Jump to content

Skytetrening med luftgevær


Mauser68

Recommended Posts

Har nettopp kjøpt luftgevær, for det har eg savna lenge. Hadde et gammelt Diana lufgevær frå 70 tallet, det fekk eg når eg var 10 år gammel. Men det blei bytta vekk i ei gammel og god Aya s/s hagle for snart 20 år siden.

Så no blei det innkjøpt ei Gamo Shadow 1000, 4.5 mm med spenstige 305 m/s. Ok rifle, men eg ser klart at det skulle vært både betre avtrekk og sikte på den. Men til trening og morro skyting, så får det være godt nok inntil vidare.

 

Sist Mandag var det jenta mi på 6 år, som fekk ilddåpen med den. I dag var det jenta mi på 8 år. Det blei litt betre skyting enn sist veke. 6 åringen takla det meste bra, men fekk ikkje heilt dreisen på det. Men 8 åringen derimot, takla det heilt klart betre. Og det skulle berre mangle. Sidan eg har 3 jenter, så får eg prente inn det eg kan av skyting, jakting, fiske og friluftsliv. Så kanskje far får ein av ungenen med seg å dra hjorten i hus om ein del år. :D

 

 

Her er jentungen i ferd med å skyte sitt første skudd. Har prenta inn med å ikkje legge fingeren på avtrekkeren før at siktet er i blinken. Og å prøve å dra avtrekket forsiktigt av. Men klart litt kluss blir det i starten. Men jenta koste seg med skyting, det var ikkje det tvil om.

 

Luftrifle1.jpg

 

Her er den provisoriske skytebanen. Et par hagestoler og litt underlag, det hjelper oss i gang. Blinken er ca 10 meter unna, i ein skråning. Liten passning mellom pipe og trampoline nettet, men så langt har det gått bra.

 

Luftrifle2.jpg

 

Her er første blinken til jentungen. Skytinga gjekk alt i alt veldig bra. Ho skaut ca 25 skudd på blinkene, og dette blei resultatet. Så første runde er ikkje så aller værst. Måtte skryte kvar gong, det sa PLONG i kulefangeren.

 

Luftrifle3.jpg

Link to comment
Share on other sites

He, he, nei synst faktisk ikkje det. Var i grunn bra til å være første gongen. Men det er litt trening som gjenstår. Ho er ikkje stø på verken avtrekk eller siktet enno. Bra at du har pensla det inn i barnehage "pensumet". Eg skal nok ta et par runder med ungene framover. :)

 

Fekk forresten god Mauser`n tilbake frå børsemakeren i dag. No er det kome ein A-tec TMM5 på den, så no begynner det å ligne et eller anna her. So no skal det jaktes til helga. :mrgreen:

Link to comment
Share on other sites

Det er flott Monsen, hvis ein ikkje giddar og innvolvera ungene, så er sjansene for at dei begynner heilt med andre ting, ganske store. Klart ein del dett av lasset og får interesser for andre ting, men det kan me ikkje gjere noko med. Men ein har iallefall prøvd og gjere ein innsats for at dei skal like det. :D

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...