joska Posted January 22, 2015 Share Posted January 22, 2015 Lurer på om nokon kjenner til denne typen salongrifle? Beklager dårleg bilde, men telefonen min klarer ikkje stort betre enn dette... Dette er ei rifle som min grandonkel brukte til miniatyrskyting etter krigen. Våpenkortet seier kun "Dansk miniatyrrifle", og med unntak av talet "33" som er stempla på leddet på ladebøylen er det ingen merker på den. Som bildet viser har rifla fallblokkmekanisme og snellertavtrekk. Presisjonen er upåklageleg. Finishen er dårleg og både låskasse og treverk bærer preg av at dette ikkje er ekslusive greier. Eg reknar ikkje med at verdien er noko å snakke om men det hadde vore interessant å vite kven som har produsert den. Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
H.K. Posted January 22, 2015 Share Posted January 22, 2015 Schultz & Larsen matchrifle, vart etter det eg veit produsert i mellomkrigsåra. Kanskje i -33 for di børse sin del? Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
joska Posted January 22, 2015 Author Share Posted January 22, 2015 Interessant Då vart det straks enklare å finne litt meir informasjon. Eg hadde trudd at S&L la ned meir flid i tilpasningane, men det skal seiast at løpet er strøkent og presisjonen svært bra. Avtrekket er litt lett men elles veldig bra. Artig rifle å skyte med. Edit: Intersport i Bogstadveien har ei for salg for 500. Så verdien er ikkje mykje å snakke om. Forøvrig eit mykje betre bilde enn eg klarte å ta, denne er kliss lik med unntak av eit anna diopter. Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
H.K. Posted January 22, 2015 Share Posted January 22, 2015 Har leita litt på nettet, og dette er truleg ein S&L Nr. 21, 22 eller 23. Produsert mellom 1919 og 1939. Skilnaden mellom dei tre modellane er kolbefasongen. Står litt om det her:http://forums.gunboards.com/showthread.php?91753-Schultz-amp-Larsen-Matchgev%C3%A6r-Nr-3-og-Salonriffel-Nr-21. Eit betre bilde av kolben kan avgjera modellen. Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
H.K. Posted January 22, 2015 Share Posted January 22, 2015 Den frå Intersport har den tommelhylla som er nemnd i forumet eg linka til. Da er det vel snakk om nr 21? Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
joska Posted January 22, 2015 Author Share Posted January 22, 2015 Det er samme stokk som på den på Intersport sitt bilde ja. Det er også felt inn ei skinne i fortreet, her festar ein ei kule i kork (ca 10cm i diameter) som då kan justerast fram og tilbake. Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.