Jump to content

Hallo!


StordaJegern_95

Recommended Posts

Hallo! :D Eg er ny her på Kammeret og får vel presentera meg sjølv.

 

Eg heiter Fredrik, 17 år ifrå Stord i Hordaland. Eg har alltid vert interessert i jakt og det som følgjer med, og tok derfor jegerprøva i Januar 2011. Etter den tid har det blitt mange timar på internett med googling etter jakt og våpen. Det var på den måten eg fann fram til Kammeret.no. Etter mykje lesing fann eg ut at det eg hadde mest bruk for, var ei salongrifle. Da kjøpte eg mitt første våpen, ei 10 år gammal CZ Brno 452. Heile den våren gjekk med til skytetrening med 22lr på pappfigurar og blinkar.

 

Då somaren nærma seg bestemte eg meg for å kjøpa meg enda eit våpen, ei rifle til storvilt. Gjekk med ein gong inn på Kammeret.no og leste mange trådar om våpen, kaliber og kikkertar. Etter mykje lesing drog eg til nærmaste lokale våpenforhandler med ei handlelista: Tikka t3 lite SS, Zeiss duralyt 3-12*50 m/lys og Lyddempar. kaliberet blei 30-06. Rett etterpå hadde eg invistert alle konfirmasjonspengane mine på noko eg eigentleg aldri hadde prøvd før :shock: .

 

No er eg så heldig å ha slekt som kjem ifrå Tysnes (nabo øya) som eg har mogligheit for å jakte hjort på. Heile den somaren gjekk med på å gleda seg til jakta, teste og pusse rifla og selvfølgelig dagdrømme om den enorme kronhjorten eg kjem til å fella den første dagen i jakta. trur ikkje eg hadde ei einaste nett der eg ikkje drøymde om hjort. :lol:

 

Då 10 september endelig kom, var eg og bestefar min tidleg på plass i terenget. Planen var å snika oss bort til ein bakke der hjorten ofte er før det blei lyst. Akkuratt då me kjem bort ser eg dyr, hjort. når det blir lysare ser me heile åtte dyr og etter litt kviskring og peiking blir me einige om at eg skal ta ut ei einslig kolle. Eg legg meg ned og finn kolla i kikkerten, finn bogen og lar skuddet gå. Kolla går i bakken som ein sandsekk. Fin fjorskolle på 45kg. Eg har tidlegare vert med på fleire hjortefall, deriblant to bukkefall, men denne opplevinga er i særklasse den eg huskar best.

 

Den dag i dag er dette mitt einaste felte vilt, men fleire skal det bli. klarer nesten ikkje venta til 1. september då hjortejakta starter igjen etter nokre laaaaange månadar.

 

Det var litt om meg. håper å læra mykje om både jakt og våpen av folket her inne på kammeret, og kanskje lære andre noko av mine eigne erfaringar etter kvart. :D

 

-Fredrik

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...