Jump to content

StordaJegern_95

Members
  • Posts

    6
  • Joined

  • Last visited

About StordaJegern_95

  • Birthday 05/23/1995

StordaJegern_95's Achievements

Rookie

Rookie (2/17)

  • First Post
  • Conversation Starter
  • Week One Done
  • One Month Later
  • One Year In

Recent Badges

0

Reputation

  1. Ja, du kan jakte småvilt aleine etter fylte 16 år. Kva våpen du jakter med har ingenting å sei. Bare å fyre laus
  2. Med tanke på mørningsprosessen og flue. er meldt rett under 20 grader og da skal den jo bare henge i litt over 2 døgn. Eg ha selv lyst til å begynne jakta den første september med tanke på fullmåne og heile pakka, men jaktlaget er (desverre) eit demokrati Hjort er det foresten nok av her borte, så er ikkje noko problem å få tak i den
  3. Uff! blir sein jakt-start på meg i år . på grunn av varmen som er meldt har jaktlaget bestemt å utsetta jata nokre veker. kjipt, men sånn er det. Me får satsa på litt kaldare vær framover Fekk foresten 4 dyr på 4 mann i år. Ein bukk, ein spissbukk, ei kolle og ein kalv. Det går ein skikkelig stor bukk i terrenget for tida, men denne har me freda. Er ikkje mange igjen på denne størrelsen (12-14 taggar). Hadde også ein artig opplevelse med denne hjorten for nokre veker sidan. Var på tur i terrenget for å sjå da eg plutselig høyrte ein lyd. Eg stoppa heilt opp og høyrte. plutselig var det noko som skvatt til inne i skogen 30m framfor meg og for over ei elv så steinane spruta. Sat meg ned på ein stein for å venta litt då hjorten plutselig ''gjødde'' mot meg. tok då fram mobilen og opna lokke-appen til njff. Hadde ikkje særleg trua på den, men prøvde meg no litt fram. Hjorten svara og kom tilslutt nærmare, før den stakk av igjen. lokka den inn på 20m fleire gonger men den kom liksom aldri heilt fram slik at eg fekk auga på den. den sto nemlig bak ein haug, inni tett skog. Seinare såg eg også ei einslig, lita fjorskolle. Skal vedde mykje på at bukken kjende lukta av meg da det var dårlig vindretning. er det foresten vanlig å lokke til seg bukk i sommarferien? kjenner at jakta nærmar seg no og at det bare blir vanskligare og vanskligare å konsentrera seg på skulebenken
  4. Ja, du kan jakte på småvilt med både rifle og hagle når du er 16 år. skitt jakt
  5. Takk for det Ja, no blir det tur til skytebanen i morgon for å ta skyteprøven. etter det er det bare å vente
  6. Hallo! Eg er ny her på Kammeret og får vel presentera meg sjølv. Eg heiter Fredrik, 17 år ifrå Stord i Hordaland. Eg har alltid vert interessert i jakt og det som følgjer med, og tok derfor jegerprøva i Januar 2011. Etter den tid har det blitt mange timar på internett med googling etter jakt og våpen. Det var på den måten eg fann fram til Kammeret.no. Etter mykje lesing fann eg ut at det eg hadde mest bruk for, var ei salongrifle. Da kjøpte eg mitt første våpen, ei 10 år gammal CZ Brno 452. Heile den våren gjekk med til skytetrening med 22lr på pappfigurar og blinkar. Då somaren nærma seg bestemte eg meg for å kjøpa meg enda eit våpen, ei rifle til storvilt. Gjekk med ein gong inn på Kammeret.no og leste mange trådar om våpen, kaliber og kikkertar. Etter mykje lesing drog eg til nærmaste lokale våpenforhandler med ei handlelista: Tikka t3 lite SS, Zeiss duralyt 3-12*50 m/lys og Lyddempar. kaliberet blei 30-06. Rett etterpå hadde eg invistert alle konfirmasjonspengane mine på noko eg eigentleg aldri hadde prøvd før . No er eg så heldig å ha slekt som kjem ifrå Tysnes (nabo øya) som eg har mogligheit for å jakte hjort på. Heile den somaren gjekk med på å gleda seg til jakta, teste og pusse rifla og selvfølgelig dagdrømme om den enorme kronhjorten eg kjem til å fella den første dagen i jakta. trur ikkje eg hadde ei einaste nett der eg ikkje drøymde om hjort. Då 10 september endelig kom, var eg og bestefar min tidleg på plass i terenget. Planen var å snika oss bort til ein bakke der hjorten ofte er før det blei lyst. Akkuratt då me kjem bort ser eg dyr, hjort. når det blir lysare ser me heile åtte dyr og etter litt kviskring og peiking blir me einige om at eg skal ta ut ei einslig kolle. Eg legg meg ned og finn kolla i kikkerten, finn bogen og lar skuddet gå. Kolla går i bakken som ein sandsekk. Fin fjorskolle på 45kg. Eg har tidlegare vert med på fleire hjortefall, deriblant to bukkefall, men denne opplevinga er i særklasse den eg huskar best. Den dag i dag er dette mitt einaste felte vilt, men fleire skal det bli. klarer nesten ikkje venta til 1. september då hjortejakta starter igjen etter nokre laaaaange månadar. Det var litt om meg. håper å læra mykje om både jakt og våpen av folket her inne på kammeret, og kanskje lære andre noko av mine eigne erfaringar etter kvart. -Fredrik
×
×
  • Create New...