Jump to content

Hjortejeger omkom


Guest solheimen

Recommended Posts

Ja huff slikt er forferdelig.

Eg datt sjølv to gonger på jakt i helga. Første gongen på isen over ei lita elv, stoppa akkurat på kanten av ei råk,det var heldigvis ikkje djupt der ,men dette var høgt til fjells så det kunne blitt ein kald affære. Men fy så eg slo meg. Har fortsatt vondt i eine leggen, nesten så eg lurer på om eg har fått ein brist.Eg er mørbanka i heile kroppen. Føler meg nesten litt som John McCain som ikkje klarer å løfte armane.

 

I tillegg datt eg utfor eit berg, eller galde som me kallar det. Det var mørkt og isete. Trur nesten eg gjekk rundt i lufta og landa på ryggsekken som innheldt hjortekjøt. Det var så bratt at det kunne gått skikkelig gale ,men heldigvis slo eg meg ikkje i det heile tatt! Då eg datt var eg sikker på at dette kom til å gå veldig ille og eg kan ikkje akkurat sei eg var så høg i hatten.Det var så bratt og glatt at vi fleire stader berre måtte sette oss på baken og aka oss ned.

 

Det var jo heller ikkje så smart å gå rett fra nattevakt på jakt og så komma heim berre få timar før eg skulle på neste vakt. Galskap er vel rette ordet.... og eg kjem nok aldri til å gjere dette meir.

Edited by Guest
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...