Jump to content

Rundsteik av hjort


Mauser68

Recommended Posts

Hadde besøk av ein god kompis i går, og han tok med seg litt matvarer og drikkevarer som berga ein ellers dårlig dag..

Kjekt å få besøk når dei har med seg alt ein skal lage til.. :)

 

Vel han hadde ei rundsteik av hjort på ca 1.5 kg, eg ba han ellers kjøpe inn tilbehør som me kunne ha til, fersk asparges, champignon, rosenkål og mandelpoteter..

 

Her er steika...

Rundsteik1.jpg

 

Laga til 2 marinader, 1 til steika og 1 til potetene med masse kvitløk i..

Rundsteik2.jpg

 

Her er steika gnidd inn med marinaden..

Rundsteik3.jpg

 

Skallet på mandelpotetene var dårlige og masse jord på dei, så eg skrelte dei.

Rundsteik4.jpg

 

Heller potetene i ein brødpose og heller marinaden oppi, så knyter ein posen og romsterer dei rundt, så marinaden blir jevnt fordelt på potetene..

Rundsteik5.jpg

 

Så svir eg av steika..

Rundsteik6.jpg

 

Og så skal den steikes med lokk til den er passelig.. Nå var det lenge sidan eg har snakka med kompisen, praten og konsumet av drikkevarer tok vekk litt av tidsfølelsen, så desverre så blei den litt oversteikt, men heldigvis ikkje så mykje at det ikkje var kjøttsaft igjen..

Rundsteik7.jpg

 

Potetene skal i steikeovnen på 225 grader i ca 20-25 minutter, må vendes og siste runden så bruker eg litt høgare temperatur og varmluft for å få litt farge på dei..

Rundsteik8.jpg

 

Nydelig kaldt duggfriskt øl, rett frå snøhaugen bak huset..

Rundsteik9.jpg

 

Steiker chamignonen i margarin og kun salt og pepper på, nydelig til nesten all mat..

Rundsteik10.jpg

 

Steika er rulla inn i aluminiumsfolie og håndduker, her er steikesjya etter steika, sosen skal lages..

Rundsteik11.jpg

 

Har i litt fløte og vann, isbiter med hjortekraft og maisenajevner...

Rundsteik12.jpg

 

Nydelig vilt tilbehør etter min smak.. Eller rett å slett passer det til det meste i grunn...

Rundsteik13.jpg

 

Sausen er ferdig, steika er skjært opp, det er klart til servering...

Rundsteik14.jpg

 

Og vips, så er middagen klar, snaddermat..Klokka blei 22.30 før "middagen" var ferdig.. Tung mat så seint på kvelden, men godt var det. :)

Rundsteik15.jpg

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...