:

1. Hald ladeportdekselet (42) på plass med venstrehanda og skru inn skruen (43) med høgre. Denne skruen kan det vera lurt å låsa med litt locktite. Løsnar den litt kan dekselet koma i ulage og føra til matefeil og forkiling. Einaste måten å løysa det på er å demontera mekanismen. Det er litt kjipt å oppdaga når ein skal setja seg ned på post...

Ladeport.jpg

 

2. Sett inn patronheis (11) og skru inn patronheisskruen (15):

Patronheis-og-skrue.jpg

 

3. Sett inn låseblokka (44):

Lseblokk.jpg

 

4. Sett på plass underbeslaget (92) og skru inn framre (72) (under) og mitterste (73) (venstre side over bøyleskrua) skrue.

 

5. Tre hanen (33) inn frå oversida:

Sett-inn-hanen.jpg

 

6. Sett den på plass og skru i haneskrua (34):

Sett-hanen-p-plass.jpg

 

7. Tre slagfjøra (35) på styrepinnen (40) og sett på plass mothaldet (36). Dette gjer ein ved å bruka mothaldet som ei vektstang: Sjekk at hanen er nedspent. Set mothaldet ned i sporet i underbeslaget og sjå til at fjørstyringa treffer holet i mothaldet. Spenn opp fjøra ved å pressa mothaldet framover / nedover:

Sett-inn-mothald-for-slagfj.jpg

 

8. Set på plass skjefte (10) og skru inn skjefteskrua (68).

 

9. Sett magasinet (45) på plass i fortreet (29) og tre fortrebeslaget (30) inn på magasinet. Set bakkant av magasinet /fortreet litt på skrå mot låskassen og før magasin / fortre på plass mot løpet. Når framkant av magasinet byrjar å entra på magasinfestet (50) puttar ein inn tilbringaren (46) (holet fram) og magasinfjøra (49) inn i magasinet. Press fjøra inn i magasinet med høgre neven samstundes som ein styrer med venstre. Når fjøra er heilt inne held ein den der med venstre handa og set magasinpluggen (47) på plass med høgre. (Det er omlag her operasjonen pleier å verta avbroten av eit "spjoing" etterfølgd av heftige ukvemsord...) Så er det berre å lirka magasinet inn på festet og skrua magasinskrua (48) lausleg til. Så set ein fortrebeslaget (30) nøyaktig på plass og skruar inn beslagskruene (32). Til slutt skruar ein magasinskrua (48) heilt til.

 

10. Sett inn utkastar (18) og sluttstykke (6). Sett inn bøylen (20) og skru inn bøyleskrua (24).

 

Då skulle alt vera på plass att.

NB Kvalitetssikring av framgangsmåte gjenstår. Dvs at eg skal demontera og montera etter anvisinga, så får eg sjå om det vert deler til overs.

Link to comment
Share on other sites

  • 9 months later...

Fint dokumentert, du verden så bra dette var :)

Jeg har ikke i vært i nerheten av å plukke byrsa mi så langt ned enda ;)

Men jeg skifter snart till en kamomalt plastet stock og kolbe,, det blir artig.

Jeg liker ikke å skrue mere en nødvendig, skall jeg være ærlig.. så hva sier dere til meg, skall jeg trixe på plass "happy trigger,n" sjølv eller skall jeg la en våpentekniker gjøre det? :roll:

 

MVH Niclas,

Link to comment
Share on other sites

skall jeg trixe på plass "happy trigger,n" sjølv eller skall jeg la en våpentekniker gjøre det? :roll:

 

MVH Niclas,

Går fint å sette på plass denne selv, det anbefales selvsagt børsemaker til alt som har med sikring og avtrekk å gjøre.. spesielt av litt overnervøse amerikanere. Men hos meg var det i allefall en 'drop in part'.

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...